Seløystova

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Seløystova på Seløya i Tysnes kommune sett frå sør før flyttinga i 1968.
Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes.

Seløystova i Tysnes kommune i Sunnhordland er ei stove frå 1800-talet som vart flytta hit frå Seløya i 1968. Stova er ein del av tunsamlinga som høyrer inn under Sunnhordland Museum, og vert til dagleg ivareteke og drifta av Tysnes Musélag.

Teori om Onarheimsgildet

Tysnes Sogelag fatta vedtak om å flytta stova til Onarheim i Tysnes 1964, var det med ein tanke om at dette skulle vera eit hus som først hadde stått på Onarheim og hatt tilknytting til mellomaldergildet der, Olavsgildet eller det såkalla Onarheimsgildet. Såleis vart stova flytta attende. Huset skulle såleis på det meste vera 6-700 år gammalt, meinte ein.

Det var denne stova sogeinteresserte lokalpersonar fatta interesse for på slutten av 1950-talet. Avlidne fylkesagronom Arne Bu gav i 1950-åra sin eigedom i Seløya til Hordaland Landbruksselskap. Han heldt den gamle røykstova i god stand. Dette var hans gildehall, og her samla han ofte vener og tok i mot gjester. Ved slike høve la han sterkt fram om nytten av å halda den gamle spelsau som husdyr. Elles gav han råd og rettleiing om mangt og mykje som vedkom gard og bondeliv. Den gamle gildeskråa for Onarheimsgildet hang på veggen, og han hadde samla mange gamle bruksting.

Truleg ei stove frå 1800-talet

Seløystova var bygd av tømmer hogd på Seløya. Seløya er ein god skogsgard, og når dei kunne hogga tømmer i eigen skog tok dei knappast strevet med å frakta gammalt stovetømmer hit. Såleis gjekk ein relativt snart frå tanken om at stova skulle ha noko med Onarheimsgildet å gjera.

Stova er truleg eit par hundre år gammal, og er sett saman av to bygninger samt delar frå andre hus. Det stod to røykstover på  Seløya midt på 1800-talet, ei på kvart bruk. Då  eigaren Mads Seløen gifta seg omlag 1886 bygde han røykstova på br.1. om til ei glasstova, i tillegg bygde han på loft og sette inn ein ny omn - og gjorde stova monaleg større. Det vart i alt eit langt hus  Eit stabbur stod tett bygd i mot nordvest. Røykstova på det andre bruket tok den same Mads sidan i bruk som verkstad. Denne stova sto nedom Mads sitt hus, og det er denne stova som sidan er blitt kjend som Seløystova. Eigentleg var dette to hus bygde saman, med ei stova i eine enden og ei  nyare bu i andre enden, slik byggjeskikken var. Påskøytinga var mogeleg å sjå utanfor, avdi taket var høgare på bua.  

Flytta til Onarheim

 

Seløystova slik ho står i dag.
Foto: Olav Skjellevik 2013.

Den gamle røykstova frå Seløyo vart flytta til Onarheim i 1968. Då vart stova plassert inni ein annan bygning. Sjølve røykstova dekkjer omlag noko meir enn halvparten av golvflata til venstre i bygget. Når ein går gjennom døra kjem ein inn i eit inngangsparti med dør inn til stova. Frå stova er det ei anna dør inn til eit tilkopla kammers som også er eit tømra rom. Dette kjem frå ei gammal stove som stod på Gangstø ute i Skjelleviksundet.

Det er samla ein god del gamle ting som har vorte lagra i Seløystova gjennom åra i seinare tid. Kvar det meste av dei gamle tinga som er i stova i dag kjem frå, det er uvisst. Noko kom truleg som gåver, men mykje òg frå dødsbu.

Ytterveggen mot sør fekk ny utvendig kledning på våren 2008, og dermed hadde ein sikra stova mot råte for ein ny periode. Heile stova vart beisa utvendig tidleg på sommaren 2009. I 2011 fekk stova endeleg torvtaket sitt lagd. Dette var eit stort arbeid der fagfolk frå Sunnhordland Museum saman med ein dugnadsgjeng frå Onarheim på to dagar fekk dette taket på plass. Ein månads tid etterpå var taket grønt.

Kjelder og litteratur

  • Tore Lande Moe m.fl: Bygge- og buskikk i Sunnhordland. Red. Knut Rage. Sunnhordland Årbok 2013.
  • Ernst Berge Drange: Tysnes gards- og ættesoge band 4. Utg. Tysnes Sogelag 1991.
  • Johannes Heggland: Tysnes, det gamle Njardarlog band 2. Utg. Tysnes Sogelag 1975.