Rørtveit krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Rørtveit krins er ein skulekrins i Gulen kommune i Sogn. Rørtveit hadde lærar som arbeidde 14 dagar i kvar krins. Skulen vart lagt hjå dei som hadde store stover. Krinsen vart slått saman med delar av Svardal krins i 1924, då vart dei samla på den nye Fivelsdal skule.

Skulehus

Det vart halde skule i privathus.

Skuledagen

Gerda Nytun (f. 1913) hugsar godt eit bestemt minne frå skuletida: Ein elev måtte betala 5 øre fordi han hosta så mykje i klassen. Det var ei farsott av kikhoste som gjekk, og læraren var sikkert lei av bråket. Den tida var det til vanleg ikkje bråk i timane. Så truga læraren med at den som først laga slike ulydar måtte betala 5 øre i «mulkt». Ein av våre, som hadde temmeleg stygg hoste, måtte ut med 5 øre -pengar han ikkje hadde. Det var tilfeldig at ein større gut hadde pengar på seg og la ut. Læraren godtok dette. Eg veit ikkje kor alvorleg dette var meint frå læraren si side, men i alle høve var det mykje urettvist i skulen som aldri vart rapportert.

Nytun hugsar også at lekselæringa stort sett gjekk etter puggemetoden, og at dei måtte kunna både lese- og skriveleksa ordrett.

Skulevegen

Gerda Nytun vaks opp på Rørtveit og hugsar både omgangsskule og fast skule. Ho hugsar at den første skulestaden var i Gardvika, og seinare var det skule i Nyhopen. For å kome til Nyhopen var det langt å gå gjennom utmark, men til Gardvika måtte dei i båt. Ette kvart kom skulehuset på Fivelsdal, og det var det skule annakvar dag. Det vart lang veg då, og ungane måtte skyssast med båt. Når veret var dårleg rodde dei gjerne litt lengre slik at det vart kortare veg å gå. Ungane måtte starta heimefrå før halv åtte om morgonen for å vera framme til ni. Etter kvart vart det vedteke skyssgodtgjersle. Staten skulle betale 25 øre dagen, og kommunen skulle betala 10 øre i tillegg. Men kommunen fann ut at det greidde seg med 25 øre.

Gerda Nytun hugsar at ungane fann på mykje rart på skulevegen. Dei testa til dømes alltid isen når denne hadde lagt seg på slumpane seint på hausten, trass alle åtvaringar. Ho hugsar også at det var småkrangling og mobbing på skulevegen, men meiner det var mest uskuldig. Me fekk mange stygge utnamn slengt etter oss, og eg er redd for at me kvitterte nokså omgåande. Det har lite for seg å ta opp att det me kalla kvarandre, men eg veit ikkje om nokon som ber nag etter den tid, seier Nytun.

Lærarar

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 60.90028° N 5.00966° Ø