Sarvli (Bykle gnr 15/65)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sarvli
Gjerden 60b.jpg
Sarvli pr 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1979
Utskilt: 1978
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 65
Type: Bustadeigedom

Sarvli i Øvre Sarv i Bykle vart utskilt frå bnr 11 i 1978, i samband med at Bykle kommune då sette opp eit bustadhus her, som sto ferdig til innflytjing året etter.

Dei fyrste som budde her var familien Pedersen.

  • Bjørn Kristian Pedersen, f 1951
g m Trine Bele, f 1953. Born:
  • Kristian, f 1978
  • Ane Gerd, f 1981

Bjørn er frå Kristiansand, og son åt Harald og Gerd Pedersen. Han arbeidde som ingeniør i Bykle kommune i åra 1979 til 1984. I det sistnemnde året fekk han ei tilsvarande stilling i Grimstad kommune. Sidan har han vore miljøvernsjef og plan- og utviklingssjef i den kommunen, men nå (hausten 2003) har han skifta beite og vorte kultursjef. I åra 1989-92 arbeidde han og Trine i Tanzania. Dei var då engasjert i eit vassutviklingsprosjekt for NORAD.

Trine Bele er frå Ålesund, og dotter åt Njål og Solveig Bele. Ho er barnepleiar, og arbeider på sjukehuset i Arendal.

Då Bjørn og Trine reiste til Grimstad i 1984, flutte Ånund og Astrid Trydal inn i huset her. Dei kaupte det hjå kommunen, og har budd her sidan.

Ånund Trydal er frå Støylo, Trydal, og son åt Knut Å. Trydal på det bruket og kona, Gyro Kjetilsdotter, fødd Homme.

  • Ånund K. Trydal, f 1954
g 1980 m Astrid Kringlen, f 1961. Born:
  • Marianne, f 1983, barne- og ungd. arb., bur pr 2003 i Bjårlii, 18
  • Knut André, f 1985, tømrar
  • Kristian, f 1986
  • Silje, f 1997

Astrid er fødd i Oslo som dotter åt Birger Kringlen og kona, Gunhild Knutsdotter Rysstad. Då far hennes døydde i 1971, flutte ho med mora til Rysstad, bnr 6 ( jfr Valle I, 332 og VI, 263).

Astrid er sekretær, Ånund er vaktmeister, båe ved Bykle skule.


0941 Bykle komm.png Sarvli (Bykle gnr 15/65) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Gosen • Neste bolk: Sarvsjå