Skulehistorie i Hornindal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Skulehistorie i Hornindal skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Hornindal kommune si skulehistorie.

I 1963 skulle ny sentralskule opne på Kirkhorn i Hornindal, og alle dei tidlegare skulekrinsane i Hornindal vart lagde ned. Men grunna endringar i kommunestrukturen i Nordfjord vart sentralskuleplanane i Hornindal forseinka, og sentralskulen på Kirkhorn opna i 1974. Frå 1963 til 1974 gjekk småskulen på Lødemel skule (2) og storskulen på Kirkhorn skule (3).

I 1965 gjekk området vestover frå og med Navelsaker og Holmøyvik, inkludert Heggjabygda, frå Hornindal til Eid kommune.

Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogeleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.

Oversikt over skulekrinsar

1891 1896 1964
Kirkhorn Kirkhorn Kirhorn
Lødemel Lødemel -
Heggjebygda Heggjebygda (Til Eid)
Kjøs Kjøs -
Sydstranden Sydstranden (Til Eid)
Rygg Rygg -
Haugen Haugen -
Navelsaker Navelsaker (Til Eid)
Støversten Støversten -


Krinsskipnad 1959 Skuledeling Elevtal
Haugen krins 2-delt 14
Heggjabygda krins 2-delt 26
Kirkhorn krins 3-delt 50
Kjøs krins 2-delt 14
Lødemel krins 3-delt 43
Navelsaker/Otterdal krins udelt 8
Rygg krins 2-delt 18
Sudstranda krins 2-delt 21

Skulekrinsar

Kirkhorn krins

Gamleskulen på Kirkhorn vart bygd på privat initiativ av klokkar Rasmus Kirkhorn på Kirkhorn i 1832. Dette var eitt av dei første faste skulehusa i Sogn og Fjordane. Hornindal almuebibliotek vart skipa i 1846. Det fekk plass i gamle Kirkhorn skule. Kirkhorn skule (2) vart bygd i 1868. Kirkhorn skule (3) vart bygd i 1939 og var i bruk som skule til 1974. Frå 1963 til 1974 vart Kirkhorn skule brukt som fellesskule for alle storskuleborna i kommunen inntil sentralskulen på Kirkhorn stod ferdig i 1974.

Lødemel krins

Lødemel skule (1) vart bygd i 1878 på Sindre for Sørmarkane krins. Det vart etter kort tid kjøpt av folket i Lødemel krins, rive på dugnad og flytta over Hornindalsvatnet til Lødemel. Dette huset var i bruk til Lødemel skule (2) stod klart i januar 1954. Dette skulehuset vart mellombels nytta som sentralskule for småskulen i kommunen fram til sentralskulen på Kirkhorn stod ferdig i 1974.

Heggjabygda krins

Kjøs krins

Kjøs skule vart bygd i 1878 nede ved vatnet. Kring 1930 vart huset flytta lenger opp i bakken. Huset var bruk som skule fram til 1963.

Sydstranden krins

Rygg krins

Rygg skule vart bygd i 1875, bygd på i 1920 og var i bruk fram til 1963.

Haugen krins

Haugen skule vart bygd i 1881 og var i bruk til krinsen vart lagd ned i 1963. Elevane vart overførde til Lødemel og Kirkhorn.

Navelsaker/Nordstranda krins

Støversten krins

Skuleveg

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Rognes Rasmus 1838 1876 1899 Volda lærerskole Gjekk av med pensjon.
Rygg Ole Iver 1851 1875 Stord seminar
Svor Lars O. 1859 1880 Stord seminar
Lødøen Ole N. 1861 1893 Klæbo seminar
Brændefur Rasmus J. 1873 1892 Stord seminar
Kirkhorn Nanna 1876 1900 Volda lærerskole og Stord
Sølvberg Arne 1899 1900 Vikar, frå Utvik

Skular og elevtal

Arkiv

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Femårsmeldingar:

  • Indberetning om Hornindals Folkeskole for 1891-95. Nordfjordeid. Trykt hos J.O. Olsen
  • Hornindals folkeskole - Beretning om dens virksomhed 1896-1900

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Skulenmin logo.jpeg Skulehistorie i Hornindal er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid!
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no.