Skarberg (Bykle gnr 9/3)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Skarberg
Bratteland 24.jpg
Skarberg i vinterklede, fotografert av Folke Nesland mot slutten av 1970-åra.
Rydda: 1820-åra
Utskilt: 1869
Stad: Botnen
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 9
Bnr: 3
Type: Småbruk

Skarberg ligg i ei kro på Bosvasstrondi i Bykle kommune, ein drjug km austanfor Skolås. Etter det me kan skjøne var det heilt frå starten sjølveigarbruk, og vart verande det, bortsett frå at det var husmannsplass nokre få år på 1880-talet.

Stoga var lita. Attmed gangen var tilbygd ei bu. På skjeldtilet oppå stoga var det sengerom utan vindaugo. Elles var her ei endå mindre løe med tilbygd fjos utan mykkjellar under. Husa låg på ein liten flate innunder fjellet. Utom denne er der ein stupbratt hamar ned mot vatnet. Fjosåkeren, der dei dyrka korn og jordeple, gjekk heilt fram på stupet. Det fortelst at dei laut tjore småungane, for å hindre at dei skulle gå seg utfor.

Den fyrste til å rydje og byggje her heitte Torleiv Olsson Røysland. I Vallesoga vert det sagt at Olav Torleivsson, far hans, som budde på Heimigard Røysland, bnr 7, kanskje var son åt Torleiv Alvsson Breive og kona, Gyro Åsmundsdtr., f. Berdalen. Det vert understrika at dette er usikkert, men etter det me kan skjøne talar ingenting imot at det er rett. Kona av Olav Torleivsson var Torbjørg Tarjeisdotter Røysland. Heimigard var heimebruket hennes. (Valle VI, 522 f).

Torleiv Olsson vart i 1822 gift med ei Bratteland-jente, Ingebjørg Mikkelsdotter, og difor vart det til at han kom til å rydje seg eit bruk under heimegarden hennes. I den gamle gards- og ættesoga (81) står at ho «fekk bruket av faren», og det trur me er rett. Men ingenting vart tinglyst, og seinare oppsitjarar på Bratteland påsto at det Ingebjørg og Torleiv hadde fått berre var ein bruksrett, som var avgrensa til livetida deira. Me kjem attende til dette.

  • Ingebjørg Mikkelsdtr. Bratteland, f 1799, d 1869
g 1822 m Torleiv Olsson Røysland, f 1788, d 1866. Born:
  • Olav, f 1822, d 1823
  • Jorunn, f 1824, d 1824
  • Olav, f 1826, d i Suldal 1832
  • Olav (e.), f 1829, utfl. til Hjelmeland ca 1850
  • Jorunn, f 1833, utfl. til Hjelmeland ca 1850, til Amerika 1876
  • Olav (y.), f 1836, g 1865 m Gunvor Rasmusdtr. Sinnes, Sirdal, sjå nedanfor
  • Torbjørg, f 1840, d 1841
  • Torbjørg, f i Suldal 1843, g i Mo 1874 m Olav Bendiksson Røyndal, sjå nedanfor

Ingebjørg var dotter åt Mikkel Olavsson Bratteland og kona, Signe Olavsdotter.

Torleiv og Ingebjørg budde nok i Skarberg det meste av tida etter dei gifte seg, men var stundom i Suldal, ser me, for i den bygda miste dei sonen Olav i 1832, og der døypte dei dottera Torbjørg i 1843.

Etter den gamle gards- og ættesoga skal Olav Torleivsson ha overteke plassen frå foreldra i 1864, og det er nok ikkje mykje gale. Men i 1865-folketeljinga står det likevel at Olav og kona, hans «hjælper til med brugen af pladsen». Det neste me ser er at Olav vert omtala som husmann i kyrkjeboka i 1867, så me reknar med at han må ha overteke innan dette.

  • Olav Torleivsson Skarberg, f 1836, dødsår ukj., utflytt med kone og born ca 1869
g 1865 m Gunvor Rasmusdtr. Sinnes, f 1839, d 1897. Born:
  • Ingebjørg, f 1865, d 1865
  • Torleiv, f 1867
  • Torleiv, f 1868, konf. i Hetland 1883, g i Kristiansand 1893 m Karen Gurine Tellefsen, sjå nedanfor
  • Ingebjørg, f i Sand i Ryfylke 1880, d i Sand i Ryfylke 1881

Gunvor Rasmusdotter var dotter åt husmannen Rasmus Olsson på Leideli under Sinnes i Sirdal, står det i bygdeboka derifrå (Seland, Per: Sirdal I, 232). Korleis Gunvor hamna i Bykle, veit me ikkje, men ho og Olav gifte seg her, og budde her frå 1865 og truleg til hausten 1868 eller våren 1869.

Kvar dei drog er uvisst, men kanskje var det til Suldal. Der var dei iallfall då dei døypte dottera Ingebjørg i 1880, står det i Valle kyrkjebok. Eit år seinare har dei budd i Sand i Ryfylke, for der vart den same Ingebjørg gravlagd i 1881. Men i 1883 vart sonen Torleiv konfirmert i Hetland, opplyser Reidar Vollen, som har funne dette notert i Kristiansands kyrkjebok i 1893, i samband med at Torleiv då gifte seg der i byen. Det kan sjå ut til at heile familien var i Kristiansand på 1890-talet. Iallfall var dei der då Gunvor døydde i 1897: «stenarbeider Ole Tellefsen Brattelands hustru», står det i kyrkjeboka.

Som me var inne på ovanfor, reknar me med at Olav og Gunvor seinast flutte ifrå våren 1869. Grunnlaget for denne trua er at plassen vart matrikulert utpå sumaren det året, og i dokumentet om dette står det at det var Torbjørg, syster av Olav, som hadde kravt matrikuleringa. Olav var ikkje til stades, og det vart ikkje skrive noko om at ho handla på vegner av han.

Men Aslak Larsson og Odd Tarjeisson frå Bratteland møtte fram.

Sitat [De] forbeholdt deres Ret i enhver Henseende til den nu skyldsatte Plads, som de påstode at være deres Eiendom tilhørende, idet de nu afdøde Brugere Tellef Olsen Skarebergs og Ingeborg Mikkelsdatters Ret kun var en Brugsret, saa at den ved deres Død maa ansees at være falden tilbage til Hovedbruget.

Torborg Tellefsdatter modsagde foranstaaende Protokollation, og forbeholdt sig sin Ret som eneste tilstedeværende arving efter foran nævnte Ægtefolk, som hun opgav at have besiddet Pladsen med lovlig Eiensdomsret.

Sitat

Om brattelandbøndene hadde fylgt opp påstandane sine med ei rettssak, er det kanskje uvisst korleis det ville ha gått, men det vart ikkje noko sak av det. Skarberg-folket heldt fram med å bruke verestaden sin som sjølveigarar, og dette var sidan ikkje omstridt. På denne bakgrunnen vil me rekne Skarberg som eit sjølveigande småbruk, i røynda frå fyrste rydjinga, men formelt frå 1869.

Då bruket vart matrikulert, fekk det tildela bnr 3 under Bratteland og ei landskyld på 6 skilling. Til samanlikning hadde Skolås vorte sett til 16 skilling, så Skarberg vart altså rekna for å ha ein langt ringare bruksverdi enn grannebruket.

Då Olav og Gunvor reiste, overtok Torbjørg og mannen hennes, Olav Reindal frå Mo i Telemark. Foreldra hans var Bendik Tarjeisson Bakken og kona, Gro Halvorsdotter, fødd Sigurdsli (jfr. Mo bygdebok I, 426).

  • Torbjørg Torleivsdotter Skarberg, f 1843, til Amerika med mann og dotter i 1876
g 1874 m Olav Bendiksson Reindal, f 1852, d 1927. Born:

I bolken om Skolås er det fortalt at Olav og Torbjørg hadde funne det bryet verd å flytje frå Skarberg til Skolås, og bruke det for Tarjei og Ingebjørg i 1875. Dette seier nok noko om kor mykje betre Skolås var, og som me skal sjå heldt ikkje Olav og Torbjørg ut på Skarberg så fælt mykje lenger, etter at Tarjei og Ingebjørg kom heimatt frå Hjelmeland.

Buskapen Olav og Torbjørg hadde på Skolås i 1875 var 1 kyr og 1 kalv, 2 sauer og 5 geiter. Der var ikkje kretur som høyrde til Tarjei og Ingebjørg. Sånaden var 3 kvartel bygg og 2 tunner jordeple. I tillegg sette dei 1 1/2 tunner jordeple på Skarberg.

Borna til Olav og Torbjørg står opprekna som ovanfor, men utan fødselsår for Bendik, Mikkel og Eivind, i den gamle gards og ættesoga (80), men der får ein det inntrykket at heile flokken reiste frå Skarberg i 1876. I røynda var det berre den eldste dottera som var fødd på Skarberg, alle dei yngre kom til verda i Minnesota. Den gamle boka gjev også opp at «slekta lever i Thief River Falls», og det stemmer. Men der hamna dei etter at både Olav og Torbjørg var døde, skjønar me, for etter dei amerikanske folketeljingane frå 1900 og 1910 budde dei ved dei tider i Equality Township, Red Lake County. Dette er noko sør for Thief River Falls, som ligg i Pennington County. Olav døydde i Red Lake i 1927. Torbjørg døydde truleg ein gong i åra mellom 1900 og 1910, ettersom ho ikkje er med i folketeljinga frå det sistnemnde året.

Jorunn Torleivsdotter, syster av Torbjørg, fylgde med familien hennes til Amerika i 1876, men kvar ho hamna sidan er ukjent. Fyre dei reiste selde Olav og Torbjørg bruket til Bjørgulv Olavsson på Nesland Der heime for 62 speciedalar. Med på handelen gjekk elles ei kyr og «en del løsøre» står det, så her gjaldt det å skaffe mest mogeleg pengar til utreisa.

Bjørgulv O. Nesland skal etter den gamle boka ha sete med bruket inntil han i 1887 selde det til Knut Ånundsson Trydal, noko me vil halde for å vera nokonlunde rett, men ikkje aldeles. Det kjem me attende til nedanfor.

Knut Å. Trydal var oppvaksen i Stigamidjom hjå mora og foreldra hennes. Mora var Ingebjørg Eivindsdotter, som i 1870 hadde gift seg med Tarjei Olavsson Dysje på Skolås. Far av Knut var Ånund Asbjørnsson Berdalen.

Knut Ånundsson (Trydal) Skarberg (1855-1938). Bilete frå kring 1920 i Vegestog-samlinga.
  • Knut Ånundsson Trydal, f 1855, d 1938
g 1878 m Torbjørg Hallvardsdtr. Uppstad, f 1856, d 1935. Born:
  • Eivind, f 1879, g 1901 m Tone Olsdtr. Røysland, sjå nedanfor
  • Bjørn, f 1881, til Amerika 1904, d 1905
  • Ånund (e.), f 1881, til Amerika 1905
  • Hallvard (e.), f 1886, til Amerika 1905
  • Hallvard (y.), f 1888, g 1910 m e Jorunn Olavsdtr Bjørnarå, sjå Svingen, Trydal
  • Ånund d.y., f 1890, ug, sjå Kroné Trydal, bnr 12-13
  • Olav f 1893, g 1932 m Birgit Øyulvsdtr. Løyland, sjå nedanfor, jfr. Kroné Trydal, bnr 12-13
  • Ingebjørg, f 1896, g 1915 m Åvold Torleivsson Trydal, sjå Systog Grasbrokke, Trydal, bnr 14
  • Gunvor, f 1898, g 1919 m Åsmund Olavsson Trydal, sjå Optestøyl, Trydal, bnr 19

Torbjørg Hallvardsdtr. kom frå Hylestad. Foreldra hennes var Hallvard Torolvsson Faremo og Gunvor Bjørnsdotter Uppstad (Sjå Valle I, 35 og II, 514).

Skarberg ein gong i åra 1903-1907. Foto frå samlinga til Folke Nesland, truleg teke av August Abrahamson.

Fyrste tida dei var gifte budde Knut og Torbjørg einkvarstad i Trydal. I 1885 bruka dei på Nesland eit bil, men i 1886 var dei attende i Trydal. Det er sikkert rett at dei kom til Skarberg i 1887, slik me var inne på ovanfor. Men me trur ikkje dei kaupte plassen av Bjørgulv O. Nesland fyrr i 1889 eller 1890, for då dei døypte sonen Hallvard i 1888 vart Knut notert som husmann i kyrkjeboka, men då Ånund vart døypt i 1890 hadde faren skift status til sjølveigar.

I 1967 vart det i samband med vassdragsreguleringa oppteke eit intervju med Olav K. Skarberg (f 1893). Her får ein eit inntrykk av tilhøva på bruket. Olav fortalde mellom anna fylgjande:

Sitat Meste tidi hadde me'kje ko ei kyr, men ei kort tid hadde me to; geiter ? 6-7 tenkjer eg, minnest ikkje sauer. Me dyrka konn og poteter. Konnet mol me på Bratteland. Dei hadde kvennhus og basstoge der [...] Ei tid var det mange som skulle ha mat på Skarberg, 11 stykke. Om me vart mette kvar dag ? Å ja, det minnest eg ikkje, men det var nok ikkje kvar dag [...] Om sumaren var far på arbeid, onnearbeid og anna, for andre. Han dreiv snorefangst om vetteren. [...] Me hadde mykje utslåtter som me køyrde og drog heim fôr frå. Det var Åsmundslått, Stulslåtta, Fjøllveggjen, Kvæven og Oppi Slåta. Åsmundslått låg litt austanfor innmarka, Stulslåtta noko lenger opp og austanfor. Fjøllveggjen låg

ovanfor Stogebergje. Kvæven og Oppi Slåtta låg på kvar si side av Bekkjen. Høystakkar hadde me kringom. Skarberg hadde sumarstøyl på Øvre Åsane, på søre sida av Bossvatn. På nordsida var ikkje beite.

Sitat

Då Søren Lund kaupte Brotteli i 1903, flutte Knut og familien hans dit for å bruke. Dei var der så lenge Lund var eigar, men då han selde garden i 1907, kom dei attende til Skarberg eit par år. Men Skarberg var for lite å liva av med den store barneflokken, så i 1909 overtok Knut som brukar i Bjørnarå Der heime, og flutte dit. Såvidt me kan oppfatte var dei der til 1920, då Torgeir B. Bjørnarå var myndig, og vaksen til å overtaka bruken av garden sin sjølv.

I 1917 hadde Ånund og Olav Knutssøner sett i gang med bureising i Kroné i Trydal, og bygt seg hus og heim der. Då Torbjørg og Knut var ferdige med brukarperioden i Bjørnarå, flutte dei til Kroné. Torbjørg døydde der i 1935, Knut i 1938.

Eivind Knutsson var i ungdomen i kontakt med ein mobyggje som lærde han å «rune». Fyremålet tykkjest ha vore å få tak i jentene, og oppskrifta, som Eivind sidan gav vidare til Johannes Skar (Gamalt or Sætesdal, III, 308), var som fylgjer:

Sitat Du ska træ 'n silkjetrå i a nål å finn 'n orm, helst um våri. Træ so nåli gjenom augo å orme å drag tråen igjenom, veivle han so kringum nåli, so barre odden er berre'e. Då tar du alli ko stinge jenta me nålinn' , sa han. Sitat

Om Eivind nokongong freista nytte seg av metoden, eller om han virka, skal vera usagt.

Frå Bossvatn mot Skarberg. Gamalt bilete frå samlinga til Folke Nesland.

Men i 1901 gifte han seg til Gunhildsstog under Røysland med Tone Olsdotter frå den plassen. Sidan reiste han til Amerika, medan kona vart buande i Røysland (jfr. Valle, VI 529). Kva år han tok ut, eller korleis det gjekk han «over there», har me ikkje funne opplysning om.

Knut Ånundsson heldt fast på Skarberg då han flutte ifrå, og i 1931 overtok sonen Olav Knutsson i Kroné.

I 1968 overtok sønene åt Olav Knutsson, Daniel, Ånund og Trygve eigedomen i sameige. Daniel kaupte Trygve sin part i 1972. Etter at Ånund døydde i 1996 var det Anne Lise, enka hans, som vart sitjande med hans tredjepart.

Etter 1909 har det ikkje budd folk på Skarberg. Jordet vart slege så lenge Olav og Ånund Knutssøner dreiv bruket sitt i Trydal. Høyet vart då rodd ut til Holen, og køyrt derifrå. Men etter ca 1960 har det ikkje vore nemnande aktivitet her. Husa er nedrotna, tunet attgrodd med skog.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Skarberg (Bykle gnr 9/3) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Skolås • Neste bolk: Nesland

Koordinater: 59.32628° N 7.16451° Ø