Slettegjerde stadion

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Slettegjerde stadion er ein idrettsplass i Straumgjerde. Det var medlemer i idrettslaget Ringen i Straumgjerde som tidleg i 1930-åra tok initiativet til bygginga av bana. Dei fire hovudbruka på Straumsheim avstod alle grunn til anlegget som vart rydda dels på dugnad og dels med bruk av betalt arbeidskraft. For å finansiere anlegget vart det teke opp eit lån på 1000 kroner. I tillegg vart folk utfordra til å teikne livsvarig medlemsskap i idrettslaget gjennom ein kontingent på 15 kroner. 15 kroner var den gongen fire dagsverk med ti timar kvar dag.

Frå starten var dette ei grusbane og grusen fann dei like ved. I området er det fleire sidemorener. Dei arbeidde i fleire år før bana vart ferdig. I 1937 kunne ho innviast.

Tidleg i 1960-åra fekk bana grasdekke, som ei av dei første på desse kantar.

Dei første åra nytta dei folkebadet ved ungdomshuset Vårvon som garderobe. Spelemøte før kampane hadde heimelaget gjerne i ungdomshuset, som ligg eit par hundre meter nedanfor bana.

I 2005 vart eit nytt garderobeanlegg med møterom teke i bruk. Tidlegare hadde Slettegjerde berre hatt eit enkelt kiosk- og lagerbygg. Det nye garderobehuset fekk namnet Oddbu til ære for den store pådrivaren bak prosjektet, tidlegare leiar i fotballlaget VRF, Odd Jostein Drotninghaug.

Anlegget ligg vakkert til omkransa av fjell på alle kantar, og eit idrettsblad kalla for nokre år sidan anlegget for Norges vakraste.

Slettegjerde stadion er i dag avlastingsbane for VRF som har hovudanlegget i Velledalen, på Dalemyra.

Like ved Slettegjerde ligg eit nettverk av turstiar, som er lagt slik til rette at dei kan nyttast av folk i alle aldrar og med ulike funksjonsnivå.

Kjelde:

  • Per Svein Tandstad: Tomas i 100. Sykkylven 2012.