Lokalhistoriewiki er nå oppe igjen etter en feil hos vår nettverksleverandør. Vi beklager ulemper nedetiden har medført.

Skjåks historie i mellomalderen (1000-1500)

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

Tidleg mellomalder og høgmellomalder fram til 1350

I følgje Snorre vart Lom og Skjåk kristna da Heilag-Olav kom i det ærend hit i 1021. På veg frå Romsdalen og Lesja kom han via Lordalen «og kom ned ein stad som heiter Stavebrekka». Det var da han stod i solsidefjellet og såg ned på bygda at han uttala: «Det er skade at ein skal brenne så fager bygd.»

Kristningsverket og rikssamlinga reknar ein med var nokolunde fullført mot midten av 1000-talet. Frå da av vart Skjåk, i tett fellesskap med grannebygda Lom, meir og meir integrert i eit riksfemnande kyrkjeleg og verdsleg styrings-, forvaltnings- og rettshandhevande apparat, som del mellom anna av Hamar bispedømme og lagdømmet Eidsivatingslag, og underordna kongelege tenestemenn som syslemannen i Nord-Gudbrandsdalen. Frå 1270-åra galdt Landslova. Der er det mellom anna pålagt bygdefolket plikt til vedlikehald av vegar. Frå ca. 1400 er det bevart eit dokument som nok peikar attende til ordninga frå høgmellomalderen, og som spesifiserer skjåk- og lomværanes plikter til å halde ved like bruer og vegar i bygdene og over fjellet vestover. Vegen vestover var mellom anna pilgrimsveg til klosteret på Selje.

Loft frå Nigard Dagsgard i Skjåk, bygd ca. 1400. Det er nå på Maihaugen som del av Isum-anlegget.

Gjennom dei i alt 16 bevarte mellomalderbreva (diplom) som vedkjem Skjåk før 1350 (det eldste er frå ca. år 1300) møter vi namngjevne skjåkværar som rettsvitne, jordeigarar og jamvel som politiske aktørar. Det siste gjeld Håkon på Dagsgard og Tore på Geilo, som i 1343 møter for biskopen og lagmannen på Hamar som representantar for bygdefolket. Dei protesterer mot ei kyrkjeleg avgift (reidegift) som Tjostolv, prest ved Skjåk og Hove kyrkjer, meiner det er historisk hevd for.

Dei fyrste namngjevne skjåkværane vi i det heile kjenner til, er nemnde i eit diplom frå 1312. Det er brørne Nikulas, Ivar, Eindrid, Arnfinn og Erland på Hove, og Orm, som var prest i bygda.

Busetjinga ekspanderte. På byrjinga av 1300-talet kan det ha vore meir enn 120 gardsbruk i Skjåk, i alle grender austfrå iallfall til og med Øygardane på sørsida av Otta, og til og med Bruheimsgrenda (Lykre) på nordsida. Lenger vestover er det ikkje prov for fast busetjing, men det er ikkje usannsynleg at det har vore det jamvel i fjelldalar som Åstradalen (ved Liavatnet?) og Billingsdalen (ved Vuluvatnet?).

Seinmellomalder 1350-1550

Svartedauden råka Ottadalen hausten 1349. Nær 2/3 av gardane vart som følgje av denne og etterfølgjande pestepidemiar liggjande øyde. «Øydeprosenten» (fråflytta gardar i prosent av maksimumstal for gardar før 1350) er utrekna til 60-64%. Det høver godt med andre utrekningar frå Gudbrandsdalen (Lom: 61%, Ringebu: 63%), og ligg innan landssnittet, som er utrekna til 55-65%. Variasjonsspennet i øydeprosent på landsbasis er frå 20 til 80% i dei bygdene dette har vore undersøkt.

Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy