Sølvskatt og formuesskatt 1816

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Sølvskatten»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå også artikkel om sølvskatten i Norsk historisk leksikon.
Aksjebrev i Norges Bank 1819, utferda til handelshuset Konow & Co. i Bergen. Firmaet åtte venteleg mange fleire aksjar der. Dei er noterte for eit innskot på 10.000 spd. i sølvskattelista for Bergen, rode 4 nr. 82.

«Sølvskatten 1816» er den vanlege nemninga for tvungne innskot som vart utlikna på landets formuer til eit grunnfond for den nyskipa Norges Bank. Det var trass namnet altså ikkje ein skatt. Innskota skulle gjerast i sølv eller gull, utmynta eller ikkje. Frå fyrst av var håpet at det skulle greie seg med frivillig teikning, men det måtte raskt gjevast opp. Inndrivinga var heimla i lov av 14. juni 1816 (stortingsvedtak 20. mai). På same dag (14. juni, stortingsvedtak 14. mai) kom også ei lov om ein ekstraordinær formues- og næringsskatt med same utlikningsgrunnlaget som bankinnskota. Nemninga «sølvskatt» som festa seg ved det tvungne grunnfondinndrivinga, har truleg bakgrunn i at ein ikkje har skilt klårt mellom dei to nært sambundne pålegga.

Båe delar var i alle høve lekkar i det komplekset av tiltak som Stortinget meinte måtte til for å få reetablert eit stabilt finans- og pengevesen etter 1814. Sølvskatten og formuesskatten var forutsette i lova om pengevesenet som kom på same dato (14. juni, stortingsvedtak 9. april), og som mellom anna oppretta Norges Bank.

Ordninga av pengevesenet var politisk komplisert og skapte sterke kontroversar. Sølvskatten og formuesskatten var hovudårsaka til bondeaksjonane på Austlandet i 1818 under leiing av Halvor Hoel.


Sølvskatten

Norges Bank var organisert som eit privat aksjeselskap. Grunnfondet var fastsett til mellom 2 og 3 millionar spesidalar sølvverdi. Innskota som kom inn av sølvskatten, vart rekna som aksjar, og det vart utferda aksjebrev for alle innskot over 25 spesidalar. For mindre innskot vart det berre gjeve såkalla interimskvitteringar.

Da det innan dei lovbestemte fristane viste seg ikkje å ha kome inn nok kapital på frivillig basis, kunngjorde Kongen den 23. desember 1816 at ein skulle gå til tvungen inndriving. I medhald av denne kunngjeringa skulle den fyrste tredjeparten av utlikna beløp betalast med ein gong, den andre tredjeparten i løpet av mars og april 1817 og resten i juli og august 1817. Ved utlaupet av desse terminane stod det framleis store restansar att, men det meste kom deretter inn i løpet av tidsrommet 1818-1821.

Minstesummen for grunnfondet på 2 millionar vart etter stortingsvedtak og kunngjering 29. juni vedteke fordelt slik på landets fem stift:

Innan stifta fordelte Stortinget i same kunngjeringa summane på kjøpstadene og amta. I kvart amt skulle så beløpet fordelast på dei einskilde tinglag. Dette skulle gjerast av ein kommisjon beståande av alle sorenskrivarane i amtet og ein mann frå kvart tinglag. I tinglaget skulle beløpet utliknast på enkeltpersonar av ein kommisjon beståande av tre mann frå kvart sokn i tinglaget. I kjøpstadene skulle dei som etter grunnlova hadde stemmerett, sjølve bestemme korleis likningskommisjonen skulle samansetjast.

Det er ikkje spesifisert i lova korleis formuene skulle fastsetjast.

Rubrikkane for skjema som skulle utfyllast er gjevne i sjølve lovteksten. Dei såg slik ut:

For kjøpstadene:

Qvarterets eller Rodens Navn Matrikel No. Indskyderens Navn Det paalignede Indskud Anmærkninger

Og tilsvarande for tinglaga (landdistrikta):

Sognets Navn Gaardenes Navne Indskydernes Navne Den paalignede Indskud Anmærkninger

Listene over bidragsytarar til sølvskatten dekkjer heile landet. Dei offisielle protokollane over innskota tilhøyrer og er oppbevart ved Norges Bank. Riksarkivet har lenge hatt mikrofilm av listene. I eit samarbeidsprosjekt mellom dei to institusjonane er dette materialet skanna og lagt ut på Digitalarkivet. Til dette høyrer ei detaljert forklaring til innhaldet av sølvskattprotokollane på Noregs Banks nettsider (sjå eksterne lenker nedanfor).

Prosedyrene for utlikninga av sølvskatten inneber at vi kan rekne med å finne materiale om sølvskatten hjå fleire arkivskaparar i det offentlege arkivverket (amts-, fute-, sorenskrivararkiv m.m.).

Formues- og næringsskatten

Dette var ein skatt som tok sikte på å inndra 2 millionar riksbankdalar nominell verdi i riksbanksetlar, og som skulle dekkje eit lån som Norges Bank var pålagt av Stortinget å ta opp for å kunne innløyse riksbanksetlane. Det var altså ein del av ein storstila operasjon for å byte ut dei gamle setlane med den nye pengeeininga spesidalar.

Skatten skulle, som namnet seier, utliknast på formue og næringar, og etter tilsvarande prosedyrer som for sølvskatten. Heller ikkje for formues- og næringsskatten seier lova noko om kva som skulle reknast som skattbar formue, eller kva som låg i «næring» til forskjell frå «formue». Skatten vart utlikna over ein 10-12 årsperiode.

Som for sølvskatten var rubrikkane for skjema som skulle utfyllast gjevne i sjølve lovteksten. Desse var:

For kjøpstadene:

Qvarterets eller Rodens Navn Matrikel No. Den Skattepligtiges Navn Den Skattepligtiges borgerlige Stilling eller Næringsvei Den paalignede Skat Anmærkninger

Og tilsvarande for tinglaga:

Sognets Navn Gaardenes Navne De Skattepligtiges Navne Den Skattepligtiges borgerlige Stilling eller Næringsvei Den paalignede Skat Anmærkninger

Materiale etter formues- og næringsskatten utgjer 13 hyllemeter i Revisjonsdepartementets arkiv i Riksarkivet (1. revisjonskontor, Zahlkassen med Vekselkontoret). Ein del lister og rekneskap kan ein også finne i dei respektive statsarkiva, fyrst og fremst i materialet etter futekontora, men også i byanes likningskommisjonar og andre stader.


Eksterne lenker

Kjelder og litteratur

  • Håndbok for Riksarkivet, Oslo 1992 side 133, jf. Håndbok for RiksarkivetArkivportalen
  • «Lov angaaende Pengevæsenet», 14. juni 1816,i Love, Anordninger etc. ved Peter Vogt, 1. bind, Christiania 1817.
  • «Lov, angaaende tvunget Indskud, efter Ligning paa Formue, til den ny Banks Fond...», 14. juni 1816, i Love, Anordninger etc. ved Peter Vogt, 1. bind, Christiania 1817.
  • «Lov, angaaende en Skat paa Formue og Næring, til Inddragelse af en Sum af To Millioner Rigsbankdaler ...», 14. juni 1816, i Love, Anordninger etc. ved Peter Vogt, 1. bind, Christiania 1817.
  • «Beslutning av Rigets ordentlige Storthing, ang. de til Rigsbanksedlernes Indløsning paalagte Skatters og det tvungne Bankindskuds Fordeling...», 29. juni 1816, i Love, Anordninger etc. ved Peter Vogt, 1. bind, Christiania 1817..
  • «Kongl. Kundgjørelse, angaaende Oprettelsen af den tvungne Bank», 23. desember 1816, i Love, Anordninger etc. ved Peter Vogt, 1. bind, Christiania 1817.