Rettarbot

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Retterbot»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ei rettarbot (norrønt réttarbót, «betring av retten») var i eldre tid ei særlov gjeven av kongen som endring av eller tillegg til gjeldande rett.

Rettarbøtene kom inn i norsk rett under Magnus Lagabøte. Tidlegare hadde lovendringar kravd samtykke frå folket på lagtinga, men i landslova (1274) og Bylova (1276) fekk kongen fullmakt til å gjere endringer om han fann noko han måtte bøte på. Skulle kongen legge nye byrder på folk måtte han framleis ha samtykke, anten frå lagtinget eller hirden.

Etter Magnus Lagabøtes tid kallast rettarbøter óg konungs skipan, jf. kongelig forordning. Frå 1319 ser ein sjeldan rettarbøter, og med Christian IVs Norske Lov frå 1604 forsvinn omgrepet frå lovspråket.

Kjelder og litteratur