Ryningen (Bykle gnr 15/37)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ryningen
Rydda: 1972
Utskilt: 1970
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 37
Type: Bustadeigedom

Ryningen i Øvre Sarv i Bykle ligg mellom Kyrkjeli-feltet og Livodd.

Ho vart utskilt frå Attistog i 1970, då Aasmund P. Ryningen kaupte henne av Olav G. Gjerden (e.).

Birgit Ryningen og borna hennes, fotograferte i stoga hjå Torgeir ein gong i 1970-åra: Frå venstre: Torgeir (f 1947), Ingebjørg (f 1936), Pauline (f 1942), mor Birgit (1905-1992), Birgit y. (f 1933), Alfred (f 1950), Ånund (f 1944), Olav (f 1939). Bilete frå Alfred Ryningen.

Aasmund og Birgit, kona hans, hadde budd i Ryningen i mange år, men då oppdemminga av Bossvatn gjorde det turvande å flytje frå garden, sette dei seg opp hus her. Dei er nærare omtala i bolken om Ryningen, gnr 11, bnr 4. Det nye huset deira vart teke i bruk i 1972.

Aasmund døydde i 1974. I 1976 skøytte Birgit eigedomen her over på ein av sønene, og vart sjølv buande i fyrste høgda i huset til ho døydde i 1992. Sonen bur her framleis med huslyden sin.

  • Torgeir A. Ryningen, f 1947, politi
g m fotterapeut Ulla Ingrid Hanssen, f 1952. Born:
  • Pål Georg, f 1974, sb m Marianne Hagen, sjå Myggbo, bnr 77
  • Ingebjørg, 1977, lækjar, busett Tønsberg

Ulla Ingrid kjem frå Saltdal, og er dotter åt gardbrukar Johan Hanssen og kona, Ingebjørg, fødd Brokke. Mor åt Ulla att vart fødd i Brotteli som dotter åt viltoppsynsmann Gunnar H. Brokke og kona, Gunhild Taraldsdotter, fødd Hovet. Elles nemner me at Gunhild G. Byklum i Nystog, gnr 13, bnr 10, er syster åt Ulla, og at Walter Gunnar Hanssen i Saltdal, som er gift med Solveig Ånundsdotter Mosdøl frå Solbakken, gnr 13, bnr 13, er broren.


0941 Bykle komm.png Ryningen (Bykle gnr 15/37) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Sollid • Neste bolk: Jarehaugen