Riksveg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein riksveg er ein vegstrekning der staten står for alle utgifter til vegen, og som administrerast av Vegdirektoratet. Ordninga med å skilje riksvegar, fylkesvegar og kommunale vegar blei innført i 1928, etter vedtak i 1925 om at staten skulle ta ansvar for stamvegane.

Riksveger er merka med kvitt vegnummer på grønt, firkanta skilt med kvit bord. Europavegane er riksvegar, og desse har ein E framfor vegnummeret. Den første nummereringa kom i Østfold i 1928, då vegsjef Jens Munch fekk merka Riksveg 1 frå Oslo til riksgrensa ved Kornsjø, seinare Svinesund. Dei andre riksvegane fekk nummerering og merking i 1931.

I 2010 kom ein forvaltningsreform som førte til at dei riksvegar som ikkje var stamvegar blei overførte til fylkene. Før 2010 var riksvegar som ikkje var stamvegar merka med svart vegnummer på kvitt, firkanta skilt med svart bord.

Litteratur