Reindrift på Grønland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Reindrifta på Grønland vart etablert i 1952 ved Nuup Kangerlua (dansk Godthåbsfjorden) på Vestgrønland. Dyra vart henta frå Nordkinnhalvøya, frå Márgget-siidaen og frå andre som hadde rein innblanda der, først på september. Avtalen var at det skulle kjøpast 300 dyr, mest simler og årskalvar. John Erik Eira (30) og John Johnsen Balto (52) vart med til Grønland som reingjetarar. Reineigaren Olaf Stormo (1912–1982) frå Skjerstad, som dreiv med rein på Saltfjellet, hadde ansvaret for transporten. Reinane vart tekne ombord i «Hanne S» av Svendborg den 11. og 12. september, og skipet la ut på ettermiddagen den 12.

Kjelde

  • Hætta, Odd Mathis: Samisk reindrift på Grønland : fra utvikling til avvikling (1952–1978). Karasjok 2012.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!