Reiret

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Reiret er nemninga på den hytta som Johs. Galstad og Hans Enstad i milorg i Vågå bygde for at distriktssjefen i milorg i Gudbrandsdalen, Wilhelm Molberg Nilssen kunne dra i dekning våren 1944.

Hytta vart sett opp i ei bergkløft i Uldalen ovanfor Hamn-gardane på Selsverket i Sel kommune. Nilssen og to karar til flytta inn i hytta 8. august 1944. Dei vart verande der til den tyske opprullinga i Vågå og på Otta frå 20. oktober.

På 1990-talet vart Reiret rekonstruert og er teke vare på som eit minnesmerke over heimestyrkane sin innsats under andre verdskrigen.

Kjelder