Reed krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skoleplan for Breim Folkeskoler 1894. Eksemplaret til lærar Lars Reed
Foto: Foto: Nordfjord Folkemuseum

Reed krins i gamle Breim kommune var eigen krins frå 1860. Då rakk krinsen frå Kvile, Hetle og Seime i vest og omfatta alle gardar på begge sider av Storelva til og med Bø og Flølo og i øvrebygda til og med Skinlo. Reed var ein av to krinsar i Breim som hadde full lærarpost. I 1890 kom det ny krinsregulering men Reed heldt fram i same form. Frå 1895 gjekk elevane frå Sagefloten til Reed i staden for Høygardane (Dale) krins. Frå 1902 gjekk også elevane frå Flølo til Reed.

I 1949 vart Høygardane (Dale) krins slegen saman med Reed krins. I 1964 vart Årdal krins (Breim) lagt ned og elevane flytta til Reed krins.

2009 vart Reed krins slått saman med Byrkjelo krins og alle elevane går no (per 2016) på skulen på Byrkjelo.

Skulehus

Reed skule (1864–1896)

Svart-kvitt foto av eit eldre hus med torvtak.
Reed gamle skulehus. Johannes Sageflåten sit framfor huset. Han budde her ei tid, fram til han døde. - Han dreiv med lækjeråder 'kvaksalveri'. Foto: Olav Kvaale - Nordfjord Folkemuseum / Fylkesarkivet i Vestland (1926).
  • Byggeår: 1864
  • Fungerte som skule: 1864–1896
  • Anna bruksområde: Siste læraren som budde på skulen var Kristiane Glomnes. Siste tida budde Johannes B. Kvile (Sagefloten) i huset. Han livnærte seg som kvakksalvar. Kring 1940 vart skulehuset kjøpt av Øyvind Hetle. Han brukte tømmeret til å byggje seg eit bustadhus. Tomta vart solgt til Ingolf Bogstad og Breim samyrkelag.

Koordinater: 61.737587° N 6.409839° Ø


Reed skule (1896–1957)

  • Byggeår: 1896
  • Fungerte som skule: 1896–1957
  • Anna bruksområde: Bygget vart rive i 1981.


Reed skule (1957–2009)

  • Byggeår: 1957
  • Fungerte som skule: 1957–2009
  • Anna bruksområde:

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Rasmus Hole (Gåsemyr) Reed 1831 1841 Omgangsskulen
Gabriel Jørgenson Hauge Reed 1842 Omgangsskulen
Anders Torbjørnson Teiten (Stensaker) Reed 1843 Omgangsskulen
Lars Hole 1846 Reed 1846 1852 Omgangsskulen
Lars Rasmusson Gåsemyr Reed 1853 1891 Omgangsskulen
Gabriel Reed Reed 1891
Alida Eldvik Reed 1892
Anna Johansen Reed 1894
Kristiane Glomnes Reed 1895 1935
Jonas Årdal Reed 1925 1950 Concordia College Morehead 1905-11, St. Olav College Northfield 1911-12, Dakota University 1914-115, Volda lærarskule1925 Var lærar ved Volda millomskule 1919-22 og Firda Gymnas 1924-25. Klokkar i Breim samtidig som han var lærar i Reed krins.[1]
Karoline Skram Gåsemyr Reed
Kristi Myklebust Reed 1942 1945
Synnøve Myklebust Reed 1945 1983
Nikoline Hunskår Reed 1948
Jostein Henden Reed 1950 1951
Styrkår Almenning 1918 Reed 1951 1984 Skulestyrar/rektor frå 1965

Foto

Fotnotar

  1. Breim kyrkje 100 år 9. juli 1986. Utg. Soknerådet. no#. 1986. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Breim kyrkje 100 år 9. juli 1986. Utg. Soknerådet. no#. 1986. Digital versjonNettbiblioteket.
  • "Reed skule 50 år" i Ljøren. 2007. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Skriftnemnda (1989) Skulane i Breim 1739-1989.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder