Søtveiti (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Søtveiti
Tveiten 55.jpg
Utsyn mot Tveiti og nordetter Bossvatn ca 1945. Søtveiti er næraste tunet attom Ryningsloptet. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Foto: Ukjent / Mittet & Co.
Rydda: 1916/1917
Stad: Nordbygdi
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 11
Type: Småbruk

Småbruket Søtveiti låg på ein sete i bakken mellom Øytveit og Ryningen i Bykle kommune. Det eksisterte som ein eigen verestad berre i åra mellom 1917 og 1950.

Bruket var ihopsett av omlag 10 mål jorde heime, eit jordstykke på 2 mål på kvar av støylane Fit og Øystøyl, og dertil heieslåtta Storemyr og eit par andre slåtter.

Det var Olav Ånundsson Tveiten som heldt att denne parten, då han i 1916 selde Heimtveiti til Knut Tarjeisson Hovden.

Olav Ånundsson Tveiten og kona, Asgjerd Bjørgulvsdotter, fødd Nesland. Biletet her vart teke då gifte seg i 1895, og dermed høyrer det vel eigentleg mest heime i bolken om Heimtveiti, men der har me bilete nok. Frå Ingebjørg Vegestog.
  • Olav Ånundsson Tveiten, f 1862, d 1938
g 1895 m Asgjerd Bjørgulvsdotter Nesland, f 1875, d 1966, ikkje born

Asgjerd Bjørgulvsdotter kom frå Nesland Der heime. Foreldra hennes var Bjørgulv Olavsson Nesland og kona, Anne Torleivsdotter, fødd Holen.

Etter avtala skulle Olav og Asgjerd bu og bruke her på livetida. Når dei ikkje kunne eller ville vera her lenger, skulle bruket falle attende til hovudbølet, Heimtveiti. Husa var Olav sine. Han sette seg opp stoge og uthus heime, og buer på båe støylane. Fjoset flutte han med seg frå Heimtveiti. Det vert sett til å vera frå kring 1750.

I tillegg til kaupesummen for garden hadde Olav også fått Knut Hovden til å gå med på ei rekkje med større og mindre ytingar av ulike slag: Krøtera frå Søtveiti skulle gå på beite ilag med Heimtveit-krøtera, og eigaren av Heimtveiti skulle syte for gjæting. Eigaren av Heimtveiti skulle også køyre høy og ved heim frå heia til Søtveiti, og dertil skulle Olav ha krav på å låne hest til onnearbeid og til ærend i Kyrkjebygdi. Det var endå nokre fleire særvilkår i kontrakta, men dei nemnde var dei viktigaste. Då Ånund Gunnarsson overtok Heimtveiti frå Knut Hovden i 1918, laut han også taka over dei vilkåra som Knut hadde gått med på, men kontrakta mellom Olav og Knut Hovden var heller innfløkt og uklårt skrive, så her var det duka for usemje. Det vart det då også, men ikkje verre enn at partane i 1920 inngav saka si til valdgift. Dei utpeika valdgiftsmennene skifte sol og vind så godt det let seg gjera, og gav båe partar eit visst medhald, og ettersom det ser ut må dette kompromisset ha vore til å liva med.

Då Hallvard Ånundsson frå Heimtveiti gifte seg i 1933, flutte han og kona hans inn hjå Olav og Asgjerd i Søtveiti. Olav var bror åt bestefar åt Hallvard.

I 1933 heldt Hallvard Ånundsson Tveiten (1909-1991) brudlaup i Søtveiti med Gunnhild Gunnarsdotter Holen (1909-2002). Biletet her viser festlyden med stoga i Søtveiti i bakgrunnen. Attare rekkja frå venstre: Margit T.Tveiten, Gunhild A. Tveiten (e.), g m Tarjei K. Stavenes, Dreng A. Tveiten (y.), brudgomen, brura, Gunnar A. Tveiten, Dreng A. Tveiten (e.), Gunhild A. Tveiten (y.), g m Knut O. Lyngtveit. Midtre rekkje: Tarjei K. Stavenes, Gunhild O. Tveiten, f Nesland, Ånund G. Tveiten og kona, Tone, f Mosdøl, Knut O. Lyngtveit med dottera Tone. Fremste rekkja: Ånund T. Tveiten, Knut T. Tveiten, Tone T. Tveiten, Torbjørg T. Tveiten, Gunnar T. Tveiten, Tora K. Lyngtveit, Gunnar K. Lyngtveit, Ånund K. Lyngtveit, Olav K. Lyngtveit.
Brurebilete av Hallvard og Gunhild Tveiten frå 1933. Hallvard gifte seg i dress ser me.
På biletet her, som er litt eldre enn brurebiletet, ser me at Hallvard Tveiten også tok seg staseleg ut i rette klede.
  • Hallvard Ånundsson Tveiten, f 1909, d 1991.
g 1933 m Gunhild Gunnarsdtr. Holen, f 1909, d 2002. Born:
  • Tone, f 1934, sjukepleiar, busett Grimstad, g m Asbjørn Stensrud, Moss, f 1929, d 1997, born:
  • dødfødd dotter 1961
  • Ånund, f 1935, snikkar, busett Vennesla, g m Margit Heggland, Bygland, born:
  • Hallvard, f 1970, busett Vennesla, g m Liv Tone Lunden, Vennesla
  • Olav, f 1972, busett Vegårdshei, g m Elin Ufsvatn, Åmli
  • Liv Gunhild f 1973, busett Vennesla, g m Erling Ryger, Vennesla
  • Astrid Oline, f 1938, reinhaldsarb., busett Grimstad, g hv m Olav Søreide, Landvik, born:

Gunnhild Gunnarsdotter kom frå Myri Holen. Foreldra hennes var Gunnar Olavsson Holen og kona, Ingebjørg Bjørgulvsdotter, fødd Nesland. Ingebjørg att var dotter åt Bjørgulv Olavsson på Nesland Der heime. Gunhild var altså systerdotter åt Asgjerd, kona av Olav Ånundsson.

I den gamle gards- og ættesoga (65) les me at «Olav og Asgjerd gav seg i føderåd åt Hallvard». Dette er i og for seg heilt korrekt, men hadde det vore ei ordinær foddogsavtale, måtte det vore ein fyresetnad at Hallvard skulle taka over bruket, og her låg det fast at det skulle falle attende til hovudbølet. Hallvard og Gunhild stelte likevel vel med Asgjerd og Olav så lenge dei livde. Olav døydde i 1938.

I 1950 kaupte Hallvard og Gunhild seg eit gardsbruk på Opsal i Øvrebø, og flutte dit om våren det året. I 1962 selde dei det bruket, og flutte til Vennesla, der Hallvard arbeidde som snikkar.

Asgjerd vart med både til Øvrebø og til Vennesla, og budde ilag med Hallvard og Gunhild til ho døydde i 1966. Hallvard døydde i Vennesla i 1991, Gunhild i 2002.

Då dei som hadde budd her flutte ifrå, gjekk Søtveiti attende til Heimtveiti, slik avtala var. Stogehuset vart etter ei tid selt til Anne Folkesdotter Nesland, og ho flutte det til Soltun i Kyrkjebygdi, ei tuft innmed Bykle samfunnshus. Anne drog noko seinare attende til Kristiansand, der ho tidlegare hadde budd i mange år, og i 1975 selde ho Soltun til Knut og Gunhild Lyngtveit. Dei budde der sidan så lenge dei livde (sjå Soltun, gnr 15, bnr 28).

Fjoset i Søtveiti vart ståande inntil Svein G. Tveiten på 1980-talet tok det ned, flutte det attende til Heimtveiti og restaurerte det der. I Søtveiti står nå berre murane att, men støylsbuene som Olav sette opp på Fit og Øystøyl har Svein restaurert der dei sto.


0941 Bykle komm.png Søtveiti (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Løyning • Neste bolk: Holen