Roald Damekonfeksjon

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Roald Damekonfeksjon kom i gang med produksjon av dameklede på Aure i Sykkylven i 1956. Det var systrene Marie og Karen Roald frå Giske kommune som dreiv verksemda. Dei hadde tidlegare drive konfeksjonsbedrift på Vigra, men flytte til Sykkylven på grunn av vanskar med tilførsla av elektrisk kraft. I 1953 kom det i stand drøftingar mellom systrene og Sykkylven kommune ved dåverande ordførar, Jens E. Ekornes. Ekornes var oppteken av å få eit meir variert næringsliv i Sykkylven der møbelindustrien då var heilt dominerande. Samtalane var så positive at systrene valde å etablere seg i Sykkylven, og byggje ny fabrikk på Aure. Fabrikkbygget vart reist av entreprenørane Lillevik og Dalen. Det hadde grunnmåla 12 x 14 meter.

Verksemda spesialiserte seg på damekonfeksjon, men leiarane hadde vanskar med å få drifta lønnsam. Etter eit par år vart Roald Damekonfeksjon lagt ned. Huset gjekk då over til Oddvar Hjellegjerde. I mange år hadde Hjellegjerdes Lenestolfabrikk produksjon her, mellom anna av Blinken-stolen. Difor fekk huset namnet Blinken på folkemunne. Sidan 1987 har lokalavisa Sykkylvsbladet hatt tilhald i bygget.

Kjelde