Petsjenga

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Russisk-ortodoks kors avbildet på et postkort fra Petsjenga (Petsamo)
Foto: Digitaltmuseum.no/Hardanger og Voss museum

Petsjenga (ru. Печенга) eller Petsamo (finsk og svensk), frå skoltesamisk Peäccam (nordsamisk Beahcán) er namnet på landområdet rett austom riksgrensa mellom Sør-Varanger kommune i Norge og Murmansk fylke i Russland. Området er skoltesamisk frå gammalt av, og i si moderne utstrekning utgjer området austdelen av Pasviksiidaen, heile Petsamosiidaen og den vestlige delen av Suenjel-siidaen. Området kom under russisk kontroll i 1533.

Området ble fra begynnelsen av 1600-tallet til først på 1800-tallet betraktet som et felles norsk-russisk skattland, det såkalte fellesdistriktet. Fram til 1813 skatta skoltene både til Russland og til Danmark-Norge, men dei sto under russisk verdslig og kyrkjeleg jurisdiksjon. I perioden mellom 1814 og 1826 kravde heller ikkje Sverige-Norge skatt av skoltane. Området vart anerkjent under russisk jurisdiksjon ved grensekonvensjonen av 1826.

I og med Tartutraktaten i 1920 vart mesteparten av området lagt til Finland, men i 1944 vart det innlemma i den daverande Sovjetunionen og utgjer i dag hovuddelen av Petsjengskij rajon i Russland.

Kjelder og litteratur

Koordinater: 69.554315° N 31.226177° Ø