Skulehistorie i Leikanger

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Skulehistorie i Leikanger skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Leikanger kommune si skulehistorie. Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogeleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.

Tidleg skulehistorie

Allereie i 1741 blei det halden møte i Leikanger for å få framgang når det gjaldt skulesaken. Til prestegarden på Leikanger kom futen frå Balestrand og prosten frå Vik, soknepresten, kapellanen, lensmannen og nokre lokale såkalla "Dannemænd". Det var krav gjennom kongelig forordning at skulen no måtte organiseras, også i Leikanger prestegjeld. Frå kun å ha organisert katekismeundervisning på sundagar i kyrkja skulle no prestegjeldet bestå av ulike skulekrinsar (roder som det blei kalla i starten), og skuletiden skulle bestemmes. Ikkje minst skulle det også bli avgjeres kva borna skulle lære på skulen, og korleis dei kunne skaffe nok pengar til føremålet.

Fram til 1992 var Fresvik og Feios ein del av Leikanger kommune.

Eitorn er i dag ein del av Leikanger kommune, men høyrde til Balestrand kommune fram til 1965.

Skulekrinsar

Feios, i dag Vik

Fresvik, i dag Vik

Frønningen, i dag Lærdal

Oversikt over skulekrinsar

1891 1892 1900 1907 1916 1941 1963
Hauglum/Holum Hauglum/Holum Hauglum/Holum Hauglum/Holum Hauglum/Holum Hauglum/Holum Hauglum/Holum
Halland Halland Nybø Nybø Nybø Nybø Nybø
Njøs Njøs
Fedje Fedje Fedje Fedje Fedje Fedje Fedje
Helleland Helleland Helleland Helleland Helleland Helleland
Bjørnetun Bøtun Bøtun Bøtun Fresvik Fresvik Fresvik
Fresvikdalen Simlenes
Frønningen Frønningen Frønningen Frønningen Frønningen Frønningen Frønningen
Eitorn (Balestrand kommune) Eitorn (Balestrand kommune) Eitorn (Balestrand kommune) Eitorn (Balestrand kommune) Eitorn (Balestrand kommune) Eitorn (Balestrand kommune)

Skuleveg

Lærarar

Etternamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Edvard Liljedahl 1803 Leikanger faste skule (Holum) 1829 etter 1840 Liljedal kom frå Vik og var klokkar i Leikanger-kyrkja og lærar på Holum faste skule halden på klokkargarden.
Knud Chr. Hamre 1828 Rinde omgangsskule (Fedje, Dale og Berdal) ca. 1852 ca. 1858 Han kom frå Leikanger, var husmann med jord og kyrkjesongar på Fedje.
Lars J. Haaheim Etter 1873 Frønningen (Fresvik, 1867) ca. 1866 Han underviste i Frønningen 1866-1873, sett bort frå 1869 då Syse tok over.
Hans Flesche 1844 Halland 1868 Stord seminar Han var og kyrkjesongar.
Peder O. Syse Frønningen 1869
Johan Thorkeldsen 1843 Bjørnetun, Fresvik og Frønningen 1865 1906 Balestrands lærerskole
Olav Sande 1850 Holum og Nybø 1872 1927 Stord seminar
Jakob Bøthun 1851 Frønningen, Fresvikdalen (omgangsskule) og Fresvik 1873 1923 Balestrands lærerskole
Nils Tjønn 1860 Fedje i Feios (gamleskulen) 1882- Stord seminar
Aamund Skeide 1857 Holum 1879 Stord seminar
Kristiane Fimland 1869 1892 1899 Rennebu private lærerindeskole På opsigelse
Jacob Lothe 1881 1901 1902 Volda
Maria Njøs 1877 1900 Rennebu private lærerindeskole Overtok lærarposten for året 1900 då frøken Fimland flytta til Naustdal i 1899.
Olav Tveit 1885 Nybø ca. 1907 Etter 1917
Endre Lidal 1892 Holum 1917
Per H. Bøthun 1898 Leikanger framhaldskule og Fresvik 1918-1962 1906 Volda lærerskole

Skular og elevtal

I 1941 vart det innrapportert opplysningar om skulane i Leikanger til skuledirektøren i Bjørgvin. Her finn ein mellom anna tal på elevar på dei seks ulike skulane.

Arkiv

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Femårsmeldingar frå Leikanger:

  • Beretning om Leikangers folkeskoler for 5-året 1891-1895. J.D. Beyers bog- &accidentstrykkeri 1896
  • Melding um Folkeskulen i Leikanger, Sogn. 1896-1900. John Griegs Bogtrykkeri 1902
  • Aas, Sverre (1994) . Innsyn i den eldste skulesoga i Leikanger. Systrendingen, nr. 2, årgang 2, s. 5.
  • Njøs, Odd (2002) . Litt om gamle skulehus på Systrond. Systrendingen, nr. 1, årgang 11, s. 5.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Skulenmin logo.jpeg Skulehistorie i Leikanger er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid!
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no.