Sámi álbmotbeaivi

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sámi álbmotbeaivi (nordsamisk), Sámij álmmukbiejvve (lulesamisk), Sämij älbmukbäjjve (pitesamisk) eller Saemie åålmegebiejjie (sørsamisk), offisielt omsett som den samiske nasjonaldagen men òg omtala som samefolket sin dag og samefolkdagen, fell på den 6. februar og markerer årsdagen for det første samlande møtet for fleire ulike samiske organisasjonar i Metodistkyrkja i Trondheim tysdagen den 6. februar 1917. Elsa Laula Renberg stod for både idéen og gjennomføringa, og møtet samla over 100 kvinner og menn frå sør- til nordsamiske miljø i såvel Noreg som Sverige.

den 15. samiske konferansen i Helsingfors i 1992 vedtok Samerådet at dagen skulle markerast som “sámi álbmobeaivi” for alle samar — i Norge, Sverige, Finland og Russland. Den første offisielle feiringa fann stad laurdagen den 6. februar 1993. I Noreg blei dagen vedteken som offisiell flaggdag i 2003 og markert frå og med fredagen 6. februar 2004. Loven inneber at alle offentlige bygg er pålagt å heise det norske flagget, og i tillegg er det valfritt om ein vil heise det samiske flagget.

Den samiske nasjonalsongen vart først trykt i avisa Sagai Muittalægje (Nyhetsfortelleren), som var redigert av sjøsamen Anders Larsen, i 1906.

Koss dagen blir markert varierer frå plass til plass, men flagging, festmåltid og synging av den samiske nasjonalsongen «Sámi soga lávlla», skriven av Isak Saba i 1906, er blant dei gjennomgåande trekka.