Solvang Møbler

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Solvang Møbler var ein møbelprodusent i Sykkylven. Bedrifta vart skipa av Einar Solvang i 1973. Solvang hadde frå 1954 arbeidd ved Nygaard Trevarefabrikk på Brøvoll i Velledalen. Bedrifta gjekk konkurs i 1973, og Solvang fekk ta over aktiva til firmaet av bustyret same året.

Solvang heldt fram med same produksjon som Nygaard Trevarefabrikk. Han hadde delleveransar av entremøblar til Elegante Møbler A/S i Ålesund. Etter ei tid fekk han avtale med Hjellegjerdes Lenestolfabrikk om produksjon av treverket på stolen Luna.

Solvang Møbler A/S flytta frå Velledalen til Vik i 1981. Verksemda tok då over bygg og maskiner etter Brødrene Blindheim for 1,8 millionar kroner. I Velledalen var det uråd å få tomt til utviding. Einar Solvang fekk oppleve at jordbruksinteressene hadde høgre prioritet enn industriinteressene i den delen av bygda.

Etter at verksemda flytta, tok dei opp produksjonen som Brødrene Blindheim hadde hatt, ymse typar salongbord. Det synte seg at platemøbelproduksjonen ikkje gav god nok inntening. Difor leverte Solvang Møbler i 1980-åra ein del butikkinnreiingar gjennom Norco på Stranda og hotellinnreiingar gjennom Sicon. Elles laga bedrifta stolar som vart selde på kontraktmarknaden gjennom firmaet Vellda i Velledalen.

Fram til 1990 utvikla Solvang Møbler datamøblar retta inn mot private og mindre næringsdrivande.

Hausten 1990 selde Einar Solvang verksemda til Hjellegjerde Møbler A/S.

Kjelde: