Rikard Berge

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Rikard Berge, frå boka Ljos over Telemark.
Foto: Ukjend

Rikard Berge (fødd 7. november 1881 i Rauland, død 26. september 1969 i Skien) var konservator, folkeminnesamlar og bygdebokforfattar. Han gjorde eit stort arbeid med å samle folkeminne, særleg frå Telemark, og la mykje av grunnlaget for seinare kulturhistorisk arbeid.

Slekt og familie

Han var son av gardbruker Geirmund Hallvordsson (1857–1926) og Sigrid Rikardsdotter Berge (1854–1943).

I 1908 vart han gift med målar Johanna Bugge (1874–1961). Ho var dotter av professor Elseus Sophus Bugge (1833–1907) og Karen Sophie Schreiner (1835–1897).

Liv og virke

Rikard Berge voks opp hos morfaren Rikard A. Berge (1815–1902), som han hadde namnet sitt etter. Etter å ha teke lærarprøva var han skulemeister ei tid. Sjølv om han ikkje tok examen artium følgde han førelesingar hos Moltke MoeDet Kgl. Frederiks Universitet i Kristiania. Han var òg i København og fekk råd frå Axel Olrik.

I 1908 gifta han seg med Johanna Bugge. Faren hennar, professor Sophus Bugge, døydde året før. Berge fekk då tilgang til oppskriftene etter Bugge, mellom anna kring 1200 balladeoppskrifter. Berge og kona kom i konflikt med universitetet om retten til desse manuskripta. Universitetet meinte å ha rett på dei, medan ervingane meinte at det var deira eigedom. Berge tapte i retten. I åre som følgde var det strid mellom Berge på den eine sida, og først Moltke Moe og så Knut Liestøl på den andre. Liestøl skipa i 1914 Norsk folkeminnesamling, og var tilhengar av eit sentralinstitutt for folkeminne for heile landet. Berge var ueinig, og ville ha samlingar på musea rundt i landet, og eit samarbeid mellom lokale einingar og eit sentralt organ. Særleg i artikkelen «Decentralisation» frå 1920 var Berge kvass i ordbruken i denne strida.

Berge omsette sine haldningar til praksis ved å vere ein føregangsmann i det lokale museumsarbeidet. I 1907 var han med på å skipe Kviteseid bygdemuseum, og i 1909 Fyresdal bygdemuseum. Han gav også ut to tidsskrift: Norsk Folkekultur og Aarsskrift for Historielaget for Telemark og Grenland. I Norsk Folkekultur samarbeida han med Kristofer Visted. Dei var ikkje einige i alt, og både to kunne vere kvasse i stilen, men dei fann felles grunn. Arbeidet med å skrive ned folketradisjonar byrja han tidleg med. Allereie som tolvåring gjekk han rundt i Rauland og noterte, og seinare var han rundt det meste av Telemark utanom Grenland. Han var òg mellom anna i Suldal og Hallingdal. Det vart til slutt meir enn 40 000 A5-sider med oppskrifter. Det kom mange bøker ut av materialet, med Norsk visefugg frå 1904 som den fyrste. Han skreiv om det meste av folkekultur, frå heilage steinar til viser og stev. Kring 1908 fekk han seg ein fonograf, og han var den fyrste i Noreg som gjorde opptak av kvedarar og spelemenn. Han var òg ein god kvedar sjølv, og frå mora og syskena hennar kom kring hundre folketonar og femti hardingfeleslåttar.

I 1916 vart han konservator ved Fylkesmuseet for Telemark og Grenland. Han gjorde då Brekke museum i Skien til eit senter for norsk kulturhistoriegransking. Han var i 1923 med på å skipe Landslaget for spelemann saman med Arne Bjørndal. Han fortsette å gje ut bøker om folkeminne, og var særs produktiv. I åra 1939 til 1944 gav han ut ei bygdebok i fire band for Vinje og Rauland. Hans produksjon var på om lag 8000 sider totalt.

Arkiv

Utdypende artikkel: Rikard Berge si handskriftsamling

Telemark museum har eit arkiv med notatbøker, brev, elektronisk register til Rikard Berges handskriftsamling m.m. Heile arkivet er skanna av Telemarkskilder og kan studerast her. Innhaldsregisteret på arkivportalen er søkbart, og kan studerast her.

Litteratur og kjelder