Philip Wilhelm Nicoll

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Philip Wilhelm Nicoll (1774-1838) var sokneprest i HaramSunnmøre i perioden 1813-1835. Han var fødd i Selje prestegjeld, der faren, Theodorus Bernardus Nicoll (1741-1817), var personleg kapellan for soknepresten Peter Angell. Philip Wilhelm Nicoll gjennomførte den teologiske embetseksamen i 1800, og året etter vart han personleg kapellan i Borgund. Frå 1807 var han residerande kapellan same stad, før han i 1813 vart sokneprest i Haram. Etter søknad fekk han avskjed med pensjon frå denne stillinga i 1835, tre år før han døydde. Philip Whilhelm Nicoll vart i 1810 gift med Kirstine Margrethe Leganger (f. 1775), dotter til Samuel Leganger, sokneprest i Eid prestegjeld i Nordfjord. Paret hadde ingen born.

Philip Wilhelm Nicoll var valmann for Haram prestegjeld våren 1814.

Kjelde:

  • Lampe, J. F.: Bergens stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Biografiske Efterretningaer, s. 291-292.

Eksterne lenkjer