Salong 6220

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Salong 6220 er ein frisørsalong i Straumgjerde i Sykkylven kommune. Salongen har fått namnet etter poststaden Straumgjerde som har nummeret 6220. Salongen vart starta av Ann Merete Ødegård og Rigmor Aarhuus i 1985. Etter nokre år gjekk Aarhuus ut, og Annelise Urke kom inn som medeigar i 1992.

Salongen starta opp i dei tidlegare lokala til Straumen kiosk på Bergane i Straumgjerde. Mot slutten av 2001 flytte dei til nye lokale i Straumgjerde, også det lokale som Straumen kiosk tidlegare hadde brukt. Der har salongen framleis tilhald.

Salongen har hatt ei stabil kundegruppe frå heile kommunen, og utfører klipp og annan hårbehandling av både kvinner og menn.

Kjelde

  • Informasjonar fra eigarane Ann Merete Ødegård og Annelise Urke til Eldar Høidal, april 2015.