Skarkerud (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Skarkerud var husmannsplass under gnr. 87 Brokke i Fyresdal ved folketeljinga i 1900.

Olav Andresson Heggtveit (1818-1905) og kona Karen Olavsdatter Nordbø (1827-1906) kom hit ei tid før 1890. Her hadde dei eit hus og budde der med ein stor ungeflokk, men flytte att ei stund før dei døydde. Det har ikkje budd nokon andre der.

Plassen Skarkerud ligg like ved riksvegen gjennom Fyresdal og ligg på grensa mellom Hauggrend og Veum. Brokke høyrer til Veum og like nord for Skarkerud er Veamyrane i Hauggrend. Ved plassen Skarkerud er området Skarkemyr, namnet Skarkemyr er truleg mykje eldre enn namnet Skarkerud.


Skarkemyr, ein plass nytta ved jakt på bjørn

Frå dette flate området mellom Veumdalen og Skredevatn stig lendet jamt opp mot fjellet Roan i aust og Skredeheia i vest, og over Skarkemyr har det i uminnelege tider vore eit dyretrekk av ulik slag, ikkje minst har bjørnen ferdast her. Namnet Skarkemyr er i samsvar med det. Ein skark er nemninga på ein avfeldig og mager hest som vart avliva og lagt ut som åte for bjørnen, jegerane låg då i nærleiken og venta på at han skulle kome.


Skarkemyr, eit vegmerke på Bandakslivegen

Som nemnd ligg Skarkemyr/Skarkerud på brinken der vegen gjennom Hauggrend går vidare nedover Veumdalen. Det er tydeleg at dette var eit naturleg vegmerke med omsyn til å beskrive Bandakslivegen. Det vert mellom anna gjort klårt greie for parsellen Eikeland bru – Skarkemyr, den kortare parsellen Folseth bru – Skarkemyr og vidare parsellen Skarkemyr – Moland, serleg under utbetringa omkring 1905. Det er i denne perioden plassen Skarkerud vert fråflytt.


Kjelder

  • Marvik, Steinar. Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Torp, Alf Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania. H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) 1919
  • Skarkerud i folketelling 1900 for Fyresdal herred fra Digitalarkivet.