Sagansmia

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Smia fra husmannsplassen er fra 1800-tallet, og har stått på Norsk Folkemuseum siden 1930.
Foto: Chris Nyborg (2008).

Sagansmia er ei smie frå husmannsplassen Sagan i tidlegare Halsa kommuneNordmøre. Ho blei oppført ein gong på 1800-talet. I 1930 blei ho overført til Norsk Folkemuseum i Oslo, der ho blei gjenoppført samme år.

Lafteveggane er karakteristiske for gamle smier, ved at det er bora ei mengd hol av forskjellig storleik i stokkane. Dette er resultatet av at smeden har prøvd navar, eller bor, før han har sendt dei frå seg.

Inne i smia finner ein essen like innafor døra, og bakafor den ein belg av garva saueskinn. Ved den vesle glugga, der det er best lys, står filebenken. Det skulle vere mørkt i ei smie, for då er det lettare for smeden å sjå fargen på det oppvarma jarnet; når ein ikkje hadde temperaturmålare måtte ein lite på fargen for å vite om jarnet hadde rett temperatur. Ambolten står ved avlen, og er festa til ei fururot.

Kjelder

  • Mork, Paal (red.), Norsk Folkemuseum - Friluftsmuseet, By og Bygd 43, Norsk Folkemuseum, 2010.

Koordinater: 59.90655° N 10.68035° Ø