Spælsau

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lam av spælsau

Spælsau, kjent som Old Norwegian Short Tail Landraceengelsk, er ein noko modifisert, norsk sauerase som ofte har vorte sett på som den opprinnelege sauerasen i Noreg — sjølv om den moderne spælsauen eigentleg er meir oppblanda enn dei gamle sauerasane gammalnorsk sau og gammalnorsk spælsau. Sauen er godt tilpassa klimaet i Noreg og kan sporast tilbake til jarnalderen. Spælsauene er i dag utbreidde over heile landet og heile 22 % av dyra tilslutta sauekontrollen er spælsau. Islandske sauer er svært nært i slekt med spælsauen.

Spælsauen er liten og spedbygd, men han er hardfør og fruktbar. Søyene mjølkar godt og tek godt vare på lamma. Ulla består av fin botnull og lengre, grov dekkull.

Historie

Spælsauen er ein sauerase som er framolen med grunnlag i det gamle norske saueslaget. Dei opprinnelege nordeuropeiske sauene var småvorne, med kort hale, farga tolags ull med grov ytterull og horn — mykjegodt likt norsk utegangarsau («villsau») og dei færøyske og islandske sauene. Desse sauene var tilpassa forholda som stort sett hadde vore uendra over fleire tusen år. På 1700-talet kom den industrielle revolusjonen og endra samfunnet — først i Storbritannia, og seinare over heile verda. Spinnemaskinene var de første industrielle maskinene, og da dei vart tekne i bruk vart det skapt eit stort behov for ull. Ulla til den gamle korthalesauen var relativt dårleg eigna til maskinell ullgarnproduksjon, og utover 1800-talet dreiv engelskmennene systematisk framaling av sauerasar med mjukare og meir lettspunnen ull. Desse nye rasane erstatta delvis dei gamle rasane, og dei blanda dei òg inn i dei gamle sauerasane for å gjera ulla deira betre etter standarden i samtida. Resultatet var at den reinrasa gammalsauen var i ferd med å forsvinne. Norske saueslag som dalasau, steigarsau og fuglestadsau er eksempel på blandingssau som har vorte fiksert og framolne som eigne rasar i sterke sauemiljø.

Etter 1900 var det lite att av den gamle norske sauen. Berre i isolerte fjellbygder, på nokre av øyane i Sunnhordland og i Finnmark fanst det reine flokkar. For å berge restane kjøpte staten i 1912 inn sauer frå flokkar i Hylestad og Valle i Setesdalen og frå øya Hyfteren i Sunnhordland. Sauene frå Hyfteren var utegangarsau som ikkje var fôra inne på minst 200 år, mens setesdalssauen vart halden inne om vinteren. Sauene vart fordelte på to avlsstasjonar — éin ved kysten på Hidle i Ryfylke og éin på Løyland i Valle. Desse stasjonane fekk 30 dyr kvar. Det er usikkert kor ulik kyst- og innlandsspælen var, men setesdalssauene var jamt over kvite, mens kystspelen hadde fargar som vi forbind med det vi kallar utegangarsau eller villsau i dag. Ein annan forskjell var at alle bekrane og dei fleste søyene frå Hyfteren hadde store horn mens setesdalssauen for det meste var kolla.

På avlsstasjonane gjorde planmessig al og betre fôring at vektene auka mykje. Dei norske sauene var i utgangspunktet små med søyevekter mellom 20 og 30 kg. Dette var ikkje i tråd med idealet i samtida, så ein valte å krysse inn færøysauer i 1920, og seinare islandske bekrar for å auke storleiken. Sporadisk kryssing med finnsau, leicestersau, svartfjessau og gotlandssau skjedde òg, men desse har hatt liten innflytnad.

Eigenskapar

Idealvekta for søyer etter vår tids standard for spælsauen er kring 65–70 kg.

Spælsauen er opprinneleg kompakt og lettbygd og treng lite kraftfôr. Kjøtet har relativt lite feitt. Spælsauen mjølkar godt, går godt i flokk og greier seg for det mest bra ute. Spælsauer er likevel meir utsette for sjukdommen alveld enn andre saueraser. Sauene pådreg seg denne sjukdommen ved å eta myrplanten rome.

Toslått spælsaugarn farga med plantar.
Foto: Frode Inge Helland

Utnytting

Spælsauen gjev mjølk og kjøt av god kvalitet. Ulla på spælsauen er ulik dei nyare sauerasane. Ho har to tydelege lag: Eit langhåra, glansfylt og bølgjande lag med dekkull som vernar mot vind og vêr, og eit underliggjande lag (botnfell) som held sauen varm.

Dei lange dekkhåra blir blant anna bruka til vevtråd som er hardt spunnen med to trådar i staden for tre, noko som gjev en fin glans i tråden. Dette garnet vart bruka i dei gamle bildeteppa frå norsk renessanse og barokk. Segla åt vikingane var av garn frå forgjengarane åt spælsauen. Ulla vart mykje bruka til klede i gammal tid ettersom ho er lett og tek til seg lite fuktigheit.

Kjelder

  • Kielland, Thor. B.: Norsk Billedvev (Fortidskunst i norske bygder)
  • Lindholt Data
  • Bondevennen nr 27/28 - 12. juli 2002

Lenkjer


Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Spælsau» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.