Sjølveigargardar i Vest-Agder og utflytting til Setesdal og Fyresdal på 1600- og 1700-talet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sjølveigargardar i Vest-Agder og utflytting til Setesdal og Fyresdal på 1600- og 1700-talet. Etter svartedauen og fram til 1600-talet var der i Sør-Noreg eit belte med sjølveigargardar, dvs. der bøndene sjølve eigde gardane. Beltet strekte seg frå Sokndal i Rogaland til Valdres i Oppland. Beltet gjekk gjennom Bakke, Gyland, øvre Kvinesdal, Setesdal, øvre Telemark og Buskerud.

Vi skal i denne dokumentasjonen sjå på tilhøva i dei indre bygdene i Vest-Agder, sjå litt på slektshistorien deira og sette søkeljos på det arbeidet bønder herfrå dreiv innan tømmerhogst i Setesdal og Telemark. Det blir vist eksempel på enkeltpersonar som fant seg ei kone utanbygds og slo seg til.


Sørvest-Noregs sjølveigargardar

Opprinninga til beltet med sjøveigande bønder er uklar. I ein del tilfelle ellers i landet så veit ein at bøndane mista gardane til kyrkja, på grunn av straffbare handlingar. Dette veit ein mellom anna skjedde i Sirdal vest for Siraelva.

Ein sjølveigar hadde større kontroll over bruket enn ein leilending. Det einaste som skulle tilseie at han ikkje overførte den til neste generasjon, var at det ikkje var barn til å overta, eller at økonomiske vanskar hindra han i å halde på garden. Ein gardbrukar som bygsla garden kunne derimot risikere at jordeigaren hadde andre planar med garden når eit generasjonsskifte nærma seg, og at den neste generasjonen derfor ikkje fekk overta. Dei måtte finne seg ein annan gard. I visse høve veit ein au at leilendingane hadde ei føremon ved at dei kunne bli hjelpt i vanskelige tider ved at bygselavgiften blei redusert. Historien viser at det var mykje frå dei gamle sjølveigargardane i sørvest Noreg at barnevandringane på 1800-talet skjedde. Dette har i seinare tid blitt aktualisert gjennon filmen "Yohan barnevanderen". Det som skal synliggjerast her er at desse vandringane kanskje har ein viss førhistorie, langt tilbake i tid.

I Lund var der sjølveigargardar i Sireheia og gardane vest for Lundevatnet. Ein gard som Gjersdal blei delt opp frå eit bruk kring 1550 til 4 bruk i 1645. Dette måtte føre til at det blei trangt om plassen. Det same gjaldt odelsgardar i Hovsherad og Bakke. I Gyland var 16 av dei 18 grunngardarane bondegods. Ein kan anta at ca. halvparten av desse grunngardane hadde busetnad rett etter svartedauen. I tillegg til dei 16 bondeeigde gardane var det i Gyland ca 20 gardsbruk som enten låg øyde eller som blei brukte som støylar. Fram til 1600 talet blei au desse gardane busatte. Etterkvart då det kom nye barnekull blei det her trangt om plassen. Dette gjaldt spesielt gardane som låg inn frå sjøen og ikkje grensa opp mot fjellet. Ein ser at det er ein forskjell mellom gardar i Gyland og f.eks. Sirdal eller Setesdal. Medan det som blei brukt til støylar i Gyland blei folkesett, fanst det i bygdene som grensa opp mot fjellområda nesten ubegrensa av beitemark til dyra innover heiane. Det ligg i navnet at gardar som Øystøl, Listøl og Stølen i Gyland var busette stølar.

Når det gjeld dei bondeeigde gardane i øvre del av Kvinesdal, dvs. Fjotland, så er det ein litt annan historie. Det ser ut som veldig mykje av Fjotland blei lagt øyde etter svartedauen. Dei fyrste brukarane på gardane var såkalla rudkallar, det vil seie at dei tok jorda opp av aude, og reparete eller bygde nye hus. Me har segner om at desse rudkallane kom frå Setesdal, og navnelikskap kan au kanskje tyde på det. Det er imidlertid mest trulig at rudkallane kom frå Sirdal, men slekta frå Setesdal, slik som med Josdalfolket som kom til Risnes og Netland. Det var ikkje slik at dei berre kunne reise og ta seg jord, øydegardane hadde au ein eigar, men garden kunne tileignast enten ved kaup eller frå ein fjern odel. Der var nok ein del odelslause gardar etter svartedauen. Det går ein del segner om rudkallar som framandfolk. På Skibeli i Sirdal skulle dei vere frå Setesdal, på Lindefjell skulle det vere ein hollendar, hyrmannen i Øksendal skulle vere skotte, Aanen på Vordal var Setesdøl osv . Knut i Åseral veit vi var danske, og Cormis som var forpaktar av godset til Anne Rosenkrantz i Kvinesdal var trulig au utlending. Jesper eller Gest, som blei gift til Stakkeland, var kanskje dansk osv.


Gardane i Fjotland som lå opp mot heia, ser ut til å ha vore rikare stilt enn gardar litt lenger nede i dalføra, ved at det var meir fjellbeite. Som eksempel så har vi garden Netland sør for Knaben. Før svartedauen skal her ha lege to store gardar jamsides her, Nesland ute pa neset og Skeid lenger vest. Seinare var øydegardene kalt Netland, og dette var gods som futen Niels Jensson hadde tillegna seg. Han selde i 1508 vidare øydegardane Netland og Risnes til sirdølen Kolben Guttormson Josdal, og josdalætta vart seinare sitjande på garden. Til desse øydegardane låg fleire andre såkalte øydegardar som no var kalt støylar. Lenger ned var garden Lindefjell. På eigedomstilhøva kan det virke som om alle gardar langs Kvinaelva mellom Lindefjell og Nedre Kvinlog ei tid har hatt ein eigar, der kjernegarden kanskje var Engedal. Tidlig på 1400-talet levde ein Tore Torsteinsen på Øvre Kvinlog, men det ser ut som om garden har lege aude ei stund etter dette. Ein kan nevne at tidlig 1600 tal levde den fjotlandske ”bygdehelt” Trond Hosuldson på Nedre Kvinlog. Lenger aust vart Eiesland teken i bruk etter svartedauen. Vordal var ein audegard i næleiken, der Aanund var rudkall tidlig på 1600 talet. Han sleit med økonomien, men etterkvart sikra han seg eigarskap til halve garden. Ellers var det mange gardar rundt Eiesland som seinare eller ikkje blei rydda etter svartedauen. Navn i nærleiken vitnar om dette slik som Øygardstjønna, Øygarden Spillebrok, Audalstøl m.m.. Ellers var der gardar i heiane innanfor Vordal m.a. ved Mjåvatn. Mjåvatn og Eftestøl va gardar som etter måten ligg langt inne i heia, og som blei nyrydda før år 1600.

Nedover i dei to dalføra i Kvinesdal var det nok heller folketomt etter svartadauen. I øvre delen, dvs. i nedre Fjotland og i øvre Kvinesdal (nord for Rafoss og Haugland) var det meste bondegods. I heile Fjotland var det bare Narvestad og Seland som var eigd av kronen. Frå ei sak om odelsretten til gardane Versland og Sinland, gardar som ligg mellom Auster og Vesterdalen, kjenner ein noko til eigedomshøva. Gamel Bjørnsen Moi ville kreve odel til desse gardane pluss gardane Vatland, Årstøl og Røyseland. Han viste til at desse gardane var hans gamle odelsgods, og at dette hadde vore i hans slekt i 7 generasjoner. Han lista opp sine forfedre heil tilbake til ein Salve Moi som var født i tida rett før svartedauen. Gamel sin farmors farmor var Jorunn Olsdatter og ho hadde ein bror Tjodolf som hadde eigd desse gardane, men Tjodolf døydde barnlaus. Omring år 1500 hadde han selt desse gardane til ein Tollak som var farfar til den Ståle Osmundsen Birkeland som han hadde sak mot. Ståle var svigerson til Håkek Hugesen Foss i Sør Audnedal, og hadde au fått ein del gods og jord fra kona. Retten meinte imidlertid at saka var forelda og var endelig avgjort i 1599. Dette viser at folk frå dalen hadde site med gods lenge, men når det gjaldt øydegardane så var det ikkje alltid så høgt prioritert å ha eigedomstilhøva på plass. På 1500 talet var det nok av jord å ta av.

I brev satt opp i åra 1600-1603 så stemner Stigan og Aanund Røynestad saman med Hans Andersen Gullestad og Gunder Sande på Feda (dei to siste i fullmakt av deira brør) nokre personar angåande retten til gardar i Fjotland, dvs Helle, Omland, Kvinlog og Engedal, som dei meiner at dei har like stor rett til som dei som er nåverande eigarar. Dette er eigentlig kjernegardane i Fjotland dei ønsker ein del av. Dei innstevnte eigararane er Lauritz Magnussen Kvinlog, Øyuv Tjodolfsen Omland, Olav Ersdal og Olav Skjeggedal i Bakke. I eit nytt brev satt opp i 1610 spør Aanund Stigsen og Olav Nilsen almuen and kva for rett Sigbjørn Roddusen har til garden Helle i Fjotland. Då ga ein Tore Sveinungsen som svar at han hadde høyrt gamle Asbjørn Røynestad seie for meg og min far at han aldri visste kvifor dette godset var han frakommet i sin barndom og at han når var blitt gammel og brydde seg ikkje så mykje om det. Dette brevet kan tyde på at Aanund Stigsen og Ole Nilsen var tilflyttarar og dei hadde teke over gods etter Asbjørn Røynestad, enten ved kjøp, giftemål eller gamal odel. I ein grenseoppgang mellom Røynestad og Lyding i 1557 får vi vite at Asbjørn sin far heitte Sigbjørn og budde på ytre Røynestad. Sigbjørn navnet var m.a. brukt på Dunsæ i Gyland der Sigbjørn Gunnarsen var født ca. 1500. Noko etterslekt til Asbjørn på Røynestad er ikkje påvist. Når det gjeld breva som er skrivne på Akershus i 1601 så inneheld dei noko interessant tekst; ”.....alle de breffue, domme, quitanter som y hafr aff Stolle Birchellandt, Hasschall Ydne och Oxendalls mend paa samme goudz, sambtt altt anditt huis y ethr h´r udj mz forsuare will, och that om att lide occh undgielde epthr Norgiss Loug.” Her møter vi trulig att den Ståle Osmundsen som nevnt over, og det ser ut som ein Hoskuld og folk på Øksendal er at same slekt. I eit anna brev nevner au ein Aasmund Lelannd blant desse menn. Ut frå dette så virkar det som om den Tjodolf Olsen og den Tollak som er nevnt ovanfor ifm. garden Versland, ser ut til å ha eigd det meste av øvre Kvinesdal og Fjotland kring år 1500. Hoskuld som er nevnt budde på på garden Øidne (Audne) i Grindum. Der ser ut som at Hårek, son til Ståle Birkeland, skattar av denne garden i 1594. Åsmund Leland budde på garden Leland i Grindum, og han ser ut til å vere ein annan son til Ståle Birkeland. Vi ser at Olav Kvinlog skatta av ei halv hud i Leland så seint som i 1647. Dette gjev grunn til å tru at Eiel Åsmundsen (født ca. 1560) som gifta seg til Kvinlog var son av den ovanfor nevnte Åsmund Leland. Slekta på Øksendal (som mest trulig gjeld garden med dette navn i Sirdal) er på eit eller anna vis kopla til desse menn. Merk at kring 1600 var fire menn som var søner av Rolleiv Stålesen Øksendal, nemlig Evert, Eivind, Ståle og ein Tollak. Faren var altså Ståle. Kan denne Ståle vere den nevnte Ståle Osmundsen – i så fall fell ein del brikker på plass?

Flyfoto fra Rafoss i Ytredalen og nordover til nordre del av Kvinesdal (kilde: Kvinesdal kommune)

I nederste del, dvs. Ytredalen, av Kvinesdal så har ein i middelalderen hatt ein situasjon der gardane enten er busatt av rike eigarar eller så er dei eigd av rikfolk, og med leiglendingar på garden. Ein kan tenke seg at dette er eit eigedomstilhøve som er ivareteke heilt frå tida før svartedauen. Ein kan tenke seg at det var ein eller fleire stormannsgarder i aristokratisk eige i dei sentrale strøk av Liknesområdet, og ein godseigarstruktur med betydelige innslag av underordna bønder i Ytredalen, mens øvre delar har meir preg av sjølveigarbygd. Ein har visse indikasjoner på at nokre historiske garder i dette bygdelaget ein gong kan ha høyrt saman. Det gjeld først og fremst Gullestad og ytre Egeland. For det første inngår dei to gardene i eit omfattande bondegods i 15- og 1600-åra. Til ytre Egeland-Gullestadgodset høyrte brorparten av gardene i Ytredalen nord og vest for det det som i dag er Liknes sentrum, i tillegg til eit antall garder sør for Fedefjorden. Det eldste bevarte diplomet frå Kvinesdal er en grenseoppgang mellom nettopp ytre Egeland og Gullestad. Brevet er skrive på Egeland og er datert 1292. For det første får vi vite at bytet mellom Egeland og Gullestad strekkar seg heilt frå Gyland i nord til eit godt stykke sør for elva, inn i det som i dag er Eljestraums utmark. Det må i alle fall bety at alle dei mindre gardene i denne delen av Vestheia låg under enten ytre Egeland eller Gullestad. Dette er faktorar som er med på å forklare bakgrunnen for dei grensene ein såg mellom bondeeigd og kroneeigd jord og mellom aristokratiske bønder og ”vanlig” bønder i Kvinesdal i middelalderen.

Øyesletta og Liknes i Nedre Kvinesdal (kjelde: Kvinesdal kommune)

Skogbruk

I Gyland og Fjotland lærte dei seg tidlig å drive i skogen. Det blei noko dei lærte frå dei var unge. Etter kvart som skogen her blei nedhoggen, blei det til at desse ”Vestmennene” drog ut til andre bygder for å drive med skogsarbeide og tjene til livets opphald. Til ein viss grad var det nok nauda som dreiv dei ut. Dei kunne sitt fag. Oppgangssaga kom tidlig i bruk i området. Allereie i 1617 var Furøysaga på garden Veggeland i Fjotland i bruk. På Øksendal i Sirdal hadde dei sag alt år 1600. Aslak Håland i Fjotland dreiv ei vass-sag på slutten av 1600-talet. Sidan det blei lagt på skattar på sagdrifta, fann mange det naudsynt å gi opp sagdrifta. Mangel på trevyrke var nok au ein medvirkande årsak. I tillegg var det ein konkurranse fra dei større sagbruka ved Tjørsvaag i Flekkefjord, der ein del av trevyrket blei skipa ned Kvinavassdraget. Nokre bøndar fekk au bot fordi dei ulovlig hadde selt tømmer. Tømmerskogen rådde bøndene ikke over, sjølv om dei var eigarar. De var kongen og adelen som bestemte over den. Det var omkring 1600 at etterspurnaden etter trevyrke skaut i veret. Det var stort sett hollandske sjøfolk som frakta tømmeret frå Noreg og ut i Europa. I Holland var norsk eiketømmer ettertrakta til påling. Etter storbrannen i London i 1666 nådde etterspurdnaden etter trevyrke ein topp, og det var vanskelig å levere nok. Eikeskogen nær kysten var uthoggen. Furuskog blei då meir eksportert. I tillegg så var bjørkeskog opp mot tregrensa svært ettertrakta. Fjellbjørka var svært solid tømmer, som kunne brukast til mykje. Det blei hogge i skogen oppover langs Kvinavassdraget, heilt opp til Øyarvatnet. På det mest ekstreme skal tømmer ulovlig ha blitt hogge i vestdalane i Setesdal og frakta til Øyarvatnet om vinteren, og så fløyta ned Kvina og heilt til Flekkefjord på våren.

Ein som dreiv forretning med utskiping av tømmer var Bjellandspresten Søren Schive. Det seies at kona hans var ein ivrig pådrivar for verksemda. Søfren Thomsen Schive vart fødd i Stavanger 1623, men vaks upp i Trondheim. Han var gift med Anna Sørensdotter Godzen, fødd i Stavanger 10. juni 1642. Vi veit at Schive i periodar leia fløytinga av tømmer i Kvina nord for Kvinlog. Hans skulle ha mange fløytarar i arbeide. Ludvig Daae har også nevnt herr Schive i sin Krønike om Kvinesdal – sitert ” Da Hr. Søren engang var ude paa Tømmerflødning i Kvinesdal og med sin Baadshage gik langs med Elven, mødte han en Løitnant Frønsel med et Fruentimmer. «Kommer du der, du gamle skjæggede Præst med din Baadshage ?» sagde Løitnanten. «Kommer du der med din H... ?» svarede Hr. Søren. Løitnanten trak sin Sabel og vilde gjennembore Præsten, men denne «satte ham ved sine Trolddomskunster fast» med de Ord: «Nu skal du staa der, til jeg løslader dig.» Og Løitnanten maatte staa der i atten Timer. Et lignende Sagn om Hr. Søren er henlagt til Ørevandet i Aaseral.. Da den vise Hr. Søren Schive engang roede paa dette Vand, mødte han, heder det, en Kaptein med nogle liderlige Fruentimmer. Han begyndte at skjende paa Kapteinen, og denne gav ondt fra sig igjen. Da standsede Hr. Søren hans Baad, saa at Rorsfolkene, hvormeget de end anstrengte sig, ikke kunde faa den af Stedet. Efterat nu Kapteinen i lang Tid havde skjeldt Hr. Søren ud, maatte han endelig frie Rorsfolkene i at bede Præsten om Forladelse, og om at slippe løs. Da øste Hr. Søren et Par Gange Vand op med sin Haand bag Baaden, og strax blev Kapteinen løst. Næsten ved alle Vasdrag i Lister og Mandals Amt fortælles Sagn om, at Hr. Søren Schive, hvergang Tømmer havde samlet sig i smale Strømme og Fosser, og ingen Anden formaaede at løse det, blot behøvede at kaste sin Snusdaase ud i Fossen for at faa det klart.”

Bøndane hadde kunnskapen omkring tømmerhogst, men etter kvart blei det nok lite å gjera i Gyland og Fjotland. Spesielt i Gyland starta mange å bli handelsmenn. Nokre tok tjeneste hos hollendarane, medan andre tok tjeneste innan skogsdrift lenger aust og nord i landet. Vi skal her sette søkeljos på nokre einskilde personar som valgte skogsyrket og trulig på grunn av dette flytta enten til Telemark eller Setesdal. Først nokre tankar om bakgrunnen til dette.

Til Setesdal

Som nevnt ovanfor er der trulig noko i det som m.a. Per Seland har indikert at nokre av dei eldste i Fjotland, dvs. dei som rydda oppatt gardar etter svartedauen kom frå slekter i Setesdal. Såleis var det naturlig for dei å vandre tilbake dit seinare til slekt eller for å ta seg arbeide. Heiane nordover langs Kvinavassdraget var relativt lette å ferdast i på hesteryggen. Eit eksempel på denne tidlige kommunikasjonen mellom Fjotland og Setesdal, er eit brev skrive i 1578. Brevet er satt opp på Skomedal i Bygland, men omhandlar mest sannsynlig eit skifteoppgjer for garden Kvinlog i Fjotland. Det gjaldt eit skifte etter Knut sine barn på Kvinlog. Fjotlendingar som hadde teke turen over til Setesdal som lagrettemenn var Mads Sigmundsen Haugland og Sigurd Roddusen Helle. I tillegg var ein Håvard Sveinsen lagrettemann. Kven Knut i Kvinlog var er uvisst. Når det gjeld den nevnte Håvard Sveinsen så var han mest sannsynligvis Kvinesdøl. Det er interessant å sammenstille navn i Fjotland og Bygland på den tida. Håvard navnet var uvanlig i Bygland, men meir vanlig lenger opp i Setesdal. Ut frå rein gjetning kan denne Håvard Sveinsen ha vore den Haavard Bytiønd som skatta av garden Biktjørn i Kvinesdal i 1594. Verken Svein eller Håvard-navnet er funne på Biktjørn seinare. Mhp. navn som er typiske og går att i både Bygland og Fjotland/Gyland kan nevnast: Sveinung, Aasolv/Aasel og Orm. Då det nevnte brevet blei satt opp på Skomedal i 1578, så budde lensmannen Orm Gunnarsen på den garden. Han hadde fire søner og tre døtre. Nest eldste sonen, Knut, tok over som lensmann etter faren. Han blei gift med Tora, ei datter av Sveinung Greibrokk. Sveinung navnet hadde vore i Greibrokk slekta i fleire generasjonar. Aasolv navnet i Bygland hadde sitt opphav frå Sandnes, rett over fjorden frå Skomedal. Aasolv har au i bruk i Aaseral. I Fjotand er der to med navn Aasolv ein ikkje kan gjere greie for. Det er Aasel Eiesland som er nevnt på garden i 1594 og 1617, og Aasel Hegland som eigde gods i Fjotland og Gyland i 1617. Ein Sveinung skatta av Eiesland i 1617, igjen med ukjent opphav. Ellers kan nevnast Tore Sveinungson, som vitna om garden Røynestad i 1610. Når det gjeld Orm navnet så skatta Orm av Eigeland i Fjotland i 1594, Orm Brynjelsen skatta av Veggeland i 1617 og på Galdal var ein Orm i førstninga av 1600-talet. Det ser ut som at denne Orm på Veggeland kan vere son til Brynjel Knudsen Homma i Gyland, der faren Knut kanskje budde på Homma i Gyland. Iallefall budde sonen Didrik Knutsen der. Ved å spekulere litt vidare så kan det vere tenkelig at ein eller annan etterkomar av den nevnte Knut Kvinlog budde i Bygland og då helst Skomedal. Vi veit ikkje kven kona til Orm Gunnarsen var, men det er verdt å merke seg at navnet Knut kom inn i slekta med sonen Knut Ormsen. Kunne kona til Orm Skomedal vere dotter til Knut Kvinlog? Ein kan også tenke seg at f.eks. Lars Magnussen var gift med ei dotter til Knut Kvinlog, men dette blir bare rein gjetning. Magnus er eit så spesielt navn på desse delar i landet på den tida at det er mykje som talar for at Lars Magnussen var ein tilflyttar. Det som også er litt spesielt er at Magnus navnet ikkje har blitt ført vidare i slekta. Med denne navnediskusjonen så er det forsøkt å sjå på mulige slektstilhøve mellom Fjotland/Gyland og Setesdal på 1500 talet. Dette kan mogelig settast i samanheng med den arbeidsutflyttinga som vi veit skjedde noko seinare.

Me vil først sjå på samkvemet mellom folk på Lindefjell i Fjotland og Bygland, og vidare sette søkeljos på personar som seinare utvandra frå Gyland/Bakke og Fjotland og til Setesdal.

Lindefjell

Det har tidligare blitt nevnt garden Lindefjell i Fjotland. Frå denne garden har det av ein eller annan grunn vore ein utstrakt kontakt til gardane i nordre del av Bygland i Setesdal. Som tidligare nevt så er det ei segn om at Lindefjell var rydda av ein hollendar. Ein finn ingen ting om dette i kjeldene. Hoskuld leigde garden seint på 1500 talet. Det var Knut Eielsen, som var den første kjente brukar og eigar på Lindefjell, og han hadde arva jorda etter morfaren Lars Magnussen som budde på Kvinlog. I 1594 så blei det satt opp ein brev på Høle i Rogaland, der Peder Olsen som budde i Lyse avhenda jord i øydegarden Lindefjell til Torgrim Seland og Eiel Kvinlog. Desse tre var alle gift med ei dotter til Lars Magnussen på Kvinlog. Vi ser at det på denne tida var det kontakt mellom desse slektene, dvs. Lyseslekta med utspring i Sirdal, Høgsfjord og Setesdal og slekter i Fjotland. Knut Eielsen (født 1584) hadde ei dotter Gjøa som blei gift med ein Ole Madsen. Denne Ole Madsen var nok ein framandkar som busette seg på Lindefjell. Olav Madsen var fødd 1597. Vi veit at han og barna til tider oppheldt seg i Bygland, der dei dreiv innan skogsvyrke. Dei tjente iallefall for lensmannen i Bygland, Olav Ormsen Ose (son til den tidligare nevnte Orm Gunnarsen). Dei leverte tømmer til bjelkehandlar og byfut i Kristiansand, Peder Jensen Lind, ein kar som Olav skulle ha eit personlig godt venskap med. Det blei hogge i liane oppanfor Ose, fløta ut Byglandsfjorden, og videre ned Otra til den nylig grunnlagte byen Kristiansand. I 1674 kom gutane frå Lindefjell opp i ei sak på Ose. Eit par år før hadde Olav Ose lete dei to drengane sine, Orm og Knut Lindefjell, kløyve ein bjelke som hadde merket til kommisær Tønnesen. Det var ein bjelke som etter fløytinga frå Hylestad hadde stranda på Ose. Dei blei dømde for det på hausttinget. Olav fekk ein klekkelig bot, men ville ikkje betale. Det enda med at han blei benåda av statthaldar Gyldenløwe så seint som i 1693. Ole Madsen Lindefjell hadde 3 søner, Mads, Orm og Knut, og ei dotter Tone. Mads fann seg kone på Skibeli, og tok over heimebølet på Lindefjell. Knut slo seg etterkvart ned på Gunsteinli i Fjotland. Kva som skjedde med Orm er uvisst. Det kan vere han som i 1683 budde på garden Heggland i Bygland. Tone, som trulig au hadde vore over til Bygland for å tjene, blei gift med Ole Salvesen Tveit frå Bygland. Olav og Tone slo seg au etterkvart ned på Lindefjell. Vi skal så ta føre oss ein seinare tilflyttar til Bygland.

Ivar Fedjestad

Ivar Sigurdson, var einaste son til Sigurd Andersen og Gro Gunnarsdatter Fedjestad i Gyland. Gro var oppvaksen på Gyland, mens Sigurd var tilflyttar. Ivar var fødd i 1706, og innskreven som soldat i 1729. Det er mykje trulig at Ivar reiste ut som tømmerhoggar. I 1729 starta han å bruka han eit lite småbruk på Helle i Hylestad. Han hadde funne seg ein kjæraste fra Setesdal, nemlig Tore Eivindsdatter Lunden frå Oveinang i Valle. Dei vart gifte i 1734 og budde nokre år som leiglendingar på gardane Bjørgum og Berg i Hylestad. I 1748 fekk Ivar kontrakt på å rydje øydegarden Leivstøl som ligg inne i heia mellom Setesdal og Fyresdal i austre enden av Straumsfjorden. Garden låg nesten 800 m.o.h. Paret fekk i at 10 born som levde opp. Berre dei to yngste var fødd på Leivstøl. Ivar levde her til han døydde i 1787. Sonen Anders budde her ei stund, men alt i 1800 var garden fråflytta. Livet på Leifstøl kunne bok vere hardt. Når dottera Anne måtte til sjukehuset i Kristiansand skrev sognepresten med eit brev. Han stadfester at ho er fødd av fattige bønder, der faren er Ivar Leifstøl, som med hustruen bur på ein liten plass, begge fattige og betlende menneske. Foreldrane er ikkje i stand til å betale noko for ”deres pikebarns kurering”.

Ein annan frå Bakke sokn som trulig dreiv tømmerhogst i Bykle var Sigbjørn Rannestad.

Handøks frå kring 1700 brukt i Bykle (kjelde: Setesdalsmuseet)

Sigbjørn Rannestad

Ein ”vestmann” som slo seg ned i Setesdal var Sigbjørn Torkelsen Rannestad. Sigbjørn var fødd på garden Rannestad i Bakke og foreldre var Torkel Aanundsen Rannestad og Turid Toresdtr født Lindland. Torkel sine grandfedre hadde budd på Rannestad i fleire generasjonar, iallefall tilbake til ein Torkel født ca. 1540. Rannestad var imidlertid ikkje bondegods. I 1701 heiter det: ” Kongl. Mayts. gård som i like mate følger til Landtz Compagniets Lieutenants Frigård, beboes av gemene bønder”. Sigbjørn hadde to brødre og ei syster. Han var nest yngste son. Mykje trulig så fulgde Sigbjørn sine sambygdingar til Setesdal for tømmerhogst i unge år. Mest sannsynlig så hogg dei i Løyningskogen i Bykle. Iallefall fann han seg ei kone i Bykle , Inger Aasmundsdatter Ryningen. Dei flytte til Rannestad etter at dei gifte seg, og den einaste sonen Torkel blei fødd her i 1724. Etter kort tid så braut familien opp og børja å drive ein gard i Vatnedalen i Bykle. Dei hadde først forsøkt å ta tilbake garden Ryningen i Nordbygda på odel, ein gard som offiser Kienlen i Valle hadde kjøpt, men dei lukkast ikkje med det før i 1735. Sigbjørn kombinerte trulig gardsdrift i Vatnedalen med tømmerhogst, og fekk slik endane til å møtast.

Vatnedalen i Bykle, bilete teke før oppdemmminga – ca 1910, truleg av August Abrahamson (kjelde: Setesdalsmuseet)

Til Fyresdal

På 1600-talet tok drifta seg opp i skogane i Fyresdal. Det var stor trong etter arbeidsraft. Tømmeret vart stort sett frakta til Bandak, og herfrå fløyta vidare til Skien. ”Vestmann” på garden Lislestoga? Til Fyresdal i Telemark skal det ha kome fleire fra ”Nord Agder” for å drive med tømmerhogst. Den første kjente var Magnus, som rydja seg ein del av garden Lislestoga i Hegglandsgrend. Magnus blei gift med dotter til ein Torjus i Fyresdal. Dei hadde sønene Bjørn og Gjermund, samt dottera Gjøa. Desse navna får ein med ein gong til å tenkje på Kvinlogslekta i Fjotland. Magnus var født ca 1560, og kan veldig gjerne vere ein son til Lars Magnussen på Kvinlog. Dottera Gjøa er den første kjente i Vest-Telemark med det navnet, og ho blei gift til Høydalsmo. Gjøa-navnet var stort sett brukt på Sørvestlandet før 1600. Magnus er også eit svært uvanlig navn på desse trakter. Sonen Gjermund blei gift med Åsne, men han døde ung. Enka gifta seg oppatt med ein Halvor Tormodsen. Lagnaden til Bjørn er ukjent.

Ein som seinare kom til Fyresdal som tømmerhoggar, og som vi veit var frå Vest-Agder, og slo seg til var Ole Håvardsen.

Ole Håvardsen

Ole kom trulig til Fyresdal som tømmerhoggar og blei gift med Gro Tjostolvsdotter Aslestad. Han budde på Aslestad 1650 og 1664, og so seint som i 1678 eig han framleis halvparten i garden «men budde så på Byggstøyl». I skattelistene er Ole nevnt på Byggstøyl i 1678 . I 1699 er Olav ført opp som eigar til heile garden. Far ti Gro, Tjøstov Eivindson, var i strid om arve og bruksrettane til Aslestad. Han hadde trulig kome inn på garden, avdi han blei gift med ei enkje der. Han blei gift oppatt med ei frå Setesdal. Etter 40 år som brukar av Aslestad, måtte Tjøstov flytte ut til dottera i Vrådal i kring 1680. Han gav seg ikkje med dette og heilt til han døydde var han i strid om retten til Aslestad. Ole sin svigerfar,Tjøstolv, var født 1612 var tilflyttar. Kor han kom frå er uvisst. Ole hadde jord i Nedland på Gyland og var etter alt å døme son av Håvard Gunnsteinsen Årstøl i Fjotland og andre kona Ingebjørg Olsdtr Birkeland fra Hægebostad. At Ole åtte jord i Nedland i Gyland veit me ut frå skiftet etter Guri Knutsdatter Homma som var gift med Lars Larsen Nedland . Dei døydde barnlause. Den jorda som Lars hadde dreve var delvis pantsatt til og delvis leigd av Ole Håvardsen ”Bikstøl” i Vrådal. Ole eigde 5 eng i Nedland i Gyland, som har leigde ut. Aasel Hegland eigde denne jorda og også jord i Årstøl i Fjotland i 1617.

Barna til Ole og Gro blei oppkalte etter deira besteforeldre; dvs. Tjostov, Håvard, Ingeborg og Sigrid. I tillegg ei Sigveig og endå ei Sigrid, den siste kanskje oppkalt etter Ole’s bestemor.

Aslestad i Fyresdal (ukjent)

Lat os så avslutte dette med nokre ord om ”sagnhelten” Trond Hoskuldson. I han så finn vi ein del særtrekk, som også gjenspeglar seg i ein del andre frå området, og som var ganske utypisk for bønder i norske innanlandsbygder. Eit av elementa er utferdstrong og lysten til å våge det ukjente. Det andre er kremmarånda og virke som handelsmann.

Trond Hoskuldson

Trond er kjent for eit urolig liv, og også for sine vandringar nordover i fjella og i bygdene omkring. I periodar var han lausgjengar og handelsmann. Mange av segnene knytta til han på takast med ei klype salt, men ofte har segner ein viss grad av sanning. Eventyrlysten visast i at han ønska å finne ut kor langt fjella strekte seg nordover, han tok ut og reiste i 6 døgn. Til slutt kom han ikkje lenger, på grunn av store elvar og snøsmelting. Det har vore gissa på kor langt han drog. Johan Jerstad nevner Suldasheiene. Trulig undervurderar han kor langt ein kunne kome på hesteryggen over heiane den gong. Trulig nord på Hardangervidda, eller kanskje endå lenger. Interessant er også historien om at Trond reiste vekk kvar jol, enten til Setesdal eller lenger. Vegen over til Langeid i Setesdal var ikkje lang, kanskje kunne han reise dette strekket på eit døgn. Kven reiste han så til i Setesdal, og kvifor fekk ikkje kona vere med han? Noko om det han dreiv med i Setesdal finn me frå ei rettsak i Bygland i 1638, der kona til Gunder Skomedal, Tora Rolfsdatter, var innstemnt for utruskap. Det som kom fram i rettsaken var sterk kost, sjølv i 2012.

Osmund Sandnes vitna og sa: ”Thoere Rolffsdater er enn Offentlige hoere. Och Sagde, at hun haffde Ligget med thuende mend, nemblig Thrund Hoschulsønn och Gunder Hujuffsonn.” Berulff Espelij vitna og sa: ”hun haffuer Ligget med Gunder Huiuffsonn, och fult Trund Hoschuldsønn paa weyenn”. Osmund Schrelannd sa: “At hun gich med sinn Thrund aff Støllerne och bori i Nehrhuus. och stall sinn faders øl. och gaff Sinn Trund. och gich saa ned till Qualle, och giorde hanns faders huus till Eet hoere huus”. Gunild Schrelannd stadfesta Ord for Ord det som Aasmund Schreland sa. Groe Oluffsdatter det same og la til at ho hadde sett: ”Toere Rolffsdatter førde Trund Hoschuldsonn Offuer fiordenn och at hun der schulle haffue giort Enn hoere aff Sig.”

Det er rimelig å tru at fjotlendingane hadde slektningar i Setesdal, og det mellom anna var til desse han reiste og opphelt seg. Imidlertid an ein heller ikkje sjå vekk frå at han var ein skikkelig lausgjengar. Trond var født kring 1590. Faren slekta frå ein Olav, med odel i Helle i Fjotland; dvs. ikkje frå Lars Magnussen på Kvinlog. Trond sine onklar Anstein og Øystein tok over gardar i Ersdal i Bakke og Engedal i Fjotland. Tron Hoskuldson åtte i tillegg til heile garden Nedre Kvinlog også Spikkeland og Risøyne Trond blei trulig fyrst gift med ei dotter til Trond på Roseigeland i Hægebostad. Med henne hadde han ein son og to døtre. Fyrste kona døde kring 1620, og han gifte seg oppatt med Anne Olsdatter Gysland frå Hægebostad. Folkeminnet vil ha det til at Trond drap tri menn. Bare éi drapssak er dokumentert i lensrekneskapane frå 1610. Trond blei dømd fredlaus, men ”løyste freden”. Også andre domfellingar syner at han var på kant med lova. Tron Hoskuldson var ein vågesam mann som tydeleg sa frå om høgt skattepress og pålegg frå ivrige embetsmenn. Dette er truleg ein viktig grunn til statusen han fekk som bygdehelt mellom folk. Andre ekteskapet hans med Anne Olsdatter blei nok turbolent.

Segni seier dette: ”Kvar jul drog Tron Hoskuldson ut på ei lengre reise. Reiseruta gjekk austover til Åseral og Setesdalen. Der tura han jol, som det heitte. Men kjerringa hans fekk aldri vera med på desse juleferdene hans. Ingen visste heller sikkert kor han heldt seg. Ein gong han skulle avstad, sette kjerringa seg bak på hesten og nekta å gå av. Tron gjorde som ingenting til han kom til Ånebreune i Kvinlogkleiva. Der steig han av hesten og sa til kjerringa: ?Nå dreb eg deg!?. Og så heldt han henne under i elva fleire gonger. Men ho bad for seg og lova at ho skulle reisa sin veg, så han aldri såg henne meir, dersom han spara livet hennar. På den måten skilde dei lag. Og såg ikkje kvarande på mange år. Ikkje på svært mange år.Ikkje før Tron var på tur langt austover, heilt til Raulandsstronda. Der fekk han husrom ein sein kveld i eit framand hus.Og vart overraska då han kom inn i stova. For der sat den tidlegare kjerringa hans. Begge gjorde som om dei ikkje kjende kvarandre, men han fekk ikkje blund på auga den natta. Tron var redd for at ho skulle seie til den nye mannen kven som hadde kome på besøk, og frykta at han ville ta livet av han. Det skjedde ikkje, og før han drog vidare neste morgon, stakk ho ein blank femmarksdalar i handa hans. Då han seinare utpå dagen opna skreppa for å ha seg litt mat, oppdaga han at at ho også hadde lagt i masse god nistemat. Det blir sagt at det var vondt for Tron å tenkja på denne hendinga i ettertid”.

Det stemmer at Anne Osdatter flykta, og jobba ei tid som gardsjente på garden Berge på Rauland i Telemark. Etter kvart blei ho gift oppatt med ein Aasmund som kanskje budde på Uppigard Berge, og dei fekk ei dotter Guri. Denne Guri blei gift med Sigurd Augundson på hovedbølet Berge på Raulandstrondi. Bryllupet stod kring år 1660, dvs at Guri og Aasmund må vere født ca. 1640. Etterkomarane i denne Bergeslekta har fostra mange kjente spelemenn. Når det gjeld Trond Hoskuldson så levde han som frikar i mange år. Mot slutten av livet gjekk det til alters med Trond. Han sette garden i pant, og garden blei delt opp. Ingen av borna overtok farsgarden. Tron Hoskuldson Kvinlog, hadde vore ein uvørden, slagkraftig og namngjeten fjotlandsk bygdehelt som blei opphav til mange segner, men noko av livet hans kan dokumenterast ut frå gamle rettsreferat frå 1600-talet. Trond skal etter segna vera den fyrste som blei gravlagt på kyrkjegarden ved Fjotland kyrkje ca. år 1670. Meir om Trond Hoskuldson er å lese i Fjotland sogebok, v/Johan Jerstad.

Andre som drog ut

Dei nevnte forteljingane er nok ikkje eineståande. Når levekåra heime i bygdene vart vanskelige hadde dei ein tradisjon for å dra ut for å skaffe inntekter. På 1600 talet var det ein stor utfart til Holland, spesielt fra Gyland og Kvinesdal. Ellers var det mange som drog austover i landet for å skaffe seg arbeide. Folk frå Gyland og Fjotland var mest involvert i skogsfrift. Ein av dei som kom vekk austafjells, enten med ulykke eller ved fri vilje var Gunnbjørn Salvesen Moi (født ca. 1650). Då han ikkje kom heimatt gifte kona hans, Ingebjørg Ersdal, seg oppatt.

Oppsummering

Kort oppsummert. Ein har vist nokre eksempel på utflytting frå indre bygder av Vest Agder til Setesdal og Fyresdal. Mykje av denne utflyttinga skylder trulig arbeid innan skogsdrift og tømmerutskiping. Me har indikasjonar på at det kan vere fleire eldre og ukjente slektsrelasjonar mellom Fjotland/Gyland og Setesdal på 1500-1600 talet, men førebels har ein ingen prov.

Kjelder

  • Fjotland Sogebok, Johan Jerstad
  • Sirdal Sirdal: Gard og Ætt BD I - 5, Per Seland
  • Kvinesdal Kvinesdal: ei bygdebok bd. I&II - Gards og ættesoga Ånen Årli
  • Bygdebok for Gyland : Gards- og ættesoga, Av: Lars Fr. Nuland
  • Bygland gard og ætt bind 3, Austad, Ose, Skore, Kile Av: Reidar Vollen
  • Kviteseid bygdesoge bind 1 Ættesoga Av: Torjus Loupedalen
  • Fyresdal : gards- og ættesoge, bind 1-3 Av: Steinar Marvik
  • En Krønike om Kvinesdal Av: Ludvig Daae
  • Jørgen Bjelkes sjølvbiografi, i.a.Friederica
  • 1594 Akershusskatter for Lister
  • Jordeboka 1617 for Lister
  • Odelssmanntallet 1624 for Nedenes, Råbyggelaget og Mandal.
  • Register Agderbrev, genealogy.no, Norsk Slektshistorisk forening