Pitesamisk grammatikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Kart over Nordland fylke med det historiske utbreiingsområdet i Norge for pitesamisk (fiolett) og lulesamisk (raudt).

Pitesamisk grammatikk kan, som andre språks grammatikkar, delast inn i fonologi (lydlære), morfologi (lydlære) og syntaks (setningslære). Innafor lydlæra liknar pitesamisk på andre samiske språk i det at forskjellen på fonetisk stemtheit mellom «stemte» og «ustemte» konsonantar i seg sjølv kan vera vanskelig å oppfatte for mange. Forskjellen kjem vel så mykje til uttrykk i pre- og post-aspirasjon og i bruk av eventuelle glidevokalar. Den dynamiske rykket ligg generelt på første stavinga i ordet. Vokal- og konsonantlengda har ein tendens til å vera omvendt proporsjonal i ulike grammatiske former av same ordet — såkalla stadieveksling. Tilsvarande vil vokalen (diftongen) i første stavinga ofte variere artikulasjonsstad etter vokalen i neste stavinga, eller såkalla omlyd. I formlæra ber pitesamisk preg av ein rikdom av former, i og med at det finst ni grammatiske kasus i substantiva og pronomena; og verba blir bøygd i tre personar, tre tal, fire tider og fem modi. I setningslæra kan vi legge merke til at setningsstrukturen SOV (subjekt–objekt–verb) framleis er relativt vanlig, og på same måten som elles i samiske språk og i bl.a. trønder og nordnorske dialektar får vi ikkje subjekt–verbal-reversering i samband med spørjeord: Mav biena bårrá? (‘Kva hunden et?’).

Fonologi (lydlære)

Pitesamisk og umesamisk står i ei midtstilling mellom sør- og nordsamisk, i og med at begge desse har både det nordlige trekket stadieveksling og det sørlige trekket omlyd i større eller mindre grad. I forhold til den nærmaste slektningen, lulesamisk, skil pitesamisk seg særlig ut ved at monoftongane æ og å ofte blir bruka der lulesamisk har ie og oa.

Stadieveksling

Pitesamisk har til felles med lulesamisk og dei andre nabospråka i nord at konsonanten mellom rotvokalen og stammevokalen varierer mellom sterk og svak artikulasjon etter visse grammatiske reglar:

nom.sg. guolle, ‘fisk’; akk.pl. guolijt ~ gulijt, ‘fiskane’

(Det same trekket finn vi att i den sørlige naboen umesamisk også, men der berre etter lang rotvokal. Sørsamisk manglar stadieveksling heilt.)

Omlyd

Mange dialektar av pitesamisk har til felles med nabospråka i sør, umesamisk og sørsamisk, at rotvokalen i relativt mange fall skiftar etter endingsvokalen. Dette fenomenet kallar vi omlyd. Peter Steggo har sett opp ein matrise med i alt ni omlydsrekkjer og seks omlydssteg på pitesamisk.[1] Vi kan oppsummere dette med å seie at:

  • dei korte, høge vokalane i og u er uendra framom alle endingsvokalar.
  • dei høge endingane -i/-ij og -u/-uj hevar alle korte vokalar til høge (a, i > i; å, u > u); og alle lange vokalar/diftongar òg, men ikkje nødvendigvis heilt til høge vokalar;
  • ved stadievekslingstrinn III blir diftongane ie og uo forkorta og senka (ie > ä; uo > ua, uä) framom halvlåge og låge endingsvokalar.

I tabellform får vi da:

Lang rotvokal Kort rotvokal Endingsvokal
á ie uo åå a i u o  
III I–II III I–II            
á ä ie ua uo åå a i u å á a å o
e
ä e u i u i ij u uj

Merk at denne matrisen, som byggjer på Peter Steggo sin matrise, manglar det korte vokalfonemet /e/ som er inkludert i det pitesamiske fonemsystemet som skildra av Lehtiranta.

Omlyd i norsk pitesamisk

Senking ved st. III

I Qvigstads oversiktsverk De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker (Oslo 1938) finn vi blant anna formene Fiewsajaw’rē (Kartverket: Fievsajávrre/Botnvatnet) ved Rognan i Saltdal kommune; og det underliggjande gardsnamnet Fæw’sa (stadium III) ved øverenden av dette vatnet. Tilsvarande har Qvigstad Dælbma (st. III; Kartverket: Dælmma / Tverråfjellet) i Beiarn kommune og den avleidde forma Dielmanjunnē på same staden. I desse namna — både frå Saltdal og frå Beiarn — har Qvigstad registrert veksling mellom æ i sterkt stadium (st. III) og ie i svakt stadium.

Heving føre -i og -u

Qvigstad har:

Qvigstad vokalar sidetal Kartverket: samisk Kartverket: norsk kommune
Suličælbma u-i 223 Sulečielbma Sulitjelma Fauske kommune
Lūnus(a)-jǫhkǫ ū-u 225 Lønselva Saltdal kommune
Luonōs uo-ō 225 Lønsdalen Saltdal kommune
Dippun-vag’gē i-u 225 Dypenådalen Saltdal kommune
Dippunje-jǫhkǫ i-u 225 Dypenåga Saltdal kommune
Dippun-čǫhkkǫ i-u 225 Dypenåfjellet Saltdal kommune
Lu(o)nōs-gai’sē u(o)-ō 225 Lønstinden Saltdal kommune
Stǫl’pu-jǫhkǫ ǫ-u 226 Stolpåga Beiarn kommune
Stǫl’pu-jaw’rē ǫ-u 226 Stolpevatnet Beiarn kommune
Stǫl’pu ǫ-u 226 Stolpen (fjell) Beiarn kommune
Sul’lu-jaw’rē u-u 227 Holmvatn (nord for Storglåmvatnet)
Gud’dum-jaw’rē u-u 227 Langvatnet
Gud’dum-var’dô u-u 227 (fjellet mellom Langvatnet og Storvatnet)

Morfologi (formlære)

Kasus

Pitesamisk har ni kasus: Dei grammatiske kasusa nominativ, genitiv og akkusativ; dei lokale kasusa illativ, inessiv og elativ; og dei adverbiale kasusa komitativ, essiv og abessiv. Om vi reknar med den adverbiale endinga prolativ, som særlig blir bruka i samband med landskapsord, så kan vi seie at pitesamisk har 10 kasus.[2]

Substantiv

Substantiv blir bøygde i 9 kasus (el. 10, sjå ovaføre) og 2 tal (eintal og fleirtal) på pitesamisk.

Likestavings-substantiv

Nominativ og illativ eintal så vel som essiv har sterkt stadium (trinn III eller II); alle andre eintals- og fleirtalsformer har svakt stadium (trinn II eller I). Merk elles at genitiv og komitativ fleirtal er identiske (-j). Formene som er oppgjevne her er av nordlig type utan omlyd. I søraust vil ein del av formene ha til dels andre vokalar i første stavinga. Som eksempel har vi bruka riehpē (‘rev’), riejttō (‘reiskap’) og namma (‘namn’):

Kasus Mønster (-ie) (-uo) -a
Eintal Fleirtal Eintal Fleirtal Eintal Fleirtal Eintal Fleirtal
Nominativ [III]- -h riehpē riebēh riejjtō riejtōh namma namah
Akkusativ -v -jt riebēv rebijt riejtōv riejtōjt namav namajt
Genitiv - -j riebē rebij riejtō riejtōj nama namaj
Illativ [III]-*j -jta riehpáj rebijta rejttuj riejtōjta nammaj namajta
Inessiv -n -jn riebēn rebijn riejtōn riejtōjn naman namajn
Elativ -s(t) -jst riebēs(t) rebijst riejtōs(t) riejtōjst namas(t) namajst
Komitativ -jn(a) -j rebijn(a) rebij riejtōjn(a) riejtōj namajn(a) namaj
Essiv [III]-n riehpēn riejttōn namman
Abessiv -htahk riebēhtahk riejtōhtahk namahtahk
(Prolativ) [III]-k

Kontraksjonssubstantiv

Ord på -ēs

Likestavingsord på -ēs har svakt stadium og -ēs i nominativ eintal; i alle andre former har orda sterkt stadium og stammevokalen .

Kasus Mønster plassēs (‘steinblokk’) bálgēs (‘stig, veg’) ? (‘?’)
Eintal Fleirtal Eintal Fleirtal Eintal Fleirtal Eintal Fleirtal
Nominativ [I]- -h plassēs plas’sáh bálgēs bállgáh
Akkusativ -v -jt plas’sáv plas’sájt bállgáv bállgájt
Genitiv - -j plas’sá plas’sáj bállgá bállgáj
Illativ -*j -jta plas’sáj plas’sájta bállgáj bállgájta
Inessiv -n -jn plas’sán plas’sájn bállgán bállgájn
Elativ -s(t) -jst plas’sást plas’sájst bállgást bállgájst
Komitativ -jn(a) -j plas’sájn plas’sáj bállgájn bállgáj
Essiv -n plas’sán bállgán
Abessiv -htahk plas’sáhtahk bállgáhtahk
(Prolativ) -k   bállgák  
Ord på -ōj

Dessa orda har bevart -ōj i nominativ eintal i tre ord: båtsōj (‘rein, reinsdyr’), suolōj (‘øy’) og ienōj (‘morbror’); i de andre orda manglar j-utlyden: rávnō (‘rogn’), tsuobbō (‘frosk’) osv. Berre nominativ eintal står i svakt stadium, alle øvrige former har sterkt stadium. Stammevokalen i alle former utom nominativ eintal er u.

Kasus Mønster båtsōj (‘rein’) suolōj (‘øy’) rávnō (‘rogn’)
Eintal Fleirtal Eintal Fleirtal Eintal Fleirtal Eintal Fleirtal
Nominativ [I]- -h båtsōj buhhtsuh suolōj sul’luh rávnō rævdnuh
Akkusativ -v -jt buhhtsuv buhhtsujt sul’luv sul’lujt rævdnuv rævdnujt
Genitiv - -j buhhtsu buhhtsuj sul’lu sul’luj rævdnu rævdnuj
Illativ -*j -jta buhhtsuj buhhtsujta sul’luj sul’lujta rævdnuj rævdnujta
Inessiv -n -jn buhhtsun buhhtsujn sul’lun sul’lujn rævdnun rævdnujn
Elativ -s(t) -jst buhhtsust buhhtsujst sul’lust sul’lujst rævdnust rævdnujst
Komitativ -jn(a) -j buhhtsujn buhhtsuj sul’lujn sul’luj rævdnujn rævdnuj
Essiv -n buhhtsun sul’lun rævdnun
Abessiv -htahk buhhtsuhtahk sul’luhtahk rævdnuhtahk
(Prolativ) -k   (sul’luk?)  

Pronomen

Personlige pronomen

Kasus Eintal Total Fleirtal
  1. person 2. person 3. person 1. person 2. person 3. person 1. person 2. person 3. person
Nominativ mån dån sån mååj dååj sååj mij dij sij
Akkusativ muv duv suv munuov dunuov sunuov mijaav dijaav sijaav
Genitiv muv duv suv munuo dunuo sunuo mijaa dijaa sijaa
Illativ munji dunji sunji munnuj dunnuj sunnuj mijjaj dijjaj sijjaj
Inessiv muvne duvne suvne munuon dunuon sunuon mijaan dijaan sijaan
Elativ muvsste duvsste suvsste munuost dunuost sunuost mijaast dijaast sijaast
Komitativ mujna dujna sujna munujn dunujn sunujn mijaajn dijaajn sijaajn
Essiv månnan
(muvnen)
munnuon
Abessiv

Verb

Pitesamiske verb blir bøygde i tre personar og i tre tal (inkl. dualis). Som i alle dei andre ordklassane, så blir ikkje verba bøygde etter kjønn.

Tid

Verba blir bøygde i dei enkle tidene presens (eller, meir presist, «ikkje-fortid») og preteritum og dei samansette tidene perfektum og pluskvamperfektum.

Modus

Det finst fem grammatiske modus i pitesamisk: indikativ, imperativ, kondisjonalis, potensialis og optativ (konjunktiv).

Nekting

I likheit med andre samiske språk så vel som finsk og estisk, har pitesamisk eit nektingsverb. Dette verbet blir bøygd ikkje berre i person (1., 2. og 3.) og tal (eintal, total, fleirtal), men òg i tid (presens, preteritum) og modus (indikativ, imperativ og optativ):[3]

presens indikativ preteritum optativ imperativ
eintal total fleirtal eintal total fleirtal eintal total fleirtal eintal total fleirtal
1 iv ien iehp
(iep)
1 ittjiv ittjijmen
(iejmien)
ittjijmeh
(iejmieh)
1 alluv allun
(iellun)
allup
(iellup)
 
2 ih iehpien
(ehpien, ihpien)
iehpit
(ihpit)
2 ittjih ittjijtien
(iejtien)
ittjijteh
(iejtieh)
2 alluh alluten
(ielluten)
alluteh
(ielluteh)
2 ielieh iellien iellit
3 ij iepaa
(iepaan)
ieh 3 ittjij ittjijka
(iejkaan)
ittjin 3 allus alluska
(ielluska)
alluseh
(ielluseh)
 

Talord

Grunntal

0 10 lågēv[4], [5] 20 guokttelågēv[4] 30 gålbmålågēv[4] 40 nälljelågēv[4] 50 vihttalågēv[4]
1 akttá[4], ákkta[5] 11 lågēnaldneakttá[6] 21 31
2 guoktte[4] = guäktte[5] 12 lågēnaldneguoktte, lågēnaldneguäktte[6] 22 32
3 gålbmå[5] 13 lågēnaldnegålbmå[6] 23 33
4 nällje[5], näl’jje[6] 14 lågēnaldnenäl’jje[6] 24 34
5 vihtta[4], vihta[5] 15 lågēnaldnevihtta[6] 25 35 gålbmålågēvihtta[4]
6 guhta[5] 16 lågēnaldneguhta[6] 26 36
7 gietjav[5] 17 lågēnaldnegietjav[6] 27 37
8 gákttse[4], gákktse[5] 18 lågēnaldnegákttse[6] 28 38
9 åkktse[5] 19 lågēnaldneåkttse[6] 29 39

Syntaks (setningslære)

Pitesamisk har til felles med ume- og sørsamisk på den eine sida og med austsamiske språk på den andre at setningsstrukturen SOV (subjekt-objekt-verb) framleis er like brukande som SVO (subjekt-verb-objekt):

Mån biebmōv bårōv. ~ Mån bårōv biebmōv. ‘Eg et mat.’ (Ordrett: ‘Eg mat et.’ ~ ‘Eg et mat.’)

Det utbygde endingsverket i pitesamisk gjer at ordrekkjefølgja kan vera friare enn f.eks. i moderne norsk eller svensk:

Mån sitáv biergōv bårråt. ~ Mån sitáv bårråt biergōv. ~ Mån biergōv sitáv bårråt. ‘Eg vil eta kjøtt.’

Ved objektspronomen er SOV sterkt føretrekt:

Biena suv bårrá. ‘Hunden et han/ho/det.’ (Ordrett: ‘Hunden han/ho/det et.’)

Meir komplekse setningar har ein tendens til å følgje SVO-struktur:

Almatj vadda biergōv biednagit. ‘Mennesket gjev kjøtt til hunden.’

I motsetning til sørsamisk, men i likheit med lule- og nordsamisk, blir det bruka copula-verb i notid:

Sån le sábmē. ‘Han/Ho er same.’

(Samanlikn sørsamisk Dihte kaarre saemie. ‘Den karen [er] same.’)


Spørsmål

Spørsmål med innleiande spørjepronomen manglar invertering av subjekt og verbal, akkurat som i mange vest-, midt- og nordnorske dialektar:

Mav biena bårrá? ‘Kva et hunden?’ (Ordrett: ‘Kva hunden et?’)
Mav dån vuojná dålån? ‘Kva ser du i elden?’ (Ordrett: ‘Kva du ser i elden?’)[6]

Elles kan spørsmål formast med å sette verbet føre subjektet:

Ná, vuhttujen nágan buhttsu? ‘Nå — var det spor etter nokon reinar?’[6]

Fotnotar

  1. Steggo, Peter: «Omlydstabell» på bloggen Muv árbbe
  2. s. 113 f. av Lehtiranta, Juhani: Arjeploginsaamen äänne- ja taivutusopin pääpiirteet. Helsinki : Suomalais-ugrilainen seura, 1992. (Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia; 212) ISBN 951-9403-55-8 [1]
  3. «Pite Sami»Engelsk Wikipedia
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 4,8 4,9 Muv árbbe
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 5,7 5,8 5,9 Pite Saami Documentation Project, Humboldt-Universität zu Berlin
  6. 6,00 6,01 6,02 6,03 6,04 6,05 6,06 6,07 6,08 6,09 6,10 6,11 Basert på Lagercrantz, Eliel: Sprachlehre des Westlappischen nach der Mundart von Arjeplog. Helsinki, 1926.[2]