Skogheim (Bykle gnr 17/44)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skogheim
Trydal 82.jpg
Skogheim 24.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1953
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Bnr: 44
Type: Bustadeigedom

Skogheim er ein bustadeigedom i Trydal i Bykle kommune. Når ein kjem nordetter frå Bjørnarå og svingar inn på bygdevegen til Trydal, er dette det fyrste huset på høgre hand. Tidlegare sto det i Lislehisdal, men sumaren 1953 vart den gamle tømra teke ned, og flutt til denne tomta, som gjekk ut frå Hagen. Flytjinga av huset vart gjort i ein dugnad der alle trydølane var med. Bakgrunnen for dette var at Mikkel O. Hisdal, mannen i Lislehisdal, hadde blitt sjuk, og at kona, Ingebjørg Øyulvsdotter, då fann det for vanskeleg å verta buande så langt frå folk. Den nærare omtalen av denne familien er plassert i bolken om Hisdal. Her skal berre nemnast at Mikkel og Ingebjørg budde her til Mikkel døydde i 1962. Då var borna alt utflutte, og etter at Mikkel var borte flutte Ingebjørg etter dei til Kristiansand. Sidan vart huset i periodevis utleigd, men i 1984 vart det selt til John Grefstad frå Kristiansand, som hadde det til fritidsbustad. Her var ingen fastbuande før kunstmålaren Bjørn Frode Egelandsdal overtok. Han kaupte huset hjå Grefstad i 1987, og har bygd på det både i breidda og i lengda.

  • Bjørn Frode Egelandsdal, f 1963
sb hv m Guri Eriksen, Lyngen, busett Bergen. Born:
  • Unn Elise, f 1990, busett Bergen
g 1999 m Agita Akmenkalna, f 1973, born:
  • Ann Louise, f 2000

Bjørn Frode er fødd i Sandefjord, og oppvaksen på Kongsberg og i Kvinesdal, som son åt Karl Egelandsdal og kona Svea, fødd Andersson. Agita, som han gifte seg med i 1999, kjem frå Daugavpils i Latvia, men var busett i Bykle då dei treftest. Ho er også biletkunstnar.

I 2002 flutte Bjørn Frode og Agita til Jevnaker. Han arbeider for tida i barnevernet, medan ho er formingslærar. Huset her leiger dei ut til tyske turistar.

Saman med stoga frå Lislehisdal vart også flutt eit gamalt vedaskjol, som framleis står her. Her er det teikna av Bjørn Frode Egelandsdal i 1995.


0941 Bykle komm.png Skogheim (Bykle gnr 17/44) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Solvang • Neste bolk: Strondi