Sjnjaka

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Snjaka av større type, med baugspryt, stormaster og mesan.

Sjnjaka (russisk шняка, шнека el. шнек; frå norrønt snekkia, eit slags langskip) er ein tradisjonell nordvestrussisk og austsamisk open, spissgatta fiskebåt med årar og segl. Eit karakteristisk trekk ved sjnjakaen så vel som med dei nært beslekta, eldre skoltebaskane, er at borda er sauma heller enn klinka. Sjnjakaen som vi kjenner han frå 1800-talet hadde normalt ei totallengd på 7–12 m, førte éi master med symmetrisk råsegl eller sprisegl og hadde mannskap på fire. Lasteevnen var normalt 2,5–4 tonn. Dei største fartya hadde òg mesanmaster med gaffelsegl, så vel som baugspryd med fokk.

Sjnjakaen av murmansktypen var eit ope fartøy med éi master med råsegl og vart først og fremst bruka til torskefiske med garn eller snøre langs nordkysten av Kolahalvøya. Gjennom århundra utvikla pomorhandelen seg mellom pomorane, eller dei russiske fiskarbøndene, og nordmennene. I samband med det var både sjnjakaen i vidare forstand og dei større fartøytypane lodje og kotsjerma vanlege å sjå på Finnmarka.

Sjnjakaen har gjerne sauma bord.
Foto: Olve Utne.

Bordgangane i sjnjakaen som no er på Norsk Maritimt Museum er sauma med hamptaulykkjer sikra med trepluggar. Einaste unntaket er nedste botmnbord, som er trenagla til kjølen. Han er smekkert oppborda og har ikkje betar eller annan tverrskips avstiving, noko som på den eine sida gjer han til ein svært smidig sjøbåt og på den andre sida vil gje ein del lekkasje ved skrogvriding i grov sjø. Esinga er ein smekker granstamme som ligg med rota mot framstamnen. Stamnen på i det minste denne sjnjakaen er sterkt krumma – med ein stamnprofil som liknar skoltetrerømmingen som finst ved Norges arktiske universitetsmuseum i Tromsø.

Kjelder