Peterson Packaging

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Peterson (Emballasje)»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Peterson Packaging er ei emballasjebedrift i Sykkylven. Bedrifta vart etablert under namnet Emballasje AS i 1961. Første bygget til Emballasje vart reist på ein platt for fisketørking i Ullavika. Firmaet Petter Skarbøvik i Ålesund hadde skipa Ullavik Klippfisktørkeri, og hadde planar om å sette i gang med fisketørking i stor stil i Ullavika. Det vart ikkje meir enn planar på grunn av nye produksjonsmåtar som gjorde seg gjeldande innanfor fisketørkinga. I staden kjøpte bokhandlar Harald Eikenes den tre mål store tomta ved årsskiftet 1960-1961. Etter ein samtale han hadde med Jens E. Ekornes og Efschen ved Ranheim Papirfabrikk, vart tanken fødd om å skipe ein kartonasjefabrikk i Ullavika. Sykkylven Tiltaksråd var i startfasen med på å legge tilhøva til rette for verksemda.

Sykkylven var ein naturleg stad å etablere ein slik fabrikk, for her låg ein del av dei største møbelfabrikkane i landet. Til å stå for den daglege drifta vart Olav Andreassen tilsett. Han hadde tidlegare drive eigen lenestolverkstad og vore medeigar i Lenestolfabrikken Solid A/S.

Første produkta til Emballasje A/S var tilkappa massivpapp til møbelindustrien. I tillegg vart det laga kasser til meieri, landbruk og standardemballasje til konfeksjon. Det vart også sydd posar av papir for pakking av Svanemadrassar. Poseproduksjonen heldt fram til slutten av 1970-tallet.

Mot slutten av 1960-talet hadde produksjonen til møbelindustrien auka så mykje at det vart behov for utvidingar, både av bygg og maskinpark. Framover på 1970-talet heldt produksjonen fram med å auke, og då vart nye utvidingar av bygningsmassen. Nye maskinar kom også på plass. I 1972 vart det etablert eiga konstruksjon- og designavdeling.

Framleis var møbelindustrien største mottakar av emballasje, medan bransjar som landbruk og konfeksjonindustri også var stabile avtakarar. Bedrifta hadde ei eiga engrosavdeling med produkt som standardemballasje av ulike typar, papir og posar til butikkar.

I 1977 selde Harald Eikenes bedrifta Emballasje AS til Olav Andreassen og svigersonen hans, Olav Steinsvik. På 1980-talet heldt veksten innan møbelemballasje, og i tillegg var fiskeforedlingsbransjen sterkt veksande. I 1981 vart bedrifta utvida med eit nytt administrasjonsbygg. Olav Steinsvik tok over som disponent i 1983.

I første halvdel av 1980-åra vart det etablert ei eiga returpapiravdeling med levering til Ranheim Papirfabrikk som nytta det meste til gjenbruk for produksjon av papp.

I 1987 vart føretaket seld til Ranheim Papirfabrikk, ei bedrift som leverte råstoff til Emballasje AS. Ranheim Papirfabrikk var eigd av Peterson-konsernet.

I 1991 vart bedrifta i Sykkylven ISO-sertifisert. HMS-arbeidet tok då fart. Året etter vart namnet Emballasje AS endra til Peterson Sykkylven. Eit par år etter det vart det investert i ei ny stor maskin, spesielt eigna for møbelemballasje. Salskontor vart opna i Ålesund i 1996. Dette lokalet vart også nytta til samlingar for møbelindustrien.

I 1998 fusjonerte Peterson Sykkylven med Peterson Sarpsborg. Det nye felles namnet vart Peterson Emballasje AS. Hausten 1999 vart engrosavdelinga i Sykkylven seld ut. 15. september 1999 slutta Olav Steinsvik som leiar og Ole Christian Drabløs tok over for ei periode på to år. Frå 2001 har Arve Torset vore plassjef i Sykkylven. Salskontoret i Ålesund vart avvikla i 2002.

I 2012 vart Peterson Emballasje AS overteke av Pemco, og namnet vart endra til Peterson Packaging AS med avdelingar i Noreg, Sverige og Danmark. I 2016 vart bedrifta igjen kjøpt opp, denne gongen av det internasjonale emballasjekonsernet VPK Packaging.

Framleis er bedrifta sin største og viktigast kundemasse innan møbelindustrien, med fiskeri- og spesialemballasje som viktige tillegg.

Bedrifta hadde 39 tilsette pr. 1.1.2022 og i 2021 var omsetninga 112 millionar kroner.

Kjelde