SapDesign

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ecco-stolen til Møre Designteam (1970).

SapDesign er ei møbeldesignbedrift som vart etablert i 1989 av designaren Svein Asbjørnsen i Sykkylven. Svein Asbjørnsen er son til Asbjørn Asbjørnsen, som i åra 1943 til 1960 dreiv møbeltapetserarverkstad i Knutgarden på Aure. Svein fekk tidleg interesse for møbelproduksjon og formgjeving, og etter fagutdanning i møbel på Borgund Yrkesskule gjennomførte han møbeldesignutdanning ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo. I sommarferiane arbeidde han ved designkontoret til Ingmar Relling i Sykkylven. I 1969 var han blant dei første som fekk bransjeforeininga sitt stipend for unge, lovande designarar. Med på samme ordninga var Svein Leirdal.

Stressless

Etter å ha vore tilsett ved kontoret til Ingmar Relling ei tid, etablerte Svein Asbjørnsen, saman med Leirdal og sambygdingen Jan Lade i 1970 designbedrifta Møre Designteam. Dei markerte seg raskt med nyskapande modellar der dei kombinerte eksperimentelle formuttrykk med bruk av moderne materialar som møbelindustrien nett då var i ferd med å ta bruk, som til dømes skumplast. Stolen Ecco frå 1970 frå Møre Designteam var ei av dei aller første stolmodellane der kaldskum vart støypt rundt ei metallramme. Ecco fekk 1. pris i Bransjerådet sin konkurranse i 1970 og vart positivt kommentert av store designmøbelprodusentar i Europa og USA. Dette konseptet har gitt inspirasjon til internasjonale designarar opp til i dag. Eit anna viktig prosjekt på denne tida var utviklinga av Stressless-konseptet med modellane Stressless Original og Stressless Global som designarane utførde etter oppdrag frå Jens E. Ekornes, med bakgrunn i hans visjonar om ein bevegeleg TV-stol. Etter to års utviklingstid vart stolane lanserte på Sjølystmessa i 1972.

Modulmøblar

Dei tre unge designarane gjekk inn ein samarbeidsavtale med tre lokale møbelbedrifter som forplikta seg til å kjøpe tenester frå dei; Hjellegjerde, L.K. Hjelle og Hole & Lillebøe. Det var L.K. Hjelle som tok opp produksjonen av Eccostolen, som trass i prisar ikkje fekk stort sal den gongen. Betre resultat fekk Hjellegjerde med Colombi-salongen som Møre Designteam stod bak. Her var ryggputene støypte rundt rør som stakk ut og kunne koplast til seteramma, ein revolusjonerande teknikk som gjorde samansetjingsarbeidet svært enkelt og som gav vendbare ryggputer utan bruk av støttande bakrygg. Tilsvarande forenkling låg i modellen 1001 for Hole & Lillebøe. Dette var av dei første sofa byggemøblar i Skandinavia. Byggemøblane gav brukarane høve til å komponere sitteplassane etter ønskje, frå ein-seter til to-seter og med variert setedybde. Slike konsept er i dag mengdeprodukt innan sofaproduksjonen. Støypeformene til modell 1001 er dei første som skumplastbedrifta Sandella fekk laga.

Folk er forskjellige

Svein Asbjørnsen arbeidde i åra framover mykje med såkalla ergonomiske møbelmodellar. Grunntanken var at alle menneske er forskjellige og at menneske i ulike aldrar har ulike behov. Behova til folk varierer også i løpet av dagen, då vi skifter mellom arbeid, kvile, individuelle og sosiale aktivitetar. Etter å ha studert korleis menneske faktisk finn støtte og kvile i arbeid og fritid, utvikla designarteamet møbelserien People are different som var blant dei første møbelseriane i Europa innan konseptet generasjonsmøblering. Den fikk 1. premien i ein nordisk designkonkurranse i 1976.

Svein Leirdal gjekk ut av samarbeidet i 1976 og Jan Lade i 1989. Svein Asbjørnsen knytte til seg to nye medarbeidarar i 1976 og 1978, produktutviklar Arve Grønmo og designar frå SHKS Egil Maalø som også hadde meisterbrev i møbeltapetsering. Frå 1989 var dei medeigarar i selskapet SapDesign. Sidan 1995 har kona til Svein, sosialøkonom Ingjerd Asbjørnsen tatt seg av den merkantile sida av forretningsdrifta.

Samarbeid med HÅG

Med bakgrunn i stolserien Split, med Splitpatentet som gjev fleksibel nakke- og ryggstøtte i faste ryggar, utvikla Svein Asbjørnsen og medarbeidarane hans eit nært samarbeid med møbelbedrifta HÅG frå 1980-åra. I dette samarbeidet har Asbjørnsen fått utteljing for sine evner til å finne tekniske løysingar på krevjande utfordringar knytt til ergonomiske møblar som krev stor grad av brukartilpasning. Asbjørnsen si målsetting er at stolane skal fylgje kroppen sine naturlege rørsler. Difor utvikla han i 1980-åra fleire mekanismar som vart internasjonalt patenterte, og som gir rørsle og støtte til stolen sitt sete, til ryggen og armleinene. Desse vart først benytta i HÅG Signét-serien som vart lansert i 1990. Serien fekk Merke for God Design i 1991, deretter Best in Show and Gold Award i Neocon, Chicago i 1993 og Certificate of Excellence i Montreal i 1994. Signét-serien fekk eit stort, internasjonalt marked fram til 2004, då han vart avløyst av HÅG H09-kolleksjonen. I 2009 fekk denne serien Merke for God Design og vart også nominert til Hedersprisen same år. I 2009 fekk HÅG H09 den nye Design Effekt-prisen. I begge kolleksjonane er designarens problemløysande kreativitet harmonisk kombinert med møbelbedrifta sitt behov for marknadstilpassa kontorstolar for den internasjonale, eksklusive marknaden.

Berlihuset

Svein Asbjørnsen arbeidde også saman med HÅG i lang tid mot transportsektoren, både mot fly og tog, for å utnytte SapDesigns gode sitteløysingar for langtidssitting. Det vart etablert store prosjekt med SAS, Amtrak i USA og NSB i Noreg. Ideane frå prosjekta er sidan førte vidare i selskapa sine nye setekolleksjonar. Kontrakt vart inngått med SAS, og Svein Asbjørnsen sine løysingar for betre kvilekomfort vart implementert i SAS sine oversjøiske flyruter. Desse løysingane førte han vidare i kvilestolserien Contura/Convita som no vert produsert av VAD[1] i Stordal og eksportert over heile verda.

Frå 2000 har SapDesign halde til i den herskapelege Berlivillaen på Klokkehaug i Sykkylven. Dette huset har han lagt store ressursar ned i, og arbeidet vart i 1996 lønna med Fortidsminneforeininga sin Godt vern-pris.

Kjelder

  • Høidal, Eldar: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990. Digital versjonNettbiblioteket
  • Høidal, Eldar: Artikkel om SapDesign i Årbok for Sykkylven 2004.
  • Høidal, Eldar: Et fellesskap å stole på. (Møbelbransjeforeningen gjennom 100 år.), Oslo 2009.
  • Informasjonar frå Svein og Ingjerd Asbjørnsen til Eldar Høidal.