Sjøholt Hotell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjøholt Hotell.
Foto: Olve Utne (2008).
Motiv frå Sjøholt, med det nye hotellet til høgre i bildet.
Foto: Marthinius Skøien (omkr. 1901–1910).

Sjøholt Hotell ligg i tettstaden Sjøholt, Ørskog i Ålesund kommune. Hotellet vart åpna i 1887. I 1855 utlyste Romsdals amt ei «bevertningsbevilling» for Ørskog, men først 32 år seinare kunne hotellet åpne. Hotellet brann ned i 1900, og nybygget som står i dag, var klart i 1901.

Dagens hotell er ein bygning i sveitserstil på tre og ein halv etasje. Bygningen er freda av Riksantikvaren. Det har vorte gjennomført omfattande restaurering, finansiert mellom anna av Norsk kulturminnefond.

Kjelder

Koordinater: 62.48322° N 6.81381° Ø