Sigurd Aamlid

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigurd Aamlid
Foto: Norske skolefolk (1952)

Sigurd Aamlid (fødd 8. september 1889 i Valle i Setesdal, død 19. november 1964) var lærar, underoffiser, mål- og ungdomslagsmann. Lengst verka han i Kristiansand.

Bakgrunn

Han var son av bonde Torjus Halvorson Aamlid og Tora Eivindsdotter. Sigurd Aamlid tok eksamen ved underoffiserskulen i 1910 og lærareksamen fire år seinare.

Lærar

I 1915 vart han tilsett som lærar ved Nordbygda skule i Heddal, men fekk i 1920 ein post i Kristiansand. Sigurd Aamlid, som seinare vart overlærar, var frå 1931 lærarane sin representant i skulestyret i byen. Som lærar dreiv han òg med skulekringkasting for radio, og laga mellom anna programma «Litt frå og um Sørlandsbyane» (1936) og «Kristiansand. Eit moderne trafikksentrum» (1939).

Samfunnsengasjement

Aamlid var oppteken av ungdomsarbeidet, mellom anna som styremedlem i Vest-Agder ungdomslag i to år. Han var òg styrar av Agder målkontor og sat i styret i Noregs Mållag. Han var ein samfunnsengasjert person som sat fleire perioder i bystyret i Kristiansand, ved sidan av verv i Den norske Turistforening og Kristiansand forsvarsforening.

Familie

Sigurd Aamlid vart gift med Gunnhild Tellefsen (1898-1976), dotter av kjøpmann Simon Tellefsen og Karen f. Lindebø. Gunnhild og Sigurd Aamlid hadde i 1934 to døtrer.

Han døydde i 1964, og i minneordet i Aftenposten vart han omtala som «en kjent mann på Sørlandet». Sigurd og Gunnhild Tellefsen er gravlagde på Gamle Oddernes kyrkjegard.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker