Skarven (Aure)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Skarven på Tustna»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Stabben (til venstre) og Skarven (til høgre) sett frå Edøyfjorden.
Foto: Olve Utne

Skarven er eit 896 meter høgt fjell på Tustna i Aure kommuneNordmøre. Fjellet ligg mellom Sålåsundet i aust og Gullsteinsdalen i vest. I lag med Jørenvågsalen/Knubben, Stabben/Innerbergsalen, Storøra/Slettbakktind og Litløra (Imarn) blir Skarven rekna til Tustnastabban. Det har vore spekulert i at øynamnet Tustna, tidlegare skrive Tusteren på 1800-tals-dansk og Toester på 1500- og 1600-tals-nederlandsk, har bakgrunn i norrønt þústr ('slegel, sliul') og opprinneleg var namnet på fjellet Skarven. I tidlegare tider var toppen av Skarven, som òg var byte mellom Gullstein, Baggan, Storsetra Innersetra, Hals, og Ersvika, utgangspunktet for felles sauleiting. Fjellet er eit populært turmål og vart besøkt av dronning Sonja tysdagen den 28. juli 2015.


Koordinater: 63.1772585° N 8.132583° Ø