Sigurd Sverresson Lavard

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Sigurd Lavard»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sigurd Sverresson Lavard (nemnd 1181 til 1200) var son av kong Sverre Sigurdsson og ei ukjend kvinne. I krigen mot baglane fekk han oppgåver som sveithøvding, men utmerka seg ikke som krigar. Han spelde ei lita rolle i kampen om makta i Noreg, og kom heilt i skuggen av halvbroren Håkon Sverresson. Sigurd var truleg ikkje gift, men han var far til Guttorm Sigurdsson som var birkebeinaranes barnekonge ei kort tid i 1204.

Hovudkjelda til det vi veit om Sigurd er Sverres saga. Den gjer ikkje eit godt bilete av ham. Han skal ha vore unnfallande i strid, og Sverre er skarp og nedsetjande når han talar om sonen. Med tanke på at Sverres saga vart skrive under Sverres kontroll tyder dette på at det ikkje var noko godt forhold mellom dei to. I følgje Saxo Grammaticus hette Sigurd opphaveleg Unas, etter mannen som kan ha vore Sverres verkelege far. Han skal ha fått namnet Sigurd då Sverre hevda å vere son av Sigurd Munn. Ei slik oppkalling av sonen styrka kravet, medan eit anna namn ville ha svekka det. Men dette kan óg vere propaganda frå Sverres motstandarar. Truleg kom han med faren frå Færøyane i 1176. Moras namn er ukjend, men ein færøysk tradisjon hevder det var Astrid Roesdotter.

Sigurd nemnast første gong i 1181, under kampane i Nidaros i november det året. Magnus Erlingsson tok byen, og stallaren Gudlaug Vale nekta å fortelje kvar Sigurd var. Gulaug vart drept, men Sigurd kom seg unna. Han vert kalla lávarðr, frå angelsaksisk hlâford, som her må tyde «tronarving».

I 1193 leia Sigurd ein sveit birkebeinar i Borg. Tre år seinare flykta han under kampar i Ranrike, noko Sverre på det næraste skjelde ham ut for: «Ve den kongeson som førar sin sveit så slett som du har gjort i dag»[1]. Dette gjentok seg under bondeopprøret i Viken 1200. Sigurd døydde seinare same år. Sonen Guttorm var da berre nokre månader gammal.

Ei runekjevle frå kring 1198 vart for nokre år sidan funne under utgravningar på Bryggen i Bergen. Det lå i fyllmassane etter bybrannen i 1198. Sigurd skriv der på vegne av kongen og ber om at råjern blir smidd til våpen. Brevets innhald og form tyder på at Sigurd, trass at han var svak i kamp, har hatt ei sentral rolle i organiseringa av militære forsyningar.

Referansar

  1. Sverres saga, 123

Kjelder