Solhaug (Bykle gnr 3/21)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Solhaug
Berdalen 47.jpg
Solhaug 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: Bjones
Rydda: 1897
Utskilt: 1954
Stad: Berdalen
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 3
Bnr: 21
Type: Gardsbruk
Gateadresse: Berdalsvegen 15

Solhaug, også kalla Bjones, ligg i breidd med Der nede i Berdalen i Bykle kommune, og vart utskilt derifrå.

Namnet Bjones kjem av at den fyrste som budde her var frå Bjones, gnr 16, bnr 8, og tok med seg heimenamnet sitt til den nye verestaden. Han og kona hans kom hit i 1897. Mannen heitte Olav, og var son åt Tarjei Tarjeisson Bjones, og kona, Margit Olavsdotter frå Skolås.

  • Olav Tarjeisson Bjones, f 1834, d 1916
g 1. 1860 m e Tone Asbjørnsdtr. Stavenes, f 1811, d 1890, ikkje born.
g 2. 1896 m Gyro Salmundsdtr. Breive, f 1855, d 1927. Born:
  • Knut, f 1898, g m Borghild Nilsen, Øyestad, sjå nedanfor
  • Salmund, f 1899, g 1. 1934 m Anne Kristine Breive, g 2. 1979 m e Turid Hallvardsdtr. Breive, f Berg 1906, sjå Hagen, bnr 5, jfr. Åsland, bnr 16

Olav hadde i 1858, saman med broren Tarjei, kaupt attende Bjones, som ei tid hadde vore i eiga åt Hallvard Ånundsson Tveiten i Mosdøl. Då han gifte seg med enka Tone Asbjørnsdotter Stavenes i 1860, kunne han difor skrivast opp som «ungkar, selveier».

Tone Asbjørnsdotter var frå Berdalen Der nede, dotter åt Asbjørn Knutsson Stavenes på det bruket, men då ho gifte seg med Olav, var ho enke etter Olav Såvesson Stavenes på Teigen, som døydde i 1857.

I 1862 heldt Olav friviljug auksjon over det meste han åtte av kretur og annan lausøyre. Me kjenner ikkje bakgrunnen for dette, men kan berre konstatere at han fekk inn godt og vel 40 speciar.

Dei fyrste åra Olav og Tone var gifte budde dei som busetar på Teigen hjå Torleiv, bror hennes, som på denne tid hadde overteke det bruket. Der finn me dei difor oppskrivne i folketeljinga frå 1865, der Olav figurerer som «inderst, selveier». Nett kva tid dei flutte frå Stavenes er uvisst, men i 1875 finn me dei iallfall i Bjones, der Tarjei var «gaardbruger, selveier og fergemand». Men i 1881 gjekk Bjones på tvangsauksjon, slik at dei måtte ifrå. Dei flutte då attende til Berdalen, og vart busetar i Der nede, der Tone hadde skyldfolk. Ho døydde i 1890, og vart gravlagd under nemninga «inderstkone».

Litt seinare flutte Sigbjørn Olavsson Holen og Margit, kona hans, som åtte Der nede, til Mo eit bil. Det ser ut til at Olav i denne perioden styrde med bruket deira. Me veit ikkje visst kor lenge dette var, men iallfall vart han oppskriven som «brugsmand» på bnr 1 i Berdalen då han gifte seg andre venda i 1896.

Den nye kona heitte Gyro S. Breive. Ho var dotter åt Salmund Knutsson Breive og fyrste kona, Ragnhild Augundsdotter, fødd Våmartveit. I motsetnad til Tone, som hadde vore 25 år eldre enn Olav, var Gyro 21 år yngre. Ho var så flink til å saume hudskor («finnsko»), Gyro, at dette jamvel vart notert i folketeljinga frå 1900.

Men kort etter at Tarjei og Gyro hadde gift seg, flutte Sigbjørn og Margit heimatt frå Mo, og trong bruket sitt sjølve. Det vart då til at Tarjei fekk overtaka eit stykke av Der nede til plass eller småbruk for seg. Me seier «plass eller småbruk» avdi nokre kjelder peikar i retning av at han har fått kaupe bruket sitt, medan andre vil plassere han som husmann. Panteregisteret kan ikkje avgjera dette spursmålet, ettersom ingenting vart tinglyst. Då eldstesonen, Knut, vart døypt i 1898, skreiv presten i kyrkjeboka at faren var «selveier», og dette tyder på at han då må ha ått bruket. Men i 1900-folketeljinga er Olav oppskriven som «plassemand», og i 1910-teljinga står det at han var «husmand».

Då Knut Olavsson vart konfirmert i 1913 vart han likevel oppskriven som gardmannsson, men då Olav døydde i 1916, vart han notert som husmann i kyrkjeboka. Dette tykkjest då heller uklårt, men det er vel mogeleg at Olav kaupte bruket sitt i 1897, men sidan såg seg nøydd til å selje det attende til eigarane av morbruket, og då gjekk inn på ei husmannskontrakt.

Ei anna mogeleg tolking kunne vera at Bjerke og Foss, som var dei nye eigarane av Der nede frå 1898, kan ha nekta å godkjenne eigedomsretten til ein småbrukar utan tinglyst heimel. Dette kan då ha ført til at Olav vart oppfatta som husmann, jamvel om han sjølv meinte at han var sjølveigar, og også i røynda var det.

Men i alle høve vart Gyro og sønene buande her etter at Olav var borte, og etter at også Gyro døydde i 1927 vart sønene verande, ser me. Men då hadde det forlengst vore nytt eigarskifte i Der nede, og det spørst om ikkje Knut og Salmund har oppnådd ei slags uformell godkjenning frå A/S Sætersdalen av at dei hadde rett til vera her.

Det neste me registrerer er at Knut vart buande etter at Salmund i 1938 eksproprierte Hagen, bnr 5, og etter kvart flutte dit.

I 1942 sette Knut opp ny uthusbygning, i 1945 gifte han seg, og året etter bygde han ny stoge.

Knut O. Breidalen på passbilete frå 1940. Foto: Jon O. Løyland, Hit frå Setesdalsmuseet.
  • Knut Olavsson Berdalen, f 1898, d 1974
g 1946 m e Borghild Marie P. Nilsen, f 1907, d 1973. Born:
  • Olav, f 1946, g hv m Brita Rygnestad, sidan sb m Janne Fiskå, sjå Myri 2-8, gnr 14, bnr 68
  • Magne, f 1949

Borghild kom frå Rykene i Øyestad, og faren heitte Peder Auversen. Peder att var son åt Auver Olavsson frå Lisletjønnhaugen under Holen, som budde i Øyestad, og var dermed syskenbarn med Ingebjørg O. Holen. Borghild var då tremenning med Mikkel O. Holen, og rekna difor skyldskap åt Holen Der uppe. Då ho gifte seg med Knut, var ho enke etter Nils Ingvald Nilsen. I det fyrste ekteskapet hadde ho to born. Den eldre av desse heitte Ivar, var fødd i 1935 og døydde i 1980. Han var skogsarbeidar og ugift, og budde på slutten i Fyresdal. Den yngre heiter Ingeborg, og er fødd i 1936. Ho er husmor, gift med Johannes Andersen, og busett i Rykene.

I 1954 fekk Knut til ei friviljug avtale med A/S Sætersdalen om at han skulle få kaupe bruket sitt. Det vart då utskilt frå bnr 1 med matrikkelnamnet Solhaug, bnr 21, og ei landskyld på 5 øre.

Hovudyrket til Knut var anleggs- og vegarbeid. Bruket her var attåtnæring, men dei hadde som regel ei kyr og ein gris eller to, i seinare tid 10-15 sauer. Det vart slutt med kreturhaldet her hausten 1974.

Etter at Knut hadde vorte enkemann i 1973, skøytte han bruket over på den yngste sonen. I januar året etter døydde Knut i ei bilulukke i Arendal.

Så kjem turen til neste oppsitjar:

  • Magne Berdalen, f 1949, ug

Magne har drive med ymist arbeid, noko på anlegg og noko for Bykle kommune. Han bur i huset frå 1946.

Innmarka på bruket vert oppgjeve til 16 mål, medan totalarealet vert rekna til i å liggje i overkant av 1000.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Solhaug (Bykle gnr 3/21) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Nordheim • Neste bolk: Maurstad

Koordinater: 59.44747° N 7.42936° Ø