Forside:Selje kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Selje)
Hopp til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Møre og Romsdal
Sogn • Sunnfjord • Nordfjord
Vågsøy • Selje • Eid • Hornindal • Gloppen • Stryn

Om Selje kommune
1441 Selje komm.png
Selje kommune ligg i Sogn og Fjordane, og har namn etter administrasjonssenteret, tettstaden Selje. Kommunen omfattar halvøya Stadlandet, fastlandet for halvøya og øyene inst i Sildegapet. Den største av øyene, Barmen, er det einaste som har større busetning.

Selje er ein av dei viktigaste fiskerikommunane i fylket. Ein finn også fiskeoppdrett og fiskeforedlingsfabrikkar. Jordbruket er også ein viktig næringsveg for mange, særleg husdyrbruket. Det er ein del industri i kommune, og turisme har blitt viktigare i seinare år. Eit kjend turistmål er Selje kloster på øya Selja, som er knytta til legenden om St. Sunniva. Øya var bispesete fram til 1170, då biskopen flytta til Bjørgvin.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Kvalheim krins 1861
Foto: Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kvalheim krins låg opphavleg i Selje kommune. I 1910 vart krinsen ein del av nye Nord-Vågsøy kommune. Ved kommunereguleringa i 1965 vart kommunane Nord-Vågsøy, Sør-Vågsøy og delar av Davik kommune slegne saman til Vågsøy kommune.

Under krinsreguleringa i 1861 vart Indre- og Ytre Kvaleheim i tillegg til Myra lagt til Kvalheim krins. Krinsen hadde då 30 elevar. Skulestove og kost skulle haldast hjå Ole Myre. Tilsynsmann var Peder Nilsen Ytre-Kvalheim.

Kvalheim krins fekk skulehus i 1911 og var for det meste ein todelt skule, utanom tidsrommet 1938-1945, då var den tredelt.

I 2003 vart Kvalheim krins lagt ned og elevane sendt til Raudeberg skule   Les mer …

Kystgeit, òg kalla utegangargeit og villgeit, er ein geiterase som tradisjonelt blir halden på øyane langs kysten. Alle dyra som finst att i dag er etterkommarar etter utegangargeiter frå Stadlandet i Selje i Nordfjord, Sandsøya i SandeSunnmøre og Skorpa i Herøy på Sunnmøre. Kystgeita har tradisjonelt vore halden for kjøtet si skuld og ikkje for mjølking. Tradisjonelt har mange av bukkekjea vorte kastrert.   Les mer …

Julius Cæsar Hartmann (18851969) var ein kunstmålar frå Selje i Nordfjord som i mange år var den einaste i ytre Nordfjord som livnærte seg berre av måleri. Han måla særleg landskapsmåleri. Julius Cæsar Hartmann vart fødd i Selje den 2. mars 1885. Han skal ha vore ei tid i Canada og mange av motiva er derifrå. Etter at han kom heim frå Amerika arbeidde han ei tid som sjømann. Hartmann hadde i periodar svært dårleg råd og mange av måleria hans vart måla på oljedukar i staden for lerret. Dette har resultert i at mange av maleria har gått tapt ved at målinga flassar av. Han døydde i 1969.   Les mer …

Klosterruinen med tårnet.
Foto: Dag Bertelsen
Selje kloster var i middelalderen et kloster tilhørende Benediktinerordenen på øya Selja i dagens Selje kommune i Sogn og Fjordane. Det er omfattende ruiner på øya, som er tilgjengelig med båt fra tettstedet Selje.Ruinene av Selja kloster er blant de best bevarte klosterruinene i landet. Noen steder står murene helt opp i mannshøyde, hvilket er svært uvanlig. Kirketårnet er svært godt bevart. Dette må henge sammen med beliggenheten, som gjorde det lite gunstig å bruke det som steinbrudd slik man gjorde med de fleste andre klostre. Det er ruiner av alle de tre hoveddelene av klosteret: Selve klosterbygningene på sletta, St. Sunnivakirken på en terrasse ovenfor og Mikaelhelligdommen i hulen. Det er også rester etter et stort steinnaust i havna, og hellelagte stier fra havna til klosteret. Ved havna finner man også ruiner av middelalderkirken på og rester etter gammel bosetning.   Les mer …

 
Sjå òg


 
Eksterne ressursar
Forside:Selje kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Selje kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar