Rajo Møbler AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Rajo Møbler AS er ein møbelfabrikk i Sykkylven. Det var Jon Bjørgvik og Ragnar Sandnes som etablerte bedrifta i 1971 og namnet er sett saman av dei to første bokstavane i førenamna til skiparane. Fram til 1971 arbeidde både Bjørgvik og Sandnes hos Jarnes & Krokå Møbel- og Trevarefabrikk. Dei hadde då kvar for seg laga barnestolar i kjellarane sine i nokre år. Sandnes selde stolane til Austlandet og Sørlandet, medan Bjørgvik selde mest nord for Dovre. Dei kom i gang i leigde lokale i Tusvika. Dei tilsette ikkje faste medarbeidarar den første tida, men fekk god hjelp av konene sine i fabrikkdrifta. Treverket tok dei i hovudsak frå Riksheim Trevarefabrikk. Det var salongmøblar som vart hovudprodukta til Rajo, men dei heldt ei tid fram med å lage møblar for born. I denne delen av produksjonen fekk dei nytte materialane som vart til overs i den øvrige produksjonen. Den første modellen Rajo hadde suksess med var Skippy, oppkalla etter den populære kenguruen frå TV-serien med same namn. Seinare i 70-åra hadde dei også gode salsmodellar i salongane Rimi og Kari.

Rajo Møbler fekk ein grei start, og i 1975 bygde dei fabrikk i ei høgd i det kommunale industriområdet i Tusvika. Bedrifta sikra seg eit areal på 6.5 dekar av det samla industriområdet på 20 dekar. Nybygget til Rajo fekk ei grunnflate på 800 kvadratmeter.

Verksemda hadde i 1975 åtte tilsette, i 1980 var arbeidsstokken auka til 14. Fleire av desse var deltidsarbeidande. Ein periode midt i syttiåra hadde Rajo Møbler vanskar med å få tak i nok folk som kunne arbeide på fulltid. I staden nytta dei ein del av den reservearbeidsstyrken som kvinnene representerte. Det vart gjennomført fleksibel arbeidstid for desse, slik at dei kunne komme og gå når dei ville.

Etter at Bjørgvik og Sandnes pensjonerte seg kom sonen til Ragnar Sandnes, Gunnar, og Bjørn Våtmyr inn på leiar- og eigarsida.

I 2012 kjøpte Rajo Møbler opp Sandvik Møbler i Ørsta. Då hadde dei allereie ei tid hatt eit samarbeid med Sitwell i Stordal. Desse bedriftene vart fusjonerte i nyskipinga Furnia. Dei har fått lokale i det tidlegare fabrikkbygget til Hjellegjerde Møbler i Sykkylven.

Kjelde