Roaldkafeen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Roaldkafeen var ein serveringsstad i Aure i Sykkylven. Firmaet var grunnlagt i 1923 av Anton og Astrid Roald, og eit bustadhus med bakeri og utsal vart oppsett i Aure sentrum året etter. Kring 1950 vart lokala utvida, og det vart innreidd kafé (Palmen) med 30 sitteplassar. Dette vart ein populær stad å ta inn for bygdefolk og tilreisande, ikkje minst av di vertinna, Astrid Roald, hadde eit eige lag til å ta hand om gjestane. T.d. kan det nemnast at ho spanderte frukost på Lurlåt kvar 17. mai så lenge ho levde.

Anton Roald døydde i 1957, og frå då av var det sonen Bastian som saman med Astrid Roald stod føre drifta. Lokala vart etter kvart for tronge, og dei måtte bestemme seg for tilbygg eller nybygg. Resultatet vart eit nybygg i tre høgder, og kjellar i tillegg. I dette huset dreiv Bastian Roald bakeriverksemd frå 1962, og kona Kjellaug stod for kafedrifta. Etter nokre år kom sonen deira, Anton, med i drifta, og frå midten av 1990-åra var det han som tok over ansvaret.

Etter nokre år valde han å avvikle kafeen, og lokala har sidan vore nytta til annan forretningsverksemd, til dømes til sportsforretning og matsal.

Kjelde

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.