Slystøyl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gnr. 76/1 Slystøyl er ein gard som ligg øvst i Fjellgardane i Fyresdal. På denne garden var det i tidsromet 1541-1549 eit koparbergverk som heitte Moisesberg, og etter segna hadde dette samfunnet i denne korte perioden ei eiga kyrkje.

Kyrkje på Slystøyl?

Norske Gaardnavne af. O. Rygh 1914 s. 400: Efter Kraft III S. 189 skal der have været Kirke paa Slystøl (GN.76) i Veum Sogn. Hvis dette er rigtig, maa det have været et Kapel for Bergfolkene paa det her i Egnen drevne Kobberværk, det senere Aamdals Værk. Kirken er i ethvert Fald neppe ældre end Reformationen

Kommentar: Bjørn Ivar Berg: Moisesberg i Fyresdal 1541-1549, utgjeve av Norsk Bergverksmuseum i 2006, er ei undersøking av eit koparbergverk i Telemark. Her er mykje interessant stoff. Moisesberg koparbergverk hadde 3 gruver: Moberg, Grusen og Mosnap. Det er eit større fjellparti mellom Moisesberg og Åmdals verk, og dette siste er yngre. På dei mindre enn 10 åra dette var i drift meiner ein at det var lite utbygd med husvære, det var heller få og enkle hus utan grunnmur, folk flest budde på gardane. Dei tuftene ein har funne utanom sjølve bergverksdrifta meiner ein har meir med den tids vanleg landbruksdrift å gjere.

Topografisk - Statistisk Beskrivelse over Kongeriget Norge af Jens Kraft: Tredie Deel Christiania 1826. S. 189: ”Aslestad og Sligstøl. Disse Gaarde, som med et felleds Navn kaldes Fjeldgaardene, da de ligge langt til Fields omtrent 1 ½ Miil fra Sognets Kirke, ere mærkværdige af de herværende Kobbergruber, og ved Sligstøl ere endnu kiendelige Spor af Bygningar og Indretninger hvilke den forhen ommældte Bjergværksdrift har foranlediget. Paa Sligstøl skal ogsaa efter Sagnet have været en Kirke, og her findes tillige Bautastene.”

Kommentar: Kraft skriv altså ikkje at ”skal der have været Kirke”, men ”skal ogsaa efter Sagnet have været Kirke”. ”Spor av Bygningar og Indretninger” er det, men desse er i samband med smeltehytta nedanfor Aslestad – gardane. Det har så langt ikkje lukkast å påvise buplassar for bergmennene. (Ville skriv i 1786 at ein på den tida enno kunne sjå levningar av bergstadens gater. Christen Prahm skreiv etter ei vitjing 1804-05 om synlege restar etter buplassar. Det skulle ha vore ein bergstad like stor og viktig som Kongsberg, og lokalkjende folk kunne peike ut synlege tomter etter kyrkje og kyrkjegard! Ludvig Daae nedteikna tradisjon om synlege tufter etter kyrkje, kyrkjegard og bustadhus. Dette ifylgje Bjørn Ivar Berg s. 190.) Kraft råkar nok spikaren på hovudet når han skriv ”efter Sagnet”!

At der har vore bautasteinar kjenner ingen lokalkjende personar til i 2010.

Bendik Taraldlien: Fyresdal 1910 s. 53 skildrar koparbergverket og han siterar L. Daae som fortel om rikeleg med tufter etter kyrkje, kyrkjegard og bustadar, og assessor Henchel som skildrar restar av smeltehytteanlegget. Han fortel og segna om 7 bergmenn som vart innesperra i gruvegang, folk trilla erter til dei, men dei bad etter kvart om at det ikkje skulle gjerast. Dette er vel ei vandresegn. Han skriv at folk kallar dei tre gamle gruvene for Syngjansgruva, Maaberggruva og Grusengruva, men Syngjan er ein i dag ikkje sikker på kvar er. Det var altså slutt etter snaue 10 år og folk meinte at tussane drog til seg sylvårene for å hemne den stygge framferda til bergverksfolket.

Konklusjon: Etter mi meining er her sers mykje segn av det ein har fått overlevera. Gruvene og smeltehytteanlegget har ein mykje att av, men ikkje av anna slag tufter. Tyske bergfolk var sterkt religiøse og at det vart bygd eit slag enkelt kapell for dei er ikkje utruleg, men det er førebels ikkje funne noko som tyder på at det vart bygd ein bergstad i løpet av dei snautt 10 åra drifta varde, nemleg 1541 - 1549.

Kjelder og litteratur

  • Berg, Bjørn Ivar: Moisesberg i Fyresdal 1541-1549. Utgjeve av Novus forlag og Norsk Bergverksmuseum i 2006. Ei undersøking av eit koparbergverk i Telemark.
  • Kraft, Jens: Topografisk - Statistisk Beskrivelse over Kongeriget Norge.

Tredie Deel: Anden omarbeidede Udgave Christianssand 1838

Tredje Deels første Hefte. Anden omarbeidede Udgave Christiania 1837

  • Oluf Rygh: Norske gaardnavne, syvende bind. Bratsberg Amt. Bearbeidet af A. Kjær. W. C. Fabritius & Sønner A/S Kristiania 1914
  • Bendik Taraldlien: Fyresdal. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.
  • Utrykte optegnelser om Thelemarken af H. J. Wille. Udgivne i Uddrag af DR. LUDVIG DAAE. A. W. Brøgger. Kristiania 1881. (Reisa byrja 1786.)

Eksterne lenker