Smettvev

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Smettvev.

Smettvevteknikken er ein gamal vevteknikk som held på å verte borte ettersom det er så få som praktiserar han no. Fjærland i Sogn var kanskje den plassen som i ei periode vov mest smettvev. Anne Britt Lotsberg (opprinneleg frå Fjærland) er ein av dei få som held tradisjonen oppe.

Historie

Bortsett frå omreisande vevarar (Flamsvevinga) og i laugssystemet har veving stort sett vore kvinnene sitt arbeid. Det var særleg naudsynt attende i det sjølvforsynte bondesamfunnet å skaffe seg det meste sjølv. Og det var kvinnene som var ansvarlege for tekstilane.

Etter kvart som ein kunne få det ein trong utanfrå, vart bruken av til dømes dei vovne gjenstandane endra. Slik var det med åkle som hadde vore nyttige som sengjeteppe og som «isolasjon» på veggen – no vart dei nytta meir til «pynt». Det synte seg at i Sogn greidde dei ein periode å få i stand ei ganske stor næring innan åkleveving. Det var i Fjærland (og til dels Jølster og Balestrand) dette fann stad. Her vov dei for sal; til byane, andre plassar i landet, turistar og til og med som eksport. Frå Den Norske Husflidsforening kan ein i ei melding frå 1895 lese «et stort antallTæpper, Aaklæder og Pudetræk er i Aaretslæb levert, navnlig frå Sønfjord og Sogn, hvor denne Virksomhed har al Udsikt til at blive en lønnende Erhvervskilde».

Mange meiner det var Brita Dahle og Klaudine Skarestad, som begge hadde tilknytning til Fjærland, som tok att vevinga, nemleg smettvevteknikken i Fjærland. Dei la grunnlaget for den storproduksjonen som vart i førre århundre. Her må også nemnast Kjerstina Vangsnes. Ho var ei dyktig veverske som mellom anna vov i biletteknikk. Det er ikkje heilt semje om ho vov i biletteknikk eller i smettvevteknikk. Men i alle høve hadde ho mykje å seie for at ruteåkleveving fekk ein renessanse. Dei ovannemde hadde vore i kontakt med Kjerstina Vangsnes, m.a. på kurs.

Mundal hotell i Fjærland hadde mykje å seie for åkleproduksjonen her. Dei jentene som jobba på hotellet vart tilsette for heilårsdrift. I sommarsesongen arbeide dei på hotellet. Om vinteren vov dei åkle som skulle seljast til turistane eller «eksporterast» andre stader. Det var mange arbeidsplassar i denne næringa. Ein har inntrykk av at alle kvinner i Fjærland vov smettvev. Ja, til og med ein mann. Alfred Skeie heiv seg på vevbølja. Han vov sjølv og skaffa materiale til andre som ville veve for han. Han var ein av dei som eksporterte til USA.

Kva er så smettvevteknikken?

Oppstadvev. Reiselivsmuseet i Balestrand. Foto: Siri Iversen, 2017.

Me har spurd Anne Britt Lotsberg frå Lote på Eid. Ho er opprinneleg frå Fjærland (åklehovudstaden som ho kallar det) og har samla over 400 gamle mønster, mesteparten herifrå. Sjølv seier ho«at ho har vakse opp mellom trøene på oppstadveven» og har alltid hatt interesse for veving. På spørsmålet om teknikken svarar Anne Britt:

Dette er ein slyngteknikk som er mest brukt i åkleveving også kalla ruteåkle på grunn av det geometriske mønsteret som blir brukt. Dette er einteknikk som går seint sidan ein må bruke dokker til innslag og plukke/smette dei gjennom renninga. Trådane slyngast om kvarandre slik at det ikkje skal bli hol i veven. Bindinga til ruteåkle er lerret. Mønsteret er teikna på rutepapir, der kvar rute har eit vist antall renningstrådar. Rutene skal bli kvadratiske, så ein må ha innslag etter antall trådar renning i kvar rute. Norsk rutevev skal vera lik på begge sider og er derfor vanskelegare å veva enn skånsk rutevev som slynger trådane om kvarandre på kvart innslag.

Vidare seier Anne Britt at «å veve smett er ein gamal teknikk. I Fjærland har denne måten å veve tepper, løparar og puter på, gått i ubroten tradisjon i fleire hundre år. Eg har gått i lære hjå veversker som har drive i meir enn 80 år. Alt som er i ruter, er mogleg å veve i smett».

Ein kan ikkje ta for seg smettvev utan å seie noko om oppstadveven. Smettveven vert vove på oppstadvev. At ein har funne vevlodd i gamle kvinnegraver tyder at dette er ein gamal vevtype. Den gamle varianten sto støtta opp etter veggen og hadde «lodd» nedst i renningstrådane. Oppstadveven er framleis ein vev som står opp. På Vestlandet har denne vevstolen vore i bruk lenge, og han er framleis i bruk.

Før nemde Anne Britt LotsbergLotsberg Vevatelier er ei av dei få som har smettvev som næring i dag. Ho starta for alvor i 2000. I løpet av desse åra har ho fått 5 førsteplassar på utstilling på Dyrskun i Seljord, i tillegg har ho fleire andreplassar. Det er ein teknikk som tek lang tid og ein må ha tolmod, seier ho. Ho tek i mot bestillingar, og ho stiller gjerne hjelp og kunnskap til disposisjon om nokon vil prøve å læra seg smettveving.

Dette er i alle høve ein gamal og flott vevteknikk som ikkje må forsvinna eller berre verta noko ein finn på museum.

Les meir

  • Det kan lesast meir om åkle i «Åkle i Sogn og Fjordane» (Eva Ramstad, Sogn og Fjordane Husflidslag), eller i «Vevkunst på oppstadvev» (Årbok for Sogn 1997, artikkel av Aud Ross Solberg)
  • Eide, Petter: "Fyrst på bruresenga, so til kristnaåkle" : åkleveving i Nordfjord. I: Årbok for Nordfjord 2009. Utg. Nordfjord sogelag. 2009. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Eide, Petter og Ståle Fitje: Kvinner som har hatt veving som attåtinntekt i Hyen, Gloppen og Breim. I: Årbok for Nordfjord 2009. Utg. Nordfjord sogelag. 2009. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Hoffmann, Marta: Vevstoler på Vestlandet. I: Norveg. Utg. Universitetsforl. 1958. S. 7-196. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Ramstad, Eva: Åkle i Sogn og Fjordane : frå seng til vegg. Utg. Skald. 2005. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Solberg, Aud Ross: Vevkunst på oppstadvev : Veversker og vevnader frå Sogn gjennom 500 år. I: Årbok for Sogn. Utg. Musea i Sogn og Fjordane, De Heibergske samlinger - Sogn folkemuseum. Kaupanger. 1997. S. 48-67. Digital versjonNettbiblioteket.

Litteratur