Rallevegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Rallevegen sett nordover frå Langkås.
Foto: Roy Olsen (2017).

Rallevegen i i Midt-Telemark kommune tar av nordover frå Valenvegen ved Langkås. Han passerer gjennom sandtaket og fabrikkområdet til «Systemblokk» og følgjer Hørteåa på vestsida til den ender i Vatnarvegen ved Høgfoss. Rallevegen blei kommunal i 1985. Han er omlag 5 kilometer lang og går fyrst gjennom jordbrukslandskap, sidan skog. I 2012 blei dei fyrste 300 meterane av vegen lagt om med innkjøyring 130 meter lenger aust på Valenvegen.

Vegen har namn etter Småbruket Ralle og blei namnsett i 1988.

Ralle ligg omlag midtveges mellom Askilt og Ølsbru. Ei tid på 1800-talet var det mange plassar her, og dei kalla den vesle grenda for Ralleamtet fordi Ralle var sjølvstendig eigedom og den sentrale staden i området. Opphaveleg var Ralle husmannsplass under nordre Askilt, og er den eldste av alle plassane her oppe.

Eigedomar

  • Nr. 13: Langkås (gnr. 3/7)
  • Nr. 56: Askiltrud (gnr. 2/1)
  • Nr. 126, 128: Høgemo (gnr. 2/7)
  • Nr. 164: Skrubbemyra, «Systemblokk», produsent av prefabrikkerte betongelementer
  • Nr. 211: Ralle (gnr. 1/5)
  • Nr. 259: Kåsa (Tamburkåsa) (gnr. 2/4)
  • Nr. 313: Hegna (gnr. 1/8)

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Bøsoga, Gards- og ættesoga band IV ved Stian Henneseid. Bø kommune 1986, s. 52.


Koordinater: 59.42897° N 9.11455° Ø