Refsnes krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Refsnes krins 1861
Foto: Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Refsnes krins på Stadtlandet i tidlegare Selje kommune. Noverande kommune er Stad kommune.

Ved krinsreguleringa i 1861 strakte Refsnes krins seg frå Årvika, Ormeteig, Ervika til Morkedalen. Det var då 36 elevar. Skulestove og kost skulle haldast fleire plassar: 8 veker hjå Rasmus Pedersen Aarevik, 8 veker hjå Anders Haldorsen Dalsbø og 8 veker hjå Hans Hansen Ervik. Tilsynsmann var Nils Ferstad.

I 1923 vart det avgjort at det skulle byggast nytt hus i Refsnes krins. Grendene Ervik og Indre Morkedalen søkte då om å få bli skuld ut til eigne krinsar. Dette vart avvist av skulestyret, men elevane i Morkedalen fekk seks veker særskule. I 1924 bygde grenda Ervik sjølv eit skulehus for småskulen i protest mot at den nye skulen i Refsnes krins vart for langt unna. Der heldt dei privatskule i nokre år. Den 15. september 1924 søker oppsittarane i Ervik om fritak frå skuleskatten til Selje kommune. Skulestyret nektar dei dette sidan delinga av Refsnes krins ikkje har skjedd på ein sakleg måte.

Skulehus

Refsnes gamle skule

  • Byggeår: 1888
  • Fungerte som skule: 1888-1924
  • Anna bruksområde:

Refsnes skule

  • Byggeår: 1924
  • Fungerte som skule: 1924-
  • Anna bruksområde:

Ervik småskule

  • Byggeår: 1924
  • Fungerte som skule: 1924-
  • Anna bruksområde:

Ytre Stad grendaskule

  • Byggeår: 1998
  • Fungerte som skule: 1998-2014
  • Anna bruksområde: blir i dag brukt som bygdehus med bla. bygdekino

Årvik skule

  • Byggeår: 1925

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Olina Margreta Andenes 20.06.1895 Nordstrand, Årvik, Refsnes og Honningsvåg skular 1919, 1924 Volda lærarskule 1919 f. i Gloppen
D. Berstad 1860 Morkedalen, Årvik, Ervik 1871 1899 Balestrand lærarskule 1870
Brita Vereide 26.05.1907 Røyset, Fure, Ervik 1935 Volda lærarskule 1934
Magne Bjørndal 01.05.1918 Refsnes 1947 1948 Stord lærarskule 1947 Hadde også div. lærarkurs
Georg Bruvoll 14.10.1919 Refsnes 1945 Nesna lærarskule 1942
Oskar S. Hjelle 01.10.1900 Eltvik, Ervik, Drage, Kjøde 1923 Elverum lærarskule 1923 Var innom Ervik skule eit par gongar
Brita Honningsvåg 26.05.1907 Honningsvåg, Årvik 1934 Volda lærarskule 1934
Herman Håvik Ervik, Morkedalen, Nordpoll 1944
Hans Håvik 20.05.1904 Refsnes 1927 1929 Var vikar først, men fekk stilling mai 1946. D.20.12.1946
Eldbjørg Kvalheim 05.05.1917 Refsnes, Nordstranda 1941 1943 Volda lærarskule Måtte seie opp pga. sjukdom
Ragnar Andreas Molvik Refsnes 1945 1945 Hadde ikkje lærarutdanning. Måtte slutte då han vart skada i "Romsdals ulukka"
Rasmus Andersen Refsnes 1812 Morkedalen og vikane på Nordvest-Stadtlandet
Osmund Vereide 06.02.1920 Refsnes 1949 Volda lærarskule 1947
Mathias Vereide 22.05.1879 Refsnes 1900 Volda lærarskule 1900 Jobba også i Refsnes storskule i 1945

Foto

Arkiv

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Femårsmelding: Beretning om Folkeskolerne i Selje Skolekommune for Femaaret 1891-95. Sandane i Gloppen. Nordfjords Bog- og Accidentstrykkeri
  • Edvard Os (1957) Selje og Vågsøy - Bygdene og Bygdesamfunnet.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 62.162034° N 5.173242° Ø