Richard Pellengahr

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Richard Pellengahr bar denne uniforma under felttoget i Norge våren 1940. Utstilt på Forsvarsmuseet.
Foto: Chris Nyborg (2015).
Richard Pellengahr til venstre ved Pollfossen i Otta i Skjåk.
Foto: Ukjent (sommeren 1940).

Richard Johannes Pellengahr (fødd 19. august 1883 i Rheda-Wiedenbrück, død 9. oktober 1964 i Bielefeld) var general i Wehrmacht, og leia den tyske framrykkinga gjennom Gudbrandsdalen og Østerdalen våren 1940.

Han var son av ein jurist og seinare senatspresident. Offiserskarriera byrja i 1902, da han blei fanejunker i eit prøyssisk feltartilleriregiment. Ved utbrotet av første verdskrigen var han løytnant. Han var i feltteneste på vestfronten gjennom det meste av krigen, og mottok Jernkorset av første klasse etter slaget ved Marne hausten 1914. Han blei forfremma til kaptein tidleg i krigen. Den 7. juli 1918 mottok han riddarkorset med sverd av Königlicher Hausorden von Hohenzollern.

Etter krigen blei han leiar for frikorpset Freiwillig-Batteri Pellengahr. Frikorpsa var høgreorienterte paramilitære grupper, som det fanst mange av i Tyskland tidleg i mellomkrigstida. Vinteren og våren 1919 var frikorpset hans med på å slå ned den dei venstrerevolusjonære spartakistane i Ruhr. Da Reichswehr, den nye tyske hæren, blei oppretta i 1920 blei Pellengahr offiser der. Han var mellom anna lærar i ballistikk på krigsskulen i Dresden i seks år, og gjorde ellers teneste ved fleire forskjellige avdelingar. I 1926 blei han major, i 1931 oberstløytnant og i 1933 oberst. I 1936 var han regimentssjef, og blei utnemnd til generalmajor.

Kort tid før krigsutbrotet i august 1939 ble Pellengahr sjef for 196. infanteridivisjon. Han leia denne divisjonen under åtaket på Norge 1940. Som ansvarleg for framrykkinga gjennom Gudbrandsdalen og Østerdalen leia han personleg styrkane gjennom Gudbrandsdalen og vidare fram til Åndalsnes, medan han sette oberst Hermann Fischer til å leie styrkane i Østerdalen. Den 30. april skal han ha møtt Jonas LieLesja - Lie kjempa på norsk side våren 1940, men blei i september same året ein av dei kommissariske statsrådane og frontkjempar.

Pellengahr budde nokre dagar på Park Hotell på Åndalsnes før han flytta til garden Fiva nær Trollveggen litt lenger sør i Rauma. Han budde der fram til han hausten 1940 blei sendt til Nord-Norge. Garden tilhørte den britiske Davenport-familien. Pellengahr behandla garden pent, og let til og med bileta av den norske og den britiske kongefamilien bli hengande.

Han blei etter at felttoget i Norge var over forfremma til generalløytnant, og han mottok 9. mai 1940 riddarkorset av Jernkorset. Fram til han blei sendt nordover var han øverstkommanderande for dei tyske styrkane i Møre og Romsdal og det nordlige Oppland. Han fikk så i oppdrag å sikre området frå Levanger til Bodø/Fauske.

Pellengahr blei kalla attende til Tyskland 1. mars 1941, og overført til reservestyrkane. Han gjekk ut av aktiv teneste den 1. juli same året, og blei generaldirektør i ein industribedrift. Under eit bombeåtak mot Berlin i 1945 blei han såra, og han var på sjukehus i Karlsbad då krigen slutta. Som industrileiar og pensjonert general var det fare for at han kunne hamne i sovjetisk krigsfangenskap, men kort tid før sovjetiske styrkar tok byen klarte han å kome seg til Thüringen. Han budde seinare som pensjonist i Bielefeld i Nordrhein-Westfalen saman med kona, inntil han døydde av lungebetennelse i 1964.

Då Pellengahr nokre år etter krigen snakka med ein nordmann og blei konfrontert med drap på sivile under framrykkinga i 1940, svara han at felttoget hadde nokre «skjønnheitsplettar».[1]

Referansar

  1. Berntsen 2015.

Litteratur og kjelder