Sandella

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sandella i 2013.
Foto: Fabrikken

Sandella, Sandella Fabrikken AS, er ein skumplastprodusent i Sykkylven. Verksemda var ved etableringa i 1961 ein avleggar av Sande Fabrikker A/S i Sande i Vestfold. Det var dei to venene Arild Wahlstrøm og Martin Mehren som under krigen gjorde opptaket til Sande-bedrifta. Då møttest dei jamleg sommartida under laksefisket i Lærdalselva, og i Lærdal vart tanken fødd om ein reparasjonsverkstad for støvlar og sykkeldekk.

Frå 1946 kom verksemda inn i fastare former. Det vart danna eit aksjeselskap, Sande Fabrikker A/S. Produksjonen vart då kontorstolputer, skriveunderlag og lister av porøs gummi til buss- og bilindustrien.

Start i Straumgjerde

Skumgummiproduksjon tok bedrifta opp i 1952. Det leidde naturleg over til framstilling av skumgummimadrassar. I 1957 vart det introdusert ein metode for å lage skumgummi industrielt. Prinsippet var enkelt: Latex-råstoffet vart slått opp i eit stort eltekar, om lag likt det dei har i bakeindustrien. Så vart massen piska til han fekk den rette skumkonsistensen. Eit dansk firma utvikla framstillingsmetoden, og Sande Fabrikker innleidde eit samarbeid med dette firmaet. Først etter dette kom Sande Fabrikker A/S for fullt inn i møbelindustrien. Frå 1957 hadde dei ein agent i Sykkylven, Kjell W. Grebstad. Året etter skipa Sande til ein demonstrasjon i bruk av skumgummi for møbelindustrien i Sykkylven. Dei lokale møbelfabrikantane synte stor interesse, og Sande-bedrifta vann seg stadig nye kundar her i bygda.

Ein av dei største kundane var Hjalmar Brunstad. Då Sande Fabrikker byrja å emne på planar om å etablere ein skumgummifabrikk på Sunnmøre, gjekk Brunstad sterkt inn for at verksemda skulle leggast til Sykkylven. Slik vart det sjølv om også andre alternativ var nøye vurderte. Bakgrunnen for at Sande Fabrikker ville skipe ei dotterbedrift på Sunnmøre, var at det var her dei fleste møbelbedriftene låg.

Sandella Fabrikken kom i gang frå 1.januar 1961 i eit bygg i Straumgjerde der Hjalmar Brunstad hadde hatt lager. Sandella utvida det ein etasjes huset med ei høgd til. Bjarne Aas vart tilsett som disponent.

Satsing på syntetisk skum

I 1963 kom talet på tilsette opp i 11, og i 1967 hadde dette talet auka til 28. Første året i Straumgjerde skjedde skumgummiframstillinga ved hjelp av store mixmasterar som piska opp latex-stoffet. Etter eitt år la bedrifta om til kontinuerleg produksjon av skumgummi. Etter omlegginga auka kapasiteten og salet, og det var klart at ei utviding måtte til. Tomta dei hadde tillet ikkje vidare utbygging. Difor vart det i 1965 bygsla eit areal av Per Brunstad på Vik. I august 1968 kunne industriminister Sverre Walter Rostoft opne den mest moderne skumgummifabrikken i Skandinavia. Første byggesteget omfatta ein fabrikkhall på ca. 1300 m2. I tillegg var det fyrhus, kontorfløy i to høgder og transformatorrom. Samla areal var på 1760 m2.

Det tidlegare fabrikklokalet i Straumgjerde vart omgjort til ei såkalla konfeksjoneringsavdeling. Seinare vart det formavdeling der. I 1985 vart alle aktivitetane til Sandella samla på Vik. I 1970 innleidde Sandella eit samarbeid med det italienske firmaet Gommagomma om produksjon av formstøypt polyuretan, eller kaldskum. Bedrifta var først ute med å støype seteputer, ryggputer og vangar i konstruksjonar i tre og stål i kaldskum.

Skumgummiproduksjonen fekk seg eit ulivssår etter oljekrisa i 1973. Sandella nytta mykje olje til vulkaniseringsprosessen. Samstundes steig prisen på latex til det tredoble. Bedriftsleiinga tok difor den dramatiske avgjerda om å kvitte seg med utstyret som var knytt til skumgummiproduksjonen og satse fullt på det syntetiske polyuretanskummet. Det nye anlegget kom i gang etter sommarferien i 1974. Dei neste ti åra hadde Sandella ei særs positiv utvikling.

Avdelingar i Danmark og Sverige

Bedrifta oppretta ei underavdeling på Årnes i 1983, Runno Interiør. Der produserte dei delar til kontorstolar og sovesofaer. Avdelinga blei selt i 1989.

I 1986/87 vart Sandella Fabrikken kraftig utvida. Utvidinga kom like før ein nedgangskonjunktur råka møbelindustrien. Prisane på produkta frå Sandella vart pressa, slik at verksemda kunne notere eit svakt økonomisk resultat i 1987. I 1988 og 1989 var driftsresultata langt hyggelegare.

Tidlig på 1990-tallet byrja Sandella å selje produkta sine også til marknader utanfor Noreg. Danmark var den første marknaden bedrifta gjekk inn i. Etter kvart som omsetninga auka, vart det behov for endå ei produksjonsline. I 1996 vart den fjerde produksjonslina i Sykkylven montert.

På grunn av eit auka sal utanfor Noreg, vart det i 1998 sett opp ein fabrikk i Danmark. Denne fabrikken skulle betjene marknadane frå Danmark og sørover i Europa. Sandella Danmark AS starta produksjonen i februar 1999. Samtidig vart også Sandella Sverige AB etablert. Med verknad frå 1.januar 1999, tok Sandella også over ei avdeling for formstøypt polyuretanskum frå FIAB i Forserum, søraust for Jønkøping i Sverige.

Ureflex AS i Danmark vart overteken i april 2007, medan Sandella Danmark vart lagt ned hausten samme år.I 2010 vart også Ureflex lagd ned.

Størst i Europa

Våren 2008 vart Foam Construction i Svedala i Sverige kjøpt. Det vart Sandella si andre bedrift i Sverige.I november same år tok Sandella også over formstøypingsavdelinga til Porolon. Denne vart lagt ned like etterpå og produksjonen flytta til Sykkylven.

I 2008 kjøpte Sandella også 50% av UAB Superlon i Panevezys, Litauen. Eigar hadde sidan oppstarten vore Brekke Industrier i Trondheim som også var tidlegare eigar av Westnofa Industrier på Åndalsnes. Kjøpet blei gjort fordi fleire skandinaviske møbelprodusentar alt hadde etablert seg i Baltikum og dei hadde eit sterkt ønske om å få Sandella med på laget som ein lokal leverandør til fabrikkane deira i desse landa. UAB Superlon hadde slite med lønsemda i fleire år og Sandella gjekk inn med nytt utstyr frå ein av dei nedlagte fabrikkane i Danmark. Dette gav bedrifta ein sårt trengt auke i produktivitet og resultata retta seg raskt. Sammaren 2013 tok Sandella over Brekke Industrier sin eigarandel og har sidan vore 100% eigar av UAB Superlon.

I 2012 gjorde Sandella ein avtale med belgiske Recticel om å ta over formstøypingsavdelinga til Westnofa på Åndalsnes. Sandella måtte i dette tilfellet igjennom ein prosess med konkurransetilsynet ettersom ein då vart den einaste produsenten av fleksibelt formstøypt polyuretanskum i Norge. I slutten av februar 2013 kom den endelege godkjenninga frå konkurransetilsynet og oppkjøpet kunne gjennomførast. Hensikta med oppkjøpet var igjen å styrke hovedfabrikken i Sykkylven, og avdelinga på Åndalsnes stengde sommaren 2014 slik at Sandella på nytt fekk samla alle sine norske skumproduksjonseiningar i Sykkylven. I tillegg har Sandella overteke modelleringsverksemda Shape på Stette i Ålesund kommune.

Sandella er i 2022 den største uavhengige produsenten av formstøypt kaldskum i Europa og sysselset 67 personar i Norge, 15 personar i Sverige og 43 personar i Litauen. Produkta vert i dag selde i 14 land og i 2021 hadde Sandella i Sykkylven ein eksportandel på 62 prosent.

Steinar Furnes var disponent ved Sandella i perioden 1989 til 2002. Frå 2003 har Ingemar Eliassen leia skumplastbedrifta. Preben Mehren, son til grunnleggaren, eig i dag bedrifta.

Kjelder