Sagåa

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sagåa er ei lita elv som renn ut i Skredevatn i nordre del av Fyresdal kommune. Nedslagsfeltet er ei rekke mindre bekkar og myrar i ei vestvendt li hallande ned mot vatnet, ikkje noko større tjørn eller vatn.

Sagåa i flaum etter regnveir. (Foto: Olav Momrak-Haugan,1998)

Namnet

Det fyrste namnet ein kjenner til på dette vesle vassdraget er Grjotbekk.

Fyrste lekken, ordet grjot, er det gamalnorske grjót som tyder stein, av og til ein serleg slag stein. I samansetning har vi det i ordet grjotstein som er nytta om kleberstein. Andre lekken, ordet bekk, kjem av norrønt bekkr og tyder enten eit lite far av naturleg strøymande vatn, eller det kan og tyde kjelde, oppkome eller brønn. Det er mykje stein i området, men kvifor denne bekken fekk nett dette namnet er ikkje kjend.

Ein kaptein Stub var militærkommandant på kapteinsgarden Meinstad og han argumentera gong på gong om at ein ikkje minst av militære grunnar måtte utbetre vegen frå Moland i Fyresdal til Bandaksli. Han vona at vegen vart ferdig før oppgjeret med svenskane som han meinte måtte kome, og som til slutt kom i 1905. I 1886 var han medlem av stikkekomiteen for vegen mot syd frå Foldsæ bru, og han gjorde grundig arbeid. Der er rikeleg med teikningar og utgreiingar, mellom anna om ”broen over Grotbekk”. Bandakslivegen vert nemleg kryssa av denne.


Det nyare namnet på dette vassdraget er Sagåa.

Ordet å kjem av norrønt á og tyder ei elv, særleg ei mindre elv. Namnet Sagåa peikar då på at her stod ei tid ei sag. På grunn av dette har etter kvart namnet blitt endra i daglegtale frå Grjotbekk til Sagåa.

Sag og mølle

Fossen i Sagåa med restar av saga. (Foto: Olav Momrak-Haugan, 1996)

Denne bekken/åa renn eit stykke nord for innmarka til gardane gnr. 95 Haugane, dei nordlegaste i Hauggrend. Det er ikkje andre bekkar i nærleiken og her vart nok tidleg satt opp ei mølle. På ein enkelt stad er det eit relativt høgt fall som gjev ein skikkeleg foss når det er rikeleg med nedbør. For å nytte denne måtte ein vere på pletten der og då.

I gards- og ættesoga står det om Tveiten Austre gnr. 94, som ligg noko høgare opp i lia enn Haugane, at: «I 1798 selde Olav til bror sin på Midtgarden,--- på Tveiten var det då--badstoge, høyløe med kornrom og halvdelen av eit kvernhus saman med Olav Haugane---.» Midtgarden ligg like syd for Haugane og var den gong eit underbruk av denne. At Tveiten og Haugane hadde mølle saman i Grjotbekk var naturleg. Det er alt vi veit om mølle her, den gjekk nok tidleg ut av bruk av praktiske årsaker.

Men på 1800talet var det bygd ei sag ved denne fossen, restar av botnstokkane kunne ein enno sjå i 2011. Det var ei sirkelsag der all saga material til det gamle uthuset på Ø. Haugane vart saga. Saga stod mest brukbar kring 1900. Nytt uthus vart bygd i 1926.

I tunet på Øvre Haugane stod det eit sers gamalt hus, i seinare tid nytta som kombinera bustadhus/eldhus, skjol og vognskjul. Om saga skriv Aslak Momrak Haugan (1892-1985), bonde på garden, han nyttar Grjotbekk og Sagåa om einannan der han fortel om gardstunet:

«Eldhuset: --- Vedskjol med fast plass for slipestein. Denne delen var av skorne bord, sikkert skorne på sirkelsaga i Grjotbekk. Den var så vidt i brukbar stand det fyrste som eg kan minnast. Kunne bare brukast under flaumar. Noko av utstyret vart flytt heim og bruka til sirkelsagi i løa her. Alt skore materiell til den nye1øa vart gjort her i tunet, men med elektrisk motor.» (Nedskrive av Aslak Momrak Haugan som 91-åring.)

Sagåa i 2011

Sagåa vert kryssa av fleire vegar i retning nord – syd. Høgast oppe i lia:

Øvreveg, det er den gamle ridevegen frå Moland gjennom tunet på Øvre Haugane og til Vråliosen i Vrådal. Over her er eit vad. Lenger ned har ein den nye

Gardsvegen til Øvre Haugane bygd i 1994. Gjennom denne går eit stort sementrøyr. Litt lenger ned går

Gamleveg, det er den gamle bygdevegen som vart avløyst med den etterlengta vegen som vart bygd ferdig i 1907, nemleg noverande fv 355. Denne vart i alle høve fram til år 2000 kalla

Nyveg eller og Postvegen.

På Gamleveg var det ei bru, med mura brukar og køyrebane av tre, men denne vart graven vekk av ein stor flaum i 1968 og erstatta av eit vad. Lenger nord var det ei liknande bru på denne vegen over Timrudbekken. På fv 355 er enno den enkle brua, eller heller ei solid stikkrenne, som vart skissera av kaptein Stub. Ved sidan av denne er det lagt eit røyr ved ei utviding av vegen i 1980åra. Her stod det fram til denne tid eit drikkekar for hest, eit brønnebal.

Kjelder og litteratur

  • Marvik, Steinar. Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Heggstad, Leiv. Gamalnorsk ordbok med nynorsk tyding. Det norske samlaget. Ubrigda opptrykk 1958
  • Nynorskordboka. Definisjons- og rettskrivingsordbok. Det norske samlaget. Oslo 1986

Sjå óg