Rennebu Idrettslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Rennebu Idrettslag vart konstituert 9. desember 1945 ved at dei sju idrettslaga som da fanst i Rennebu kommune vart slegne saman til eitt. Laget reknar likevel historia si attende til 1905, da det første organiserte laget, Rennebu skilauparlag, vart starta. Utgangspunktet var truleg dei to ungdomslaga som vart starta i midtbygda og på Havdal.

Det neste idrettslaget i kommunen var Birkebeineren, stifta i Grindalsgrenda i 1910. Det laget endra namn til Trollheimen idrettslag i 1912. Same året tok tok skilauparlaget opp fotball og endra namn til Idrettslaget Fram. Da vart òg Skogbyggen idrettslag etablert.

I 1915 vart idrettslaga Storm stifta på Berkåk og IlgutenNordskogen. Storm endra seinare namn til Berkåk Idrettslag. På 1930-talet vart det òg stifta arbeidaridrettslag på Berkåk, Berkåk A.I.L.. Dei to laga på Berkåk vart slått saman sommaren 1945. Same året vart det stifta eige idrettslag i bureisingsgrenda Nerskogen, Trollhetta.

Lærar Sivert Gunnes lanserte tanken om å slå saman alle idrettslaga i kommunen til eitt lag på Idrettens dag 3. juni 1945. Forslaget vann støtte og 9. desember 1945 vart Rennebu Idrettslag konstituert med utgangspunkt i dei sju eksisterande laga i kommunen.

Rennebu er ein vid kommune med mange grender og bygdelag. Enno på denne tida var det ikkje etablert eit fast sentrum i kommunen, og utkantane var bekymra for at det nye laget skulle føre til sentralisering av aktivitetane. Sør-Trøndelag Fotballkrets uttrykte sterk skepsis til samanslåinga i eit brev til Idrettskretsen i januar 1946. Da hadde kretsstyret hatt møte og skreiv m.a.: «Forholdet er efter vor mening saa meningsløst, at vi med vor beste vilje ikkje kan forstaa hvilket fremskritt en slik sammenslutning skal avstedkomme».

Motstanden mot samanslåinga vart i fleire år. I 1957 vart det halde ekstraordinært årsmøte det forslag om oppdeling vart lagt fram, men det vart ikkje vedteke.

Rennebu Idrettslag feira 100-årsjubileum i 2005, men er her registrert som etablert i 1945.

Kjelder

  • Gunnes, Erik: Årene før krigen. Medlems- og informasjonsblad for Rennebu Idrettslag. April nr. 1, 1995. S. 4ff.
  • Holiløkk, Per: Årene etter krigen. Medlems- og informasjonsblad for Rennebu Idrettslag. April nr. 1, 1995. S. 10ff.

Heimeside