Skogssamar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den skogssamiske leiren Spänningsvallen mellom Järfojaur og Seudnur i Arvidsjaurs kommun, på grensa mellom noverande Östra og Västra Kikkejaurs samebyar. Tresnitt etter foto av Lotten von Düben 1871.

Skogssamar (nynorsk; bokmål/svensk skogssamer, dansk skovsamer) er samar som held til i skogslandet heile året og som altså ikkje flyttar opp til fjella om sommaren eller vinteren, i motsetning til fjellsamar. I praksis blir namnet bruka i samband med svenske og finske område; de norske samane med liknande levevis blir oftast kalla sjøsamar (og tidligare sjøfinnar eller bufinnar).

I historisk tid har det funnest skogssamar i alle fall frå nordre Ångermanland og nordover i Sverige. Dei to sørligaste lappmarkene, Åsele og Lycksele lappmark, omfatta føre 1606 ikkje fjellområdet, men berre reint skogssamiske område. Det same galdt Kemi lappmark i noverande Finland. I dei andre lappmarkene fanst skogssamar innafor heile skogslandet.

Skogssamane i Kemi, Åsele og Lycksele lappmarker vart assimilert i den finske og svenske befolkninga i løpet av 1600-, 1700- og 1800-talet. Idag finst ein levande skogssamisk kultur innom skogslandet i Norrbottens län, og i tillegg i Malå i Västerbottens län.

Språk

I dag har dei fleste skogssamane svensk eller finsk som morsmål, men samisk blir stadig bruka i varierande grad ein del plassar. I Lule lappmark har såvel skogssamar som fjellsamar tala lulesamisk. I Pite lappmark har det derimot funnest ei tydelig språkgrense mellom fjellsamane, som tala pitesamisk, eit språk nærmast i slekt med lulesamisk, og skogssamane, som vel så ofte[1] tala umesamisk, som ligg nærmare sørsamisk. Skogssamane i Malå og austre Sorsele har òg tala umesamisk.[2]

Innafor Lycksele og Åsele lappmarker vart skogssamane mesta heilt assimilert i løpet av 1800-talet og bytta språk til svensk. Det gamle språket deira gikk stort sett tapt. Men den samiske litteraturen som vart forfatta i Lycksele mot slutten av 1600-talet av Olaus Stephani Graan og begynnelsen av 1700-talet av Pehr Fjellström viser at de tala umesamisk der òg. Grensa mellom umesamisk og sørsamisk er omdiskutert, men oppteikningar av J.A. Nensén frå 1800-talets Åsele lappmark tyder på at skogssamane der òg tala ein dialekt som kan reknast til umesamisk. Språket deira skilte seg dermed frå den sørsamisken som vart tala og til ein viss grad enno blir tala av fjellsamane i Vilhelmina.[2]

Skogssamane vart mesta fullstendig assimilert i Kemi lappmark òg; der bytta de språk til finsk. Av det gamle språket finst det i dag berre ein rest att i form av enaresamisk, som blir tala av 200–300 personar. Den nordsamisken som blir tala av betydelig fleire innbyggjarar i Finsk Lappland har vorte innført gjennom seinare innvandring av fjellsamar.[3]

Religion

Av det litle vi veit om förkristen samisk religion kan nemnast at naturen vart oppfatta som besjela og at kvar viktige plass — fjell, vatn, fossar og liknande — hadde sitt eige åndevesen. Reindrifta, jakta og fisket hadde sine vernande gudevesen som heldt til i underlig forma steinar og knausar — siejde. Til desse siejde ofra de for å få hell i ulike samanhengar. Noko eigentlig presteskap fanst ikkje; kvar familiefar kunne ta runebomma til hjelp for å få kontakt med gudeverda. Dei som vart sett på som særlig flinke til dette var kjent som noaidar. Vi veit òg at bjørnen var gjenstand for ein spesiell bjørnekult med intrikate seremoniar.[4]

I Ernst Manker sitt verk Lapparnas heliga ställen finst ein hel del eksempel på siejde og offerplassar innafor skogssamisk område. Dit hører blant anna dei metallrike offerplassfunna i Unna Saiva, Gråträsk, Vindelgransele og Bäcksjö. Som eksempel på ein siejdde kan nemnast den i Fristad ved øverenden av Arvidsjaurssjön. Han bestod av ein halvmeterhøg, mesta svart stein med knudrut yte, plassert på ein större stein i sjøen, kring 20 meter frå stranda. Siejdden vart smurt med fiskfeitt, innvolar eller liknande for å gje fiskelykke.[4]

«Granlappar»

Allereie i dei eldste kjeldene, 1500-talets skattlengder, blir det skilt mellom skogs- og fjellsamar. Skogssamane vart da kalla for granlappar. Grunnen til inndelinga var den forma av skatt som kvar av dei to gruppene betalte. I 1585 skreiv lappefuten i Lule og Pite lappmarker, Olof Andersson Burman:

De säges vara granlappar som utgöra skatt om året bland vildvaror /,/ fiskeskatt som är gäddor, sik, abborre. Men de andra som ingen fisk ränta förmältes i årliga längden kallas fjällappar, havande det namnet därav att de bo uppe i fjällen uti bergsskrevor, och komma till inga sjöar med mindre deras nabor granlapparna vele godvilligt efterlåta dem fiska med sig.[5]

På begynnelsen av 1600-talet kunne termen granlapp òg bli bruka om samar som berre skatta til Sverige, i motsetning til fjellappane som betalte skatt til både Sverige og Norge, ettersom dei hadde virket sitt på fjellryggen mellom ide to landa.[6]

Utbreiing og antal

År 1553 fanst det 47½ granlapske skatteeinheiter og 50 fjellapske i Pite lappmark. To år seinare fanst det 73 skattebetalande granlappar og 35 fjellappar i Lule lappmark. Størrelsesforholdet mellom dei to gruppene var omtrent det same utover resten av 1500-talet.[7]

Da Petrus Læstadius forfatta sin journal i 1827, hadde skogssamane vorte færre enn fjellsamane. I heile Arvidsjaurs sokn budde det likevel framleis berre skogssamar, skriv Læstadius, og i Arjeplog, Jokkmokk og Gällivare fanst òg eit stort tal.[8]

I 1882 vart det utnemnt ein komité for å utrede situasjonen til samane i Sverige. De gav dette bildet av skogssamane på den tida:

  • I Enontekis socken fanst to skogssamiske familiar frå Pajala med alt i alt 600 reinar.
  • I Jukkasjärvi socken fanst tre skogssamiske familiar med kring 500 reinar. De fleste av dessa var skötesrenar som vart eigd av bufaste.
  • I Gällivare socken var skogsreindrifta vesentlig meir utbreidd. Det totale talet reinar var så høgt som 6500. Samtlige som dreiv med skogsreindrift var samtidig nybyggjarar.
  • I Jokkmokks socken fanst det to overvegande skogssamiske lappbyar, Jockmock og Sjocksjock. Ein del av reingjetarane i desse byane hadde likevel begynt å flytte opp mot fjella med reinane sine om somrane. Reineigarane i Sjocksjock var alle samtidig odelsbønder.
  • I Arjeplogs socken bestod Arjepluogs lappby lengst aust i soknet utelukkande av skogssamar. Fleire av dem hade mist sine eigne reinar og slege seg ned som fiskarar ved dei store sjøane, så dermed var det berre nokre få att som hadde reindrifta som hovudnæring. Desse flytta ned til kysten om vintrane.
  • I Arvidsjaurs socken og Malå forsamling fanst Arvidsjaurs lappby, utelukkande skogssamisk, med 642 innbyggjarar. Lappbyen var inndelt i 36 lappeskatteland. I Pite älvdal heldt samane til heile året på sine respektive landområde, medan dei andre flytta ned til austkysten om vinteren.[7]

Buplassar

Leirar

Lafta kåte i Koppsele i Malå kommun. Koppsele var den siste leiren som vart bruka av skogssamane i Malå. Han vart lagt øyde kring 1900. I dag er området kring leiren naturreservat. På 1600-talet vart tømmerkåtone skildra som sekskanta, men firkanta kåter har vore det vanlige i seinare tid.

Fram til først på 1900-talet budde skogssamane utspreidd, kvart hushald innafor sitt spesielle landområde, sitt lappskatteland. Innafor kvart slikt land fanst det eit antal faste leirar, og på kvar leirplass fanst ei kåte, forrådsbuer, forrådsstillingar og ein reinvoll, vanligvis omgjevne av ei tømra gjerding.[9]

I prestrelasjonane i 1670-åra, som vart innsendt til Johannes Schefferus i Uppsala og tjente som kjeldemateriale til verket Lapponia, finst den eldste meir detaljerte informasjonen om livet til skogssamane. Nicolaus Lundius skildra korleis samane i Umeå lappmark ved kvar reinvoll tømra ei sommarkåte av stokkar, seks omfar, som de så tekte med granbark. Samuel Rheen, som framfor alt skildra Jokkmokks socken på same tida, bidrog med opplysninga at «kottarna» hade seks vegger og at dei ikkje nødvendigvis var tekt med granbark — men ofte med granris, fururis eller torv. Kåtone stod ved dei vatna og elvane der skogssamane bruka å fiske og jaga. Han fortalte òg at i nærheita av kåtene fanst det buer som var sett på stubbar, og at desse buene vart kalla for njalla eller «staburar». Desse vart bygd på det viset at eit tre vart kappa ved to til tre meters høgd. Oppå denne stubben vart det lagt fire stokkar i kors, og oppå desse att vart det bygd ei lita bu som vart tekt med fjøler og attlukt med ei dør. Grunnen til at buene vart sett så høgt var å unngå at bjørnar og jervar skulle bryte seg inn og øydelegge det som vart lagra der, såvel kjøtt og ostar som klede.[10]

Da Ernst Manker studerte livet til skogssamane i de tidligaste tiåra på 1900-talet, hadde stort sett alle gamle leirar vorte nedlagt. I staden likna dei skogssamiske bustadene på vanlige svenske bondebustader med gardar og grender. Men ein del skogssamiske gardar har vorte anlagt på gamle leirplassar.[7]

Vinterbyar

Så langt tilbake som vi har skriftlige kjelder har skogssamane inngått i ein større samfunnsstruktur òg — såkalla sidaer (sørsamisk sijte, pitesamisk sijjda, lulesamisk sijdda, nordsamisk siida) eller lappbyar (svensk). Sjølv om ordet lappby har vorte mykje bruka på svensk, så hade ikkje sidaene i si opprinnelige form så mykje til felles med vår tids svenske samebyar. De var heller ikkje byar eller grender i vanlig meining; dei hadde for eksempel ikkje nødvendigvis nokon permanente bygningar. Petrus Læstadius kalla sidaene stammar og la dermed vekt på sidaen som ei menneskegruppe heller enn som ein fysisk einheit.[8]

At det i svenskspråklig samanheng blir tala om «byar» trur vi kjem av at handelsmenn og futar på 1500-talet oppsøkte samane på vinteren når dei fanst samla på store felles buplassar, eller vinterbyar. Frå Kemi lappmark veit vi at det fanst ni lappbyar med kvar sin vinterby på begynnelsen av 1600-talet. I følgje Helmer Tegengren vart plasseringa av vinterbyane avgjort dels av kjente ferdselsvegar, dels av muligheita til vinterjakt på villrein. Vintertid vandra villreinen opp til de lavrike markene ved vasskiljet, og vinterbyane var plassert nærme vandringsruta.[3]

I dei andre lappmarkene veit vi òg om lappbyar frå og med 1500-talet. Det finst skildringar frå blant anna birkarlar om at desse byane òg samla seg på større buplassar om vinteren, i det minste frå Pite lappmark og nordover. I dei to sørligare lappmarkene, Ångermanna og Ume lappmarker, hadde samane tidlig fått til vane å reise til marknadsplassar ved kysten om vinteren. Den gamle samiske samfunnsstrukturen vart seinare grunnleggande endra da Karl IX anla kyrkjestader i lappmarkene i 1607. Frå den tid laut samane halde til på kyrkjestaden ein stor del av vinteren for å besøkje marknad, gudstenester og ting, noko som førte med seg at dei gamle vinterbuplassane kom or bruk. Ein del av kyrkjestadene var nok plassert på tidligare vinterbuplassar. Det gjeld for eksempel Arvidsjaur i det skogssamiske området.[11]

Næringsliv

Opprinnelig fiskarar og jegarar

Grunnen til at granlappar og fjellappar betalte ulike typar skatt på 1600-talet var at dei hadde ulike forsørgingsmønster. Granlappane var berre i liten grad reineigarar. Da lappfuten Karl Unesson gjennomførte ei detaljert gransking av ume- og ångermannalappane (som da utelukkande var skogssamar) i 1602, hadde dei to rikaste hushalda 40 reinar, medan medianverdien var 13.[12]

I 1670-åra erklærte Samuel Rheen at granlappane i Jokkmokk levde hovudsaklig av fisk og vilt. Nicolaus Lundius, som skildra forholda i Ume lappmark kring same tida, bidrog med opplysninga at granlappane ikkje var så rike som fjellappane. Granlappane hadde

stor maga, i det de äta eij så mycket ost och kiött, utan allenast fisk som dåck utan salt är.

Rettnok eigde dei reinsdyr, men berre eit lite tal. Derimot jaga dei villrein, noko som òg vart skildra av Johannes Tornæus i spørsmål om Torne lappmark.[10]

Enkelte skogssamar kunne likevel vera store reineigarar endatil på 1600-talet. Av ein tingrettsprotokoll frå 1699 framgår det for eksempel at Ture Turesson, innehavar av Stångbergslandet kring noverande Rusksele, da hadde omkring 100 reinsdyr. Han vart rekna å vera den rikaste samen i Ume lappmark.[13]

Så seint som i 1740-åra skildra Pehr Högström i alle fall skogssamane på liknande vis som 1600-talsforfattarane. Han kalla dei for fiskar-, gran- eller skogslappar og konstaterte at dei levde mest av fisk, fugl og dyr, og om sommaren av mjølk og ost frå dei fåtalige reinane sine.[14]

Såvel i løpet av 1600-talet som på første halvdelen av 1700-talet vart skogssamane altså først og fremst skildra som fiskarar og fangstmenn. Rettnok eigde deifleste skogssamane reinsdyr, men desse var transportmiddel og mjølkedyr, ikkje kjøttdyr. Reinkjøtt og reinskinn fikk dei gjennom villreinjakt eller gjennom å byte til seg slaktereinar.

Skogsreindrifta blir utvikla

På andre halvdelen av 1700-talet gjennomgikk det skogssamiske næringslivet ei grunnleggande endring. Da arkeologen Kjell-Åke Aronsson studerte pollenprøvar frå reinvollar i Arvidsjaurs og Gällivare kommunar kunne han sjå ei tydelig auka kulturpåverkning ein gang i løpet av andre halvdelen av 1700-talet. Artsamansettinga tyda på at reindrifta auka i omfang under denne perioden.[15]

Dette støtta konklusjonane som geografen Filip Hultblad tidligare hadde gjort om Jokkmokks socken ut frå blant anna tingbøker og skattelister. Frå midt på 1700-talet vart dokumentasjonen av skogsreindrift stadig klårare i tingbøkene, medan fiske spela ein stadig mindre rolle i konfliktane. Fleire skogssamar begynte med reindrift og flokkane vart større.[11]

Bertil Marklund har følgt tilsvarande endringar innafor lappskattelandet Vuorbejaur i Malå — han òg med hjelp av tingbøker. Han har kunna vise at næringsverksamheita til skogssamane der vart endra i retning mot aukande reinnomadisme i løpet av perioden 1770—1800. Marklund har òg skildra dei ulike stega i endringa:

  • Reinflokken vart større. Det vart bruka meir tid på reindrift og mindre tid på jakt og fiske.
  • Med aukande reinflokkar aukar konkurransen mellom reineigarane, og beiteressursane må utnyttast meir effektivt.
  • Når beitet ikkje strekkjer til lenger, blir det leita etter vinterbeite austover, nedafor lappmarksgrensa.[16]

Skogssamisk liv på 1800-talet

Petrus Læstadius (1802–41).

Overgangen frå fangstkultur til reindrift var fullt ut gjennomført blant skogssamane da Petrus Læstadius begynte verksamheita si som misjonær i Pite lappmark i 1827. I journalen sin gjev han eit detaljert bilde av korleis arbeidsåret til skogssamane såg ut på den tida. Om vinteren heldt dei til ved kysten, men i begynnelsen av mai kom dei opp til sine eigne lappskatteland. Der fikk reinane gå fritt fram til midsommar, og i mellomtida dreiv skogssamane med jakt og fiske. Når myggen begynte å bli plagsam leita de opp reinane sine og heldt sin eigen reinflokk samla. Reinane fikk beite i nærheita av leiren, men to eller tre gonger om dagen dreiv skogssamane reinflokken inn i gjerdet. Der gjorde dei opp røykeldar for å halde myggen borte slik at reinane fikk tyggje drøv i fred og ro. Ein gong om dagen mjølka dei simlone, mest for å yste ost. Så flytta dei mellom ulike leirar slik at reinane alltid skulle ha godt beite. Når den verste myggtida var over, sleppte dei laus reinane att, og skogssamane kunne drive med jakt og fiske att. Omkring mikkjelsmess, tidlig i oktober, begynte brunsttida, og da leita dei i reinane sine att. Når det så etter kvart vart vinterføre, flytta både folk og reinar ned til kystområda att, der de budde i vadmålstelt på same vis som fjellsamane.

Læstadius gjev eit veldig positivt bilde av skogssamane og livet deras: Dei levde eit godt liv i nærheita av dei trivelige kåtene sine — i motsetning til fjellsamane, som laut fryse på snaufjellet. Dei hadde eit variert kosthald med fersk fisk, fugl, mjølk, ost og bær — medan fjellsamane sjeldan åt noko anna enn reinkjøtt. Dessutan heldt skogssamane seg reine, kjemte håret og var nøye med å vaske koppane sine — det òg i motsetning til fjellsamane, om vi skal tru på Læstadius. Han meinte at skogssamane “bland lappar ostridigt äro de bästa.”[8]

Skogssamebyar

I og med den første svenske reinbeiteloven som kom i 1886, vart «lappbyar» (no: samebyar) innført som administrative einheiter for reinnæringa. Blant desse fanst det ti skogssamebyar: Vittangi i Vittangi socken, Gällivare og Jokkmokk i respektive sokn, Ståkke og Arjeplog i Arjeplogs socken, Malmesjaur, Östra Kikkejaur, Västra Kikkejaur og Mausjaur i Arvidsjaurs socken og Malå i Malå socken.

I 1946 vart Jokkmokks skogslappby oppløyst ettersom skogsreindrifta var nedlagt i den sentrale delen av området. I staden oppretta dei to separate lappbyar der — éin i nord og ein i sør — Serri og Udtja. Samtidig vart Malmesjaurs lappby nerlagt, og området vart fordelt på Udtja og Östra Kikkejaur lappbyar. Arjeplogs lappby bytta namn til Maskaur.[7]

Det har ikkje skjedd nokon større endringar etterpå, og idag blir det drive med skogsreindrift i totalt ti skogssamebyar.

Bortkomne skogssamiske kulturar

Samtidig som skogsreindrifta vart utvikla i store deler av indre Norrland, forsvann de skogssamiske kulturane frå ytterområda. I Kemi lappmark kom det ei intensiv innflytting av svedjebrukande finnar i løpet av 1500- og 1600-talet, noko som førte med seg at samane i området vart fullstendig assimilert og gikk heilt over til finsk i staden for samisk.[3]

Ein tilsvarande prosess fann stad i Åsele og Lycksele lappmarker i løpet av 1700-talet. I slutten av 1820-åra skreiv Petrus Læstadius i sin journal om muligheitene for å lære seg samisk for prestane:

I Åsele, Fredrika, Dorotea, Vilhelmina och Lycksele är lapska så obrukligt i vardagstal och även i kyrkan, att ingen ex usu[17] kan lära det.[8]

Talande er elles ei formulering av Johan Vilhelm Zetterstedt frå reisa hans gjennom Umeå lappmarker i 1832:

[...] David Pehrsson, som varit Lapp, och nu bosatt sig här såsom nybyggare.

Den som var nybyggjar vart ikkje lenger rekna som lapp, og i heile Lycksele socken fanst ikkje lenger nokon lappar registrert i manntala.[18] Den reindrifta som har vorte drive i Kemi, Åsele og Lycksele lappmarker etter den tid har vore fjellreindrift.

Stensundslandet: eit unntak

Stensundslandet, her kalla «Arfvid Nilsſons Land», på Råskillnadsdeputationens kart frå 1758. «Rötjern nybygge» er noverande Rödvattnets by. Vassdraget øvst på bildet er Lägstaån, ei sideelv til Flärkån i avrinningsområdet til Gideälven.

Berre eitt lappeskatteland levde vidare i skogslandet sørom Malå utover 1800-talet. Det var det sørligaste av alle kjente land, Stensundslandet i Anundsjö socken i nordre Ångermanland. Nils Persson (1804–1880), kalla Nuenjetteme, var den siste innehavaren. I 1842 fikk Nils Persson klare papir av länsstyrelsen på at han var i besittelse av Stensunds lappskatteland og at han hadde rett til å utnytte landet så lenge han hadde behov for det og betalte skatten sin. Det blir sagt at han let dei tre døtrene sine setre reinane på dei såkalla Trattbergen mellom Lägstaån og Häggsjöbäcken (Gammtratten, Varvliden og Siberget). Nils Persson dreiv skogsreindrift i området med reinane sine fram til han dødde i 1880. Reinane vart etterkvart overtekne av dottera Sara Johanna og mannen hennar, Lars Jonsson, som prøvde å leva som fjellsamar føre dei til slutt gav seg med reindrifta.[19]

Skogssamiske kulturmiljø

Spor

Spor etter barktak i tolle ved Låkkeråvatj i Jokkmokks kommun i Lule lappmark.
Foto: «Skogsfrun»

Ein skogssamisk leir som ikkje er i bruk lenger går ganske fort tilbake til naturen. I dag kan vi særlig finne årer — den steinlagte eldstaden i kåta. Gamle reinvollar kan stundom attkjennast som velgjødsla og grøne flater i skogen eller på ei hogstflate. Einkvan gongen finn vi restar av hagar, kåter og buer. I gamle furuer kan vi finne innhogde feste for å binde reinar, eller innslegne pinnar som oppheng for mjølkekara.[9]

Eit typisk skogssamisk kulturspor er spor av samisk barktak i gamle furutre. Slike spor har vorte funne frå Könkämäälven i nord til Umeälven i sør. Barken vart bruka dels som mat, dels som pakkemateriale for å bevara sener mjuke.[20]

Bevarte miljø

Lappstan i Arvidsjaur.

Skogssamiske leirar er bevart i blant anna Nilasjokks naturreservat i Arvidsjaurs kommun og i Koppsele domenereservat i Malå kommun.

Lappstan i Arvidsjaur er verna som bygningsminne. Der finst det eit trettitals tømmerkåter og eit femtitals stabbur som vart bruka av av samane i området i samband med kyrkjehelgene. Dei firkanta tømmerkåtene er typiske for den skogssamiske bygningskulturen.

Sjå òg

Fotnotar

  1. I alle fall i nyare tid finst det likevel eksempel på pitesamiskspråklige skogssamar.
  2. 2,0 2,1 Bergsland, Knut: Lapps and Norsemen in olden times, Instituttet for sammenlignende kulturforskning XXVI, Bergen 1967 "Lapp dialectal groups and problems of history",, sid. 32–53.
  3. 3,0 3,1 3,2 Tegengren, Helmer: En utdöd lappkultur i Kemi lappmark: studier i Nordfinlands kolonisationshistoria, 1952.
  4. 4,0 4,1 Manker, Ernst: Lapparnas heliga ställen, Stockholm 1957, Acta Lapponica XIII.
  5. Lundmark, Lennart: Uppbörd, utarmning, utveckling: det samiska fångstsamhällets övergång till rennomadism i Lule lappmark., Lund 1982, Arkiv avhandlingsserie 14, sid. 43–44.
  6. Wiklund, K.B.; J.K. Qvigstad: Dokument angående flyttlapparna m.m., Renbeteskommissionen af 1907, Kristiania 1909, sid. 229.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Manker, Ernst: Skogslapparna i Sverige, Stockholm 1968, Acta Lapponica XVIII.
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 Læstadius, Petrus: Journal av Petrus Læstadius för första året av hans tjänstgöring såsom missionär i Lappmarken. Förra delen., 1928.
  9. 9,0 9,1 Aronsson, Kjell-Åke: Norrbottens synliga historia, del 1, Länsstyrelsen i Norrbottens län, Luleå 1992 "Skogssamisk kultur",, sid. 61–62.
  10. 10,0 10,1 Berättelser om samerna i 1600-talets Sverige, Kungl. Skytteanska Samfundets Handlingar nr 27, Umeå [1671] 1983.
  11. 11,0 11,1 Hultblad, Filip: Övergång från nomadism till agrar bosättning i Jokkmokks socken, 1968.
  12. Gustafsson, Gustaf: «Ångermanlands lappmark». Ångermanland. Utg. Ångermanlands Hembygdsförbund. Nr. 14. 1979.
  13. Egerbladh, Ossian: Rusksele: Lycksele sockens äldsta by, Bokförlaget Bothnia, Umeå 1963, sid. 17.
  14. Högström, Pehr: Beskrifning öfwer de til Sweriges krona lydande lapmarker, Två förläggare bokförlag, Umeå [1747] 1980, sid. 85.
  15. Aronsson, Kjell-Åke: Forest reindeer herding A.D. 1–1800, Umeå universitet, 1991, Archaeology and environment 10.
  16. Marklund, Bertil: Skogssamiska studier: möten i kultur och näringar 1650–1800, Umeå 1999, Kulturens frontlinjer, 16.
  17. ex usu = gjenom bruk
  18. Zetterstedt, Johan Wilhelm: Resa genom Umeå lappmarker i Vesterbottens län, Två Förläggare Bokförlag, Umeå [1833] 1980, sid. 205, 277.
  19. Westerdahl, Christer: Sydsamer, Båtdokgruppen AB, 2008, sid. 150–166.
  20. Östlund, Lars, Bergman, Ingela & Zackrisson, Olle: «Bark – nyttigt och gott!». Forskning & Framsteg. Nr. 5. 2007.

Lenkjer


Creative Commons License