Slalåm

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Slalåm vart utvikla i Telemark i 1860-åra. I Kastedalsskotet i Morgedal køyrde Sondre Norheim slalåm – ikkje mellom portar, men mellom tre og stein.

Slalåm er ei alpin skigrein, der ein køyrer ned ei bratt bakke og svingar mellom portar. Opphavet finn vi i Telemark i 1860-åra, då skiløparar køyrde ned bratte bakker mellom tre og stein. I 1920-åra vart slalåm utvikla til sin moderne form.

I Morgedal skilde ein opphavleg mellom slalåm, ufsilåm og uvyrdslåm. Slalåm var namnet på den tryggaste formen, der ein køyrde i ei ikkje altfor bratt helling. Ufsilåm køyrde ein i brattare bakker, der det var eitt hinder som ein måtte takle. Uvyrdslåm var den store manndomsprøva; då køyrde ein i særs bratte bakker med fleire hinder – noko vi i dag ville kalle ekstremkøyring.

Som moderne grein reknast slalåm som ein av dei mest teknisk krevjande av dei alpine disiplinane. Portane står tett, så ein må ta snøgge og korte svingar. Slalåm vart ein OL-grein i 1948. Som på 1800-talet har ein også andre greiner som liknar, som storslalåm, Super-G og utfor.

Namnet er ein samansetting av sla, som tyder 'helling' og låm, 'spor'. Namnet vart teke inn i andre språk, gjerne med forma slalom. Denne forma har så snike seg attende til Noreg, men einaste rette skrivemåte – på nynorsk, bokmål og riksmål – er slalåm.

I mellom anna bilsport, snøbrettkøyring, elvepadling og andre idrettar har ein også slalåm som disiplin.

Litteratur